Charlotte (29) vil ikkje ha barn: – Urealistisk

3 hours ago 1


Dei siste 15 åra har fødselstala falle mykje i store delar av verda.

I fjor gjekk tala i Noreg opp frå åra før, men vi er framleis langt unna ein såkalla babyboom.

I gjennomsnitt ønsker 13 prosent kvinner og 17 prosent menn seg ingen barn.

Det viser ein ny omfattande studie, publisert av Institutt for samfunnsforsking. Over 12.800 personar i alderen 24–46 år deltok.

Og særleg to faktorar er viktige for ønsket om barn, viser studien.

  • Nysgjerrig på korleis fødselstala har endra seg frå då du blei fødd? Sjekk her.

– Urealistisk

29 år gamle Charlotte Bratseth er blant dei 13 prosentane. Ho vil ikkje ha barn.

– Eg skal ikkje på død og liv få eit barn, berre fordi regjeringa vil det.

Charlotte ser på hunden sin og smiler.

Charlotte er lykkeleg gift. Ho har ein hund, jobbar som sjukepleiar og reiser jamleg.

Foto: @lottabratseth

Om du no sit og les ein gammal artikkel om at mor di, Charlotte Bratseth, ikkje vil ha barn, så beklagar mor på forskot.

– Du er i så fall veldig ønskt.

For, ja, det kan hende at Charlotte snur. Men det er ingenting som tydar på det no.

Det er fleire i den yngre aldersgruppa som oppgir at dei ønsker seg null barn. Det kan også handle om livsfasen dei er i, står det i studien.

For Charlotte er det fleire faktorar som spelar inn.

Éin ting er fridommen det gir å ikkje ha barn.

– At ein likar å vere aleine, det er herleg å slappe av, ein kan ha «easy mornings» i helgene, reise når ein vil, dra ut av huset når ein vil ... Alt det der.

Charlotte går på gata og smiler. Hun har på seg en oransje dressjakke.

Charlotte har ofte barn rundt seg, og er tante til fleire. – Mange trur at eg ikkje er glad i barn, men det er eg. Barns oppvekst er enormt viktig for meg, seier ho.

Foto: @lottabratseth

Men det økonomiske aspektet speler også ei viktig rolle for valet hennar.

– Det er å gjere det billigare, rett og slett. Om vi skulle brukt mykje pengar på eit barn, måtte jo veldig mykje anna bli nedprioritert. Eg jobbar tredelt turnus, som samsvarer dårleg med eit småbarnsliv. Det hadde kanskje vore meir optimalt å jobbe deltid, som er heilt urealistisk økonomisk sett.

– Så er det dette med barnehageplass. Plutseleg står du der, så har du ikkje barnehageplass, så må du gå heime i ulønt permisjon. Vi kunne ikkje klart oss i to, tre, fire månader på éi inntekt.

– Ein rullande snøball

I nabolandet vårt ser det ut til at fleire nøler med å få barn enn før.

Ein ny studie frå Uppsala universitet i Sverige viser at ein av fire enten er usikre eller ikkje ønsker å få barn i det heile. I 2014 kjente berre éin av ti det slik.

Økonomiske årsaker var blant dei viktigaste faktorane.

Slik er det også her heime. Då deltakarane i den norske studien blei spurde om kva faktorar som var viktige i avgjerda om å få sitt første barn, stod trygg økonomi og å vere i fast forhold sterkast.

et nærbilde av en smilende person

– Jo eldre ein blir, jo fleire barn ønsker ein seg. Det kan hende det er fordi ein er nærare det aktuelle tidspunktet å få barn. Menn kan strekke dette veldig mykje lenger enn kvinner, seier Strøm.

Foto: Institutt for samfunnsforskning

Det er ikkje nødvendigvis slik at dei som ikkje får barn berre er frivillig barnlause. Her er det fleire ting som kan spele inn, fortel Marte Strøm. Ho er ein av forskarane bak den norske studien.

– Blant dei barnlause oppgir omtrent halvparten at dei ikkje ønsker seg barn. Andre viktige grunnar er at forhold har tatt slutt, fertilitetsproblem, helse eller at dei sjølv blei for gamle. Ein kan også begynne å spekulere i om det er færre og færre som finn ein partnar – som jo også er veldig viktig for å få barn, seier ho.

Studien viser også at menn og kvinner som ikkje ønsker seg barn, kjem i større grad frå familiar med færre søsken.

– Det er noko som kan ha påverka at endringa går den vegen han går. I neste generasjon er det endå færre som har vakse opp i store familiar og som ikkje ønsker seg det sjølv heller.

– Og så blir det ein sånn rullande snøball, legg ho til.

Søker kunnskap

Charlotte har eitt søsken som er seks år eldre enn henne. På grunn av aldersforskjellen har ho til tider kjent seg som eit einebarn.

Hadde ho hatt fleire søsken, trur 29-åringen at ho hadde sett annleis på det å få barn sjølv.

– Absolutt. Då hadde eg sikkert hatt lyst på ein stor familie sjølv, tenker eg. Då er ein vand til å ha mange rundt seg. Men eg er ikkje vand til det.

Barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap), seier at regjeringa prioriterer familiepolitikken høgt, blant anna med billigare barnehage og SFO.

Portrett av barne- og familieminister Lene Vågslid

– Det vi veit er at mange ønsker fleire barn enn dei ligg an til å få. Her bør vi søke meir kunnskap framover og ha ein god debatt om kva som skal til av politikk for at fleire får det talet barn dei ønsker seg, svarer Vågslid i ein e-post til NRK.

Foto: Benjamin René Dyrdal / NRK

Regjeringa har utnemnt eit ekspertutval, som skal greie ut moglege årsaker til at vi får færre barn enn før. Dei vil sjå på korleis dette påverkar samfunnet, og finne moglege tiltak for å snu utviklinga.

Men sjølv om politikarane ønsker at vi skal få fleire barn, må det vere opp til kvar enkelt om ein faktisk ønsker det eller ikkje, meiner Vågslid.

– Kor mange barn kvar enkelt får er eit personleg val som politikarar verken kan eller bør bestemme over, og eg har også respekt for at nokon ønsker eit liv utan barn, seier ho.

Einige internt

Blant dei som ikkje ønsker seg barn, er det stort samanfall med kva partnaren ønsker, viser studien.

75 prosent av mennene og 83 prosent av kvinnene som ikkje ønsker seg barn, oppgir at partnaren heller ikkje ønsker seg barn.

Slik er det også for Charlotte og mannen.

– Han er einig, heldigvis.

Charlotte sitter på en båt og smiler.

– Eg tenker at om du ikkje vil ha barn, så skal du heller ikkje få barn – for barnet sin del, seier Charlotte.

Foto: @lottabratseth

Studien viser også at mennene er villige til å endre meining i noko større grad ein kvinnene, dersom partnar snur i ønsket om å få barn.

– Eg trur at viss eg hadde ombestemt meg, så hadde han vore med på det, seier Charlotte.

Publisert 19.05.2025, kl. 20.48

Read Entire Article