Blir truleg det verste uvêret på fleire år

3 months ago 23


Fleire millionar menneske har fått beskjed om å halde seg heime.

Fly er kansellerte og fleire enn 200 skular stengde i Nord-Irland, Skottland, England og Wales.

Det meteorologiske instituttet i Storbritannia har sendt ut eit raudt farevarsel om uvêret Éowyn fredag.

Et farevarsel-kart for Storbritannia, hvor store deler av øygruppa er oransje og gul, og deler også er rød. Deler av europa, inkludert norge, synes til høyre, i grått.

Skjermdump av farevarsla over Storbritannia fredag.

Faksimile: Skjermdump / Met Office

Raudt er det høgaste nivået og varselet gjeld for Irland, Nord-Irland og delar av Skottland.

– Vi sender berre ut raude varsel for det mest ekstreme vêret, som truleg kan innebere fare for liv og vesentlege forstyrringar for samfunnet. Slik er det med Éowyn, seier sjefmeteorolog Paul Gundersen.

BBC skreiv fredag morgon at det var registrert vindkast med ei styrke på 183 kilometer i timen ved den irske vestkysten.

Irland førebur seg for stormen Éowyn. Sandsekkar i Bantry, County Cork, Irland.

Eurovision News

– Ein av dei farlegaste

I Irland er fleire enn 560.000 husstandar utan straum. BBC-korrespondent i Irland, Chris Page, skriv på deira nettsider at gatene er meir eller mindre tomme for folk.

– Det finst nesten ikkje køyretøy på vegane, og det ser ut som at folk flest har tatt til seg rådet på alvor om halde seg heime.

Befolkninga førebur seg nå på Éowyn, som blir kalla ein «bombesyklon». Uttrykket blir brukt om ein storm som utviklar seg svært raskt i styrke.

Bølger med hvite topper slår oppover mot hus nær vannkanten i Nord-Irland. Det er et grått slør over bildet, det ser regntungt ut. Husene er lyse, i bakgrunnen er nakne trær og et tårn.

Bølgjer slår opp mot hus i byen Carnlough, nordaust i Nord-Irland.

Foto: PAUL FAITH / AFP

Uvêret blir truleg det verste som har ramma Storbritannia og Irland på fleire år.

Det har ikkje blitt sendt ut raudt farevarsel sidan stormen Ophelia i 2017, da 3 menneske mista livet.

– Dette er ein av dei farlegaste stormane Irland har opplevd, sa Keith Leonard, leiar for koordinering av naudhjelp i Irland, på ein pressekonferanse.

– Vi kjem til å sjå mange tre som har velta. Mange kjem til å vere utan straum, internett og vatn. Éowyn blir eit farleg og øydeleggande vêrfenomen, la han til.

  • Eit kvitt og oransje ark/skilt heng på eit gjerde utanfor togstasjonen i Edinburgh. "Det går ikkje tog i dag grunna stormen Eowyn" står det på arket.

    Eit skilt med beskjed om at det ikkje går tog frå Edinburgh grunna stormen heng utanfor togstasjonen i byen.

    Foto: Jane Barlow / AP
  • Ein mann går bortover ein molo, bort frå havgapet utanfor Blackpool, England. Det er dårleg sikt, kvite toppar på bølgene og vind i eit flagg som er heist. Mannen går og holder seg på hetta og ser nedvoer, har på seg svart jakke og blå jeans.

    Ein mann testar vêret utanfor Blackpool, England.

    Foto: Jon Super / AP
  • Eit tre ligg knekt over vegen i Belfast, Nord-Irland.

    Austlege Belfast, Nord-Irland, fredag morgon.

    Foto: David Young / AP
  • En mann i gul refleksjakke står bøyd over et tre som har falt bortover en bilvei med en sag. Det er dag og asfalten er våt. I bakgrunnen er en grå steinmur og en svart Audi.

    Dublin, Irland fredag morgon.

    Foto: Brian Lawless / AP
  • En svart søppelbøtte ligger gatelangs i Edinburg, Skottland. Småsøppel ligger rundt. Det er morgen og skumring. I bakgrunnen kjører en blå og hvit buss, hvor det står "NOT IN SERVICE" på toppen.

    Eit søppelspann har blåst over ende i Edinburgh, Skottland. I bakgrunnen køyrer ein buss som ikkje er i trafikk.

    Foto: Jane Barlow / AP
  • Eit stort, grønt tre ligg velta/knekt over ein veg. Treet er mørkegrønt og himmelen bak er lys blå, nær kvit. Ved sidan av, til høgre, står eit stort, nakent løvtre.

    Rathangan, Irland fredag morgon.

    Foto: Clodagh Kilcoyne / Reuters

Til Noreg fredag kveld

Like før klokka 09 er stormen sitt auge rett over nordaustlege delar av Nord-Irland. Han beveger seg òg i nordaustleg retning, ifølge BBC.

Éowyn er venta å treffe Noreg fredag kveld og natt til laurdag.

– Stormen Éowyn treffer oss frå ettermiddagen av med kraftige vindkast, spesielt natt til laurdag, seier statsmeteorolog Leonidas Tsopouridis.

Han kan trøyste med at stormen roar seg litt før han når Noreg.

– Det vil seie at trass i at den også blir ein storm for oss, blir ikkje situasjonen like alvorleg.

Meteorologisk institutt har sendt ut gule farevarsel om moglegheit for svært kraftige vindkast i Vestland og Møre og Romsdal.

Det er òg venta kraftige vindkast i Rogaland, og i delar av Hordaland, Agder, Innlandet og Trøndelag.

Publisert 24.01.2025, kl. 11.00 Oppdatert 24.01.2025, kl. 11.00

Read Entire Article