– Når startskotet går er han nok i si eiga boble. Da gjer han berre det han har øvd på sidan september, seier Johanne Løfaldi.
Ho er tanta til gullhåpet Håvard Werkland.
Saman med 20 andre familiemedlem har ho reist til Frankrike for å heie på nevøen og resten av Team Norway i den prestisjefulle konkurransen.
– Han har lagt ned veldig mange timar med jobb på dette, så det er klart vi ønsker å sjå han høgt oppe.
21 familiemedlem har tatt turen til Lyon for å heie på Håvard Werkland og resten av Team Norway.
Foto: PrivatØrnefisk og hummar
Startskotet for det norske laget gikk klokka 10.
14.40 skal dei presentere tallerkenretten sin. På menyen står det ein rett som kombinerer ørnefisk og europeisk hummar.
Ein liten time seinare skal laget sin andre rett vere klar.
Der står mellom anna helstekt rådyrsadel, rådyrpai og ravioli i rådyrconsommé på menyen.
– Det er litt meir avansert enn den maten eg lagar, seier tanta.
Den første retten det norske laget skal lage består av mellom anna Ørnefisk og hummar.
Foto: Tom Haga/ Norsk GastronomiTok EM-bronse i fjor
Lagkaptein Håvard Werkland jobbar til dagleg i restauranten Speilsalen på luksushotellet Britannia i Trondheim.
Restauranten har sidan 2020 hatt ein stjerne i Michelinguiden.
Werkland er Noreg sin kandidat til kokke-VM etter at han vann årets kokk i 2023. I fjor sikra han saman med Team Norway bronse i europameisterskapet på heimebane i Trondheim.
– Det er heilt sjukt magisk. Det er alt eg kunne ha drøymt om, sa Håvard Werkland etter EM-sigeren.
Det norske laget tok bronse i europameisterskapet i fjor.
Med seg på laget i Lyon har Werkland kjøkkensjef på Speilsalen, Christopher W. Davidsen, som coach.
Grunde Gillund er til dagleg kokkelærling på Britannia og er med som commis på Team Norway.
Publisert 27.01.2025, kl. 10.42 Oppdatert 27.01.2025, kl. 10.54