Det er ikkje noko hemmelegheit at Trump har lyst til å kjøpe verdas største øy.
Måndag sa den påtroppande presidenten i USA at folket på Grønland ville «tene enormt på det dersom, og når, dei blir del av nasjonen».
Men etter at Trump Sr. nekta å utelukke ein militær aksjon, både mot Grønland og Panama-kanalen, har alarmen gått fleire stader.
Dei danske media Berlingske og TV 2 erfarer onsdag kveld at Danmark sin statsminister, Mette Frederiksen, kallar partileiarane sine inn til eit hastemøte om saka.
Heilt sidan 2019 har Trump uttrykt eit ønske om å kjøpe Grønland. Den gongen blei det løyst i dialog mellom USA og Danmark, seier tidlegare Nato-sjef Jens Stoltenberg.
Foto: EMIL STACH / AFPDette skal skje allereie klokka 19.30.
Grønland er eit uavhengig territorium som høyrer til Danmark, og fekk sjølvstyre i 1979. Den danske statsministeren har informert Trump om at det ikkje er til sals.
Regjeringssjefen på Grønland seier onsdag kveld at han forstår godt dersom folk er bekymra.
– Treng dei for den økonomiske tryggleiken
Det var på ein times lang pressekonferanse tysdag at Trump kom med kommentarane.
– Eg kan ikkje forsikre dykk om nokre av dei to, sa han på spørsmål om han kom til å bruke militærmakt eller økonomisk press for å ta Grønland eller Panama-kanalen.
– Men eg kan seie dette: vi treng dei for den økonomiske tryggleiken.
Han sa også at han hadde tenkt til å bruke «økonomisk makt» for å gjere Canada til ein del av USA.
Donald Trump sin son, Donald Trump Jr., var tysdag på besøk til Grønland. Han lova å ikkje snakke med statsleiarar under besøket, og at det skulle haldast privat.
Foto: Emil Stach / APKort tid etterpå reiste den eldste sonen hans, Donald Trump Jr., til hovudstaden på Grønland til det han kalla for eit «privat besøk».
EU-leiarar reagerer
Frankrike sin utanriksminister, Jean-Noël Barrot, har reagert på Trump sitt utspel i eit intervju med fransk radio.
– Det kjem ikkje på tale at EU let andre nasjonar i verda, uansett kven dei er, angripe sine uavhengige grenser.
Han seier vidare at han ikkje trur USA «vil invadere» Grønland, men reflekterer at verda har gått inn i ei ny epoke der «dei sterkaste rår».
Barrot var blant dei første som kommenterte Trump sine utspel.
Foto: Hussein Malla / APDen tyske forbundskanslaren, Olaf Sholz, fortel at «fleire europeiske statsleiarar, og regjeringar, og presidenten av Europarådet» har gjort det tydeleg at landegrenser, under folkeretten, er ukrenkelege.
– I mine samtalar med våre europeiske partnarar, har det vore ei merkbar uforståelegheit, seier han vidare.
Stoltenberg: – Ein del av kongeriket Danmark
Tidlegare Nato-sjef Jens Stoltenberg kommenterte saka til NRK under NHO-konferansen onsdag.
Han seier han var generalsekretær i forsvarsalliansen den første gongen Trump tok opp dette spørsmålet i 2019.
Her snakkar Jens Stoltenberg og Trump under ein Nato-konferanse i 2019.
Foto: Francisco Seco / AP– Grønland er ein del av kongeriket Danmark. USA og Danmark er nære Nato-allierte. Dei har samarbeida veldig tett i Nato, sa han.
– Eg er sikker på at dei tryggingspolitiske spørsmåla som USA er oppteke av når det gjeld Grønland, vil kunne sikrast på ein god måte i ein dialog med Danmark, der Grønland er involvert.
Noverande utanriksminister i USA, Antony Blinken, seier at idéen om å gjere Grønland til ein del av USA «ikkje er ein god ein».
– Det kjem openbert ikkje til å skje, held han fram.
Publisert 08.01.2025, kl. 19.11 Oppdatert 08.01.2025, kl. 19.12