Brann på Tysnes ute av kontroll - seks av åtte næringsbygg har tatt fyr

1 month ago 12


Det brenn no kraftig i seks bygg i ei rekke på åtte næringsbygg. Ingen personar er melde sakna og det er heller ikkje meldt om skadde personar.

Det pågår sløkking både frå land og frå sjø. KV Tor og Redningsskøyten bistår med slukking av brannen.

– Mannskapar frå fire brannstasjonar har rykt ut til brannen, fortel fungerande vaktkommandør ved 110-sentralen, Børre Brekkvassmo.

I tillegg hjelper KV Tor og Redningsskøyta med sløkkinga frå sjøen.

Brann Alsaker Fjordbruk på Tysnes

Brannen har spreidd seg til seks av åtte kontorbygg i ei rekke.

Foto: tips-bilete

Næringsbygga som brenn, tilhøyrer oppdrettsselskapet Alsaker Fjordbruk, og ligg i bygda Onarheim på Tysnes i Sunnhordland.

Det er meldt om mykje røyk i området. Bebuarar må lukka vindauge og vurdera å trekka seg lenger unna området som er utsett for røyk, oppmodar politiet om.

Bygningen som brenn, er del av ei rekke med kontorbygg, som ligg på kaikanten på Onarheim. Bygga har vore under oppføring i fleire år, og nærma seg no ferdigstilt, skriv Bladet Tysnes.

Bygningen som brenn ligg i bygda Onarheim på Tysnes.

Publisert 22.03.2025, kl. 15.33 Oppdatert 22.03.2025, kl. 16.06

Read Entire Article