Carlsen fryktar VM-stress – risikerer å sjå finaledagen frå hotellrommet

4 months ago 20


– Det nye formatet er ikkje nødvendigvis ein fordel for meg.

Det seier Magnus Carlsen til NRK og VG få dagar før VM i lyn- og hurtigsjakk startar i New York.

Den store snakkisen før den NRK-sende meisterskapen i romjula er innføringa av sluttspel i lynsjakken.

I år er det nemleg berre dei åtte beste spelarane etter dag éin av lynsjakken som får vere med siste dag – på sjølvaste nyttårsaftan. Der møtest spelarane til ei utslagsturnering som startar med kvartfinalar.

– Eg trur det blir veldig stressande å bli med i den «knockouten» for dei siste åtte i lynsjakken. Eg er vand til å ha ein del rundar å gjere det på. Nå kan det bli ein veldig tøff førstedag av lynsjakken. Vi får sjå, men det blir gøy, i alle fall, seier Carlsen.

Magnus Carlsen Samarkand

RISIKERER VM-EXIT: Berre dei åtte beste spelarane får vere med på finaledagen i lynsjakk. I fjor var Carlsen berre nummer sju etter dag éin.

Foto: Lennart Ootes / Lennart Ootes

Må leverer frå første parti

Johan Sebastian Christiansen, Noregs nest beste sjakkspelar, har tidlegare slakta formatet og kalla det både «kjipt» og «dårleg».

Carlsen er litt meir positiv enn lagkompisen.

– Vi får sjå. Det er i prinsippet fint at det blir avgjort med «knockout» og ikkje kven som klarer å slå ein spelar som tilfeldigvis har komme seg opp på 13 poeng, seier verdseinaren.

34-åringen frå Lommedalen har tidlegare hatt ein tendens til å ha ein treg start på lynsjakken. Går alt gale i New York, risikerer Carlsen å møtte følge finaledagen frå sidelinja – frå hotellrommet eller flyet heim.

I fjor var han «berre» nummer sju før den siste dagen av meisterskapen.

– Det er for så vidt nok til å komme seg med, men det har ofte vore sånn på dag éin at det handlar om å ikkje vere heilt ute av det, seier Carlsen.

Russisk stjerne fekk dårlege nyheiter av NRK

Den norske stjerna har denne veka fått besøk av Champions Chess Tour i Oslo. Her møtest eit knippe verdsklassespelarar til sluttspel i turneringa som er eigd av Chess.com.

Blant dei er russiske Jan Nepomnjasjtsjij. Han hadde ikkje sett seg heilt inn i VM-reglane da han slo av ein prat med NRK.

Dubai World Chess Championship

FEKK DÅRLEGE NYHEITER: Russiske Jan Nepomnjasjtsjij beskriv det som «dårlege nyheiter» at berre dei åtte beste spelarane får spele finaledagen i lynsjakk.

Foto: Jon Gambrell / AP

– Eg er usikker på om det verkeleg er ein så god idé (formatet). Men eg trur likevel ikkje det øydelegg for mykje, men eg har faktisk ikkje sett meg så inn i reglane. Er det topp 16 eller topp 8 som kvalifiserer seg?, spør han NRKs reporter.

Etter å ha fått vite at det berre er dei åtte beste som tar seg vidare, smiler han varsamt.

– Topp 8 ja, ok. Det er dårlege nyheiter, ja.

– Det vil bli meir tilfeldig. Det har skjedd meg mange gonger at eg har ein heilt forferdeleg dag éin, men den andre dagen har eg vunne alle partia mine. Og da har eg enda på topp tre eller topp fire. Det er betre å vinne og spele godt begge dagar, så vi får sjå, seier russaren.

Hvem blir romjulens sjakkonge i New York?

Råsterkt VM-felt

Magnus Carlsen er enda ein gong mannen alle vil slå under meisterskapen på Manhattan. Nordmannen tok tittelen i både lyn- og hurtigsjakk etter storspel i fjor.

– Det er klart det er mogleg (å vinne igjen). Men eg trur det er eit enda sterkare felt i år enn det pleier å vere, seier Carlsen, som kan skryte på seg utrulege 17 VM-titlar i sjakk.

– Kvifor blir det sterkare felt i år?, spør VG.

– Det er enkelte som har droppa VM dei siste åra, som er med. Nå som det er i USA er litt fleire amerikanarar med, svarer han.

Hikaru Nakamura

GJER COMEBACK: Hikaru Nakamura er tilbake i det gode selskap i VM i lyn- og hurtigsjakk.

Foto: BENJAMIN CREMEL / AFP

Blant dei er Hikaru Nakamura og Wesley So. Dei to stjernene blei heime under VM i Usbekistan i fjor, men duoen kjem truleg til å gi Carlsen og Nepomnjasjtsjij kamp heilt til døra om VM-titlane og førstepremiane på heile 2 millionar kroner.

Publisert 18.12.2024, kl. 15.46

Read Entire Article