«Denne sommaren skal du lese Thomas Mann»

1 day ago 4


Før døden kjem, er livet intenst i Venezia.

Thomas Mann-feberen herjar i heim­landet Tyskland.

Forfattaren ville fylt 150 år 6. juni, og dette skal feirast.

Dei store romanane kjem i nye, lekre utgåver, og Thomas Mann var den alle prata om under bokmessa i Leipzig i mars.

Også i Noreg er mannen i vinden. Tidlegare i år kom det ut ei vakker bok som må seiast å vere det ideelle utgangs­punktet for dei som ønskjer å bli bitne av Mann-basillen.

«Døden i Venezia og to andre noveller» samlar tre sentrale verk av jubilanten – for første gong på nynorsk.

Bilde av Thomas Mann-bok

Foto: Skald

Mannen, myten, moten

Samstundes som Hamsun sette seg på eit fly til Berlin for å besøke Hitler, heldt Thomas Mann rasande radio­taler der han fortvilt forsøkte å få sine lands­menn til å skjøne at nazismen ville føre landet rett i under­gangen.

Thomas Mann i studioet til en amerikansk radiokanal, ca. 1940

DEN FØRSTE PODKASTAREN: I krigsåra heldt Thomas Mann jamleg antinazistiske appellar på BBC Radio under tittelen «Deutsche Hörer!» frå sitt eksil i USA. Her under ei sending frå radiostasjonen WQXR i New York i mars 1938.

Foto: Eric Schaal, Deutsches Exilarchiv 1933-1945 / Weidle Verlag GmbH, Bonn

Dette var ikkje det einaste han strevde med.

Manns undertrykte homo­seksualitet vart for alvor kjend då dag­bøkene hans blei publiserte på 1970-talet.

Det første som slår ein når ein les han no, er at han hadde stil – både litterært, men også i kles­vegen.

Hans uanstrengde eleganse blir feira av ein ny generasjon som meiner at Mann er sjølve opphavsmannen til den såkalla «clean girl-stilen».

Slik sett er det perfekt timing på den nynorske utgåva. Thomas Mann, forfattaren bak tidlause klassikarar, har på ny blitt ei stjerne.

Thomas Mann i Sanary-sur-Mer, 1933Thomas Mann i Sanary-sur-Mer i 1933

KUNSTEN Å REISE MED STIL: Thomas Mann slappar av på den franske rivieraen i 1933.

Sjølv­portrett i salongen

Boka opnar med «Tonio Kröger» (1903) – Manns mest sjølv­biografiske novelle.

Dei som meiner at livet er for kort til å pløye gjennom ein av dei mange Thomas Mann-biografiane, har fått ein snar­veg her.

Tonio Kröger har, som Mann sjølv, ein konsul til far og ei mor som kjem frå «nedst på kartet» (som sikkert tyder Brasil, for det var der Manns eiga mor kom frå).

Tonio elskar både kompisen Hans Hansen og den blonde kvinna Inge Holm, som han møter på danse­kurset i fru konsul Husteeds salong.

Han skal ikkje få nokon av dei, men er ikkje ulukkeleg av den grunn.

Akkurat den tanken, at det største er å elske, ikkje å bli elska (noko det absolutt går an å vere usamd med Tonio Kröger i), tar Thomas Mann med seg inn i «Døden i Venezia» (1912).

Forfatter Thomas Mann sitter i en hage rundt et bord på sommeren sammen med kona og fem barn.

DIE MANNS: Katia Mann, kona til Thomas, kjende seg voneleg elska sjølv om ektemannen hadde ei sterk dragning mot menn. Her er dei på sommarferie med fem av barna i 1924.

Foto: ullstein bild via Getty Images

Kva var no dette igjen?

Det er rart med desse bøkene du trur du har lese, men eigentleg berre høyrt så mykje om. Du trur du veit kva dei handlar om, men så les du dei.

Då må du undrande slå fast at ingenting er heilt slik du trur.

Slik er det med «Døden i Venezia».

Den middel­aldrande forfattaren Gustav von Aschenbach reiser på ferie frå München til Venezia.

Der møter han ein vakker ung gut som han blir forelska i, noko som fører til at han blir buande på det fasjonable strandhotellet – sjølv om han veit at byen er ramma av smittsam kolera, og at folk døyr som fluger.

Og ja, rett nok skjer alt det.

Men det er liksom ikkje dét det handlar om, eller i alle fall ikkje berre det.

Fra Thomas Mann-bok til Skald

Foto: Skald

Kunst og begjær

Døden kjem først til Venezia i femte og siste kapittel.

Og før døden kjem, handlar det om livet og kva det inneber å vere menneske blant dei levande.

I livet, slik det artar seg inne i boka, er det ingen plassar du heller vil vere enn i Venezia desse sløve august­dagane i byrjinga av det førre hundre­året.

I alle fall viss du er ein så rik og anerkjend forfattar som Gustav von Aschenbach.

På same luksus­hotell bur 14 år gamle Tadzio, som heng rundt på stranda under oppsyn av eit par guvernanter.

Forholdet mellom den gamle og unge går aldri lenger enn at dei utvekslar blikk, og sjølv dét kan like gjerne vere innbilling og sjølv­bedrag frå den forelska mannen si side.

