Berre ein person vil bu her - kommunen taper 100.000 i månaden

6 hours ago 4


Eit flunkande nytt treningsrom, stor fellesstove, felles terrasse, TV-stove og bar.

Det er berre noko av det ein finn i dei nyrenoverte og tilrettelagde eldrebustadane på Farstad i Hustadvika kommune.

Men det er berre eitt problem, nesten ingen vil bu der.

Det kostar nemleg opp mot 18.600 kroner i månaden å leige ein av desse eldrebustadane i bygda - som har éin daglegvarebutikk.

Det hjelper ikkje at det er flott utstyrt og tilrettelagt, om du ikkje har råd til å bu der. Eg hadde aldri hatt råd til å leige ei sånn leilegheit.

Det seier Anne Lise Hessen Følsvik, som er leiar i pensjonistforbundet i fylket.

Anne Lise Hessen Følsvik sitter i en stol

Anne Lise Hessen Følsvik, leiar for pensjonistforbundet Møre og Romsdal, er glade for at kommunen prioriterer eldre - men meiner bustadene er for dyre.

Foto: Remi Sagen / NRK

Det var Rbnett som først omtalte saka.

Taper 100.000 kroner i månaden

I 2020 blei sjukeheimen på Farstad nedlagd, og politikarane bestemte seg derfor for å gjere om det til nettopp tilrettelagde leilegheiter for eldre.

Men det har så langt ikkje vore ein suksess. Berre éin av ni bustader er leigde ut.

Kommunalsjef Lage Lyche trur det er to årsaker til det.

Det er nok først og fremst prisen, og så er det plasseringa. Det er ikkje det mest sentrale strøket.

en person som står i en ny leilighet

Kommunalsjef for samfunnsutvikling og berekraft, Lage Lyche, seier administrasjonen frårådde politikarane om å bygge nye eldrebustader på Farstad.

Foto: Roar Strøm / NRK

No taper kommunen rundt 100.000 kroner i månaden på desse leilegheitene.

Vi bør få leigd dei ut så snart som mogleg. Det treng vi av økonomiske omsyn, seier Lyche.

Han seier at administrasjonen i kommunen frårådde politikarane til å bygge nye eldrebustader på Farstad, og han forstår at dei no slit med å leige ut.

– Vi trur at den typen bustader bør plasserast meir sentralt i kommunen. Det har vi i kommunen heile tida, via administrasjonen, sagt.

Eldreboliger med balkonger og med en stor hage

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

Ueinig i at det er eit tap

Det var det førre kommunestyret i Hustadvika som vedtok at dette prosjektet skulle settast i gang.

Noverande ordførar, Nils Christian Harnes (KrF), er ikkje einig i at kommunen taper pengar på dette.

– Det er ein gevinst for kommunen å få leilegheiter på Farstad. Det er ein kjempegevinst for samfunnet, og ikkje minst for dei bebuarane som skal bu der no. At dei får lov til å bu i flotte, nye leilegheiter. Så premisset om at det er eit tap, det er eg ikkje einig i.

Men det er få som nyttar seg av det og vil leige?

– Ja, foreløpig er det få som ønsker å leige der. Men eg er sikker på at om vi får justert prisen litt ned, som eg ønsker, får vi leid ut alle leilegheitene på Farstad.

Nils Christian Harnes, ordfører i Hustadvika kommune, sitter ved pulten sin på kontoret.

Ordførar i Hustadvika kommune, Nils Christian Harnes (KrF), har trua på at dei nye eldrebustadene til slutt vil bli ein suksesshistorie.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

I slutten av juni skal politikarane behandle revidert budsjett.

– Då trur eg at spørsmålet rundt justering av prisen på leilegheitene vil bli eit tema. Det er naturleg at vi ser på det i samanheng med revidering av budsjettet.

Ordføraren trur, sjølv om det har vore lite interesse for leilegheitene i starten, at det om ei viss tid vil bli sett på som ei suksesshistorie.

Godt tilbod, men for dyrt

Alexander Bjerkås er eiendomsmeglar i Møremegling, og fortel at det er eit stort behov for denne type bustader i heile kommunen - både sentralt og usentralt.

Men dei forstår godt at over 18.000 kroner per månad ikkje er oppnåeleg for mange eldre.

– Dei fleste leilegheitene i Farstad omegn ligg mellom 7000 og 10.000 kronar, skriv han.

Han meiner kommunen her møter dei same utfordringane som mange utbyggarar møter på mindre stader, kor betalingsviljen og marknaden ligg et godt stykke lågare ein kva ein må ta betalt for det.

– Alt i alt ei svært god løysing som per no er for kostbar.

Publisert 20.05.2025, kl. 21.24

Read Entire Article