No kostar ein bitcoin over 100.000 amerikanske dollar.
Det er over 1,1 millionar norske kroner, og er ny rekord, ifølgje nyheitsbyrået AFP.
«Kryptopresidenten»
Forventningar til at påtroppande president Donald Trump vil kome med meir kryptovenlege reglar har bidratt sterkt til kursauken.
Han vil gjere det enklare å handle kryptovaluta, og har tidlegare kalla seg «kryptopresident».
– Eg vil at USA skal leie an i utviklinga, har Trump sagt.
Sidan valet i USA har verdien auka med om lag 45 prosent.
I tillegg er fleire kryptovennlege kandidatar valde inn i Kongressen.
I går vart det kjend at Trump vil ha den kryptovenlege finansmannen Paul Atkins som sjef for det amerikanske finanstilsynet.
Trump vil at denne mannen, Paul Atkins, skal leie det amerikanske finanstilsynet.
Foto: Brendan Hoffman / GETTY IMAGES NORTH AMERICA / AFPÅtvarar om risiko
For ein månad sidan, 6. november, var førre gong det vart sett ny rekord. Då var verdien av ein bitcoin rundt 74.000 dollar.
Fleire ekspertar har vore kritiske til bitcoin, og i Noreg har Finanstilsynet åtvara om at risikoen for å tape pengar er stor.
Ifølgje skatteetaten har over 48.000 nordmenn oppgitt at dei eig kryptovaluta. Men skattedirektør Nina Schanke Funnemark sa i vår at talet truleg er langt høgare enn dette.
Publisert 05.12.2024, kl. 06.40 Oppdatert 05.12.2024, kl. 06.53