Men Tadzio er forfattaren si muse, altså ei kjelde til inspirasjon.

Von Aschenbach får lyst til å skrive. Stilt overfor det perfekte i naturen vil han skape noko like fullenda i kunsten. Slik ser han det i alle fall sjølv.

Men vi, og Thomas Mann, ser han utanfrå. Det er her ironien kjem inn.

For utanfrå sett skal det sjølvsagt ikkje mykje til før 50-åringen sin fascinasjon for det unge og vakre bikkar over i det latterlege.

Dei som har sett den berømte filmatiseringa til Luchino Visconti frå 1971, hugsar sikkert at von Aschenbach spring rundt og spionerer på Tadzio i Venezias labyrintiske gater.

UMOGLEG KJÆRLEIK: Den forelska forfattaren (spelt av Dirk Bogarde) leitar etter Tadzio – som tolkast av svenske (!) Björn Andrésen. Stjernestatusen som sistnemnde fekk på grunn av filmen gjorde livet hans vanskeleg, noko han fortel om i dokumentaren «Verdens vakreste gutt» (2022).

I boka endar han opp hos frisøren, som sørger for å sminke opp mannen i midtlivs­krise til han trur han er ung igjen.

Mørket som truar

I «Døden i Venezia» når den europeiske ferie­stemninga mellom dei to verdskrigane eit høgdepunkt.

Livet på stranda er også ei utsøkt skildring av sjølve poenget med ferie. Gleda ved å vere fråkopla.

Det er draumen om å kunne flykte frå kvar­dagens pliktar og slit Thomas Mann portretterer her – lengten etter å få ein pause frå stor­politikken sitt ståk, illustrert gjennom den uskyldige leiken til barna i sanden.

Novella inneheld truleg den flottaste strand­scena som nokon gong er skriven i europeisk litteratur.

Men denne idyllen kan ikkje vare.

Gustav von Aschenbach kan snart ikkje lenger vende auga (og nasen!) bort frå stanken frå den pest­befengte kloakken i lagunen.

Fascistisk trollmann

I «Mario og trollmannen», som Mann skreiv 17 år seinare, er det stanken frå dei autoritære, anti­demokratiske kreftene i samfunnet som overveldar ein familie på Italia-ferie.

Landet var på dette tids­punktet gjennomsyra av fascisme, noko Thomas Mann sjølv opplevde då han var på reise med sin eigen familie til ein lands­by i Toscana i 1926.

Troll­mannen i historia har ettertida tolka som eit portrett av diktatoren Benito Mussolini.

Då novella kom ut, hadde Thomas Mann blitt tildelt Nobel­prisen i litteratur, og han var i ferd med å utvikle dei anti­fascistiske stand­punkta som skulle føre til at han måtte flykte frå Nazi-Tyskland våren 1933.

Albert Einstein, of Princeton University, Rabbi Stephen Wise and Thomas Mann, exiled German author, are shown as they attended the first showing of the anti-war film

EIN ANNAN NOBELPRISVINNAR: Thomas Mann (til høgre) etter flukta til USA i 1933. Her underviste han på Princeton University og traff fleire antifascistar, som Albert Einstein og rabbi Stephen Wise.

Foto: Ap

Den ultimate sommar­boka

Thomas Manns personar kjenner på ein trong til å reise vekk, trass i alle dei strabasane det inneber.

Sleske resepsjonistar. Korrupte by­myndigheiter som i det lengste held tett om at det er sjukdom i byen. Fascismen som lokkar til seg stadig fleire mis­nøgde borgarar.

Den sommarlege stemninga skin likevel gjennom, og gjer at eg er freista til å kalle dette for den ultimate sommar­boka.

Eit argument mot er at Mann ikkje skriv bøker ein sluker. Han er heller ikkje kjend for å lage korte, enkle setningar.

At det likevel flyt så godt på nynorsk, kan vi takke omsetjar Geir Pollen for. Får ikkje denne boka ein av årets litterære prisar for beste omsetjing, blir eg overraska.

Overgår det meste

Forlaget Skald har for vane å utstyre bøkene i denne klassikar­serien med eit sitat trykt på baksida.

Denne gongen må det ha vore vanskeleg å velje. Dei minne­verdige setningane står i kø.

Baksida av ei turkis bok med svart tekst kor det står «Litteratur er slett ikkje noko yrke, men ei forbanning, berre så du veit det.»

Foto: Skald

Nyleg har det vore ein liten, interessant debatt om at det har gått inflasjon i skryt, superlativar og overdrivne kjensle­utbrot i litteratur­kritikken.

I lys av dette skal eg forsøke å dempe meg.

Men eg trur ikkje eg tar for hardt i når eg seier at kvart einaste avsnitt i denne boka overgår det meste av det du vil kome borti av litteratur elles i år.

terning seks

Hei!

Eg er litteraturkritikar i NRK. Les gjerne også meldinga mi av Annika Norlins «Tua»«Om gay seterdrift» av Jonathan August Lengali eller «Scenemennesket» av Jenny Hval. Send meg gjerne ein e-post!

Publisert 11.06.2025, kl. 15.39

Read Entire Article