– Dette har unisont blitt oppfatta som dårleg sportsånd i sjakkmiljøet. I alle fall då han ikkje gav nokon grunn for det der og då, seier Kristoffer Gressli, NRKs sjakkekspert.
Det var under dag fire av storturneringa i nederlandske Wijk aan Zee at episoden oppstod. Indiske Vaishali Rameshbabu strekte ut handa for å helse på usbekaren Nodirbek Yakubboev før partiet.
STORMEISTER: Vaishali Rameshbabu.
Foto: DIBYANGSHU SARKAR / AFPHanda blei likevel hengande i lause lufta utan at Yakubboev tok henne.
– Når ein ikkje handhelsar, kan motstandaren sitte gjennom heile partiet og tenke på om det er noko ein har gjort. «Kvifor vil han ikkje handhelse på akkurat meg?», seier Gressli og legg til:
– Sjakk er ein «gentleman’s sport» og ein skal følge dei uskrivne reglane.
Hendinga har skapt store overskrifter, også i Noreg, og det har tidvis kokt i media i heimlandet til Rameshbabu.
23-åringen er ein profilert sjakkspelar, og er i tillegg storesøstera til Praggnanandhaa Rameshbabu – ei av dei største sjakkstjernene frå India.
Dette er forklaringa til spelaren
Trass i den spesielle starten på partiet, klarte Rameshbabu å halde hovudet kaldt – og vann partiet etter ein maktdemonstrasjon.
Kort tid etter forklarte Yakubboev episoden på X.
– Med all respekt til kvinner og indiske sjakkspelarar, ønsker eg å informere alle om at eg ikkje tar på andre kvinner av religiøse årsaker, skreiv Yakubboev, som er muslim.
Innhaldet på kontoen har seinare blitt borte frå X.
Bilete med løyve frå Chessbase India.
– Du treng ikkje å vere lei deg
NRK har no fått tilgang til eit klipp frå Chessbase India av dei to spelarane som møtest for å snakke ut torsdag.
Stemninga verka tilsynelatande god, og usbekaren gav motstandaren både blomstrar og konfekt.
– Eg beklagar det som skjedde, seier Yakubboev i klippet.
– Det er heilt forståeleg. Eg tok det ikkje sånn. Du treng ikkje å vere lei deg, svarer den indiske spelaren.
I samtalen med Rameshbabu skildrar han episoden frå brettet som vanskeleg for dei begge.
– Eg hadde det travelt (før partiet), seier han og siktar truleg til at han ikkje forklarte seg da han lét vere å helse.
SA UNNSKYLD: Nodirbek Yakubboev dukka opp med sjokolade og blomstrar.
Foto: Chessbase India– Du treng ikkje å bekymre deg for det, seier ho.
NRKs sjakkekspert Kristoffer Gressli synest det er fint at hendinga fekk den slutten han fekk. På sosiale medium får Rameshbabu mykje skryt for korleis ho handterte situasjonen, og ikkje minst korleis ho svarte for seg i møtet med usbekaren.
Grassli er også full av lovord.
– Ho er ei gjennomført sportskvinne. Dette er solide svar. Eg hadde ikkje vore så hyggeleg. Dette imponerte meg, seier Gressli.
Storturneringa i Nederland blir spelt fram til 2. februar. Både Rameshbabu og Yakubboev spelar på «challenger»-nivået i turneringa. Dette er hakket under det gjæve elitenivået, som består av 14 av dei beste spelarane i verda.
NRK utfordret tennisstjernene: Hvem er den ekte vikingen? 02:08
Publisert 01.02.2025, kl. 09.06 Oppdatert 01.02.2025, kl. 09.29