Derfor blir grøne industrieventyr skrota

5 months ago 25


«Batterimateriale og grønt hydrogen vil ikkje lenger vere strategiske vekstområde», melde Hydro denne veka.

Var det slik hydrogen- og batteridraumen skulle ende?

Ikkje med eit smell, men med eit klynk?

– Den norske verdikjeda for batteri kan omsette for minst 90 milliardar kroner innan 2030, sa næringsminister Jan Christian Vestre då han la fram den nasjonale batteristrategien.

Staden for annonseringa var symboltung: Hos Freyr i Mo i Rana.

To år seinare står det ein tom gigafabrikk i Mo i Rana, og batterifabrikken i Arendal ber om eit statleg lån på 1,5 milliardar kroner.

– For oss er dette eit vere eller ikkje-vere, skriv Morrow-sjefen i eit brev til næringsminister Cecilie Myrseth (Ap).

Bildet viser hvordan batterifabrikken ser ut innvendig.

I 2030 vil norske batterifabrikkar sysselsette 33.000 tilsette og bidra med milliardar av kroner til den norske statskassa. Det var prognosen i rapporten «Noreg i morgon» frå konsulentselskapet McKinsey (2022).

Foto: Freyr /

Ifølge ei oppteljing i Aftenposten har dei tre norske batteriprosjekta Freyr, Morrow Batteries og Beyonder fått til saman 1,1 milliardar kroner i lån og statleg støtte.

Beyonder produserer i dag batteri i Kina.

Her er 7 forklaringar på kvifor det buttar for det grøne industrieventyret, og korleis det kan snu.

Auka kostnader

Inflasjon og høgare rente har skremt vekk investorar, og auka prisen på råvarer som stål og kopar.

Låg kvotepris

Kvoteprisen i EU er nå 69 euro. I febrar var han til samanlikning 100 euro. Under EUs hydrogenveke i Brussel i november gjorde fleire eit poeng av låg kvotepris gir mindre incentiv til å investere i det grøne skiftet.

Batteritomten til Morrow i Arendal, november 2022

Yara, Shell og Statkraft har alle saman skalert ned eller droppa satsinga på hydrogen i løpet av det siste halvåret, og førre veke melde Equinor at dei kuttar 250 årsverk innan fornybarverksemda.

Foto: Tom-Richard Hanssen Olsen / NRK

Politiske endringar

Fleire selskap oppgir at endringar i støtteordningar og reguleringar står i vegen for langsiktig planlegging. Eit eksempel er spørsmålet om tilbakekopling til straumnettet, som kan bremse utviklinga av sol- og vindkraftprosjekt.

I november blei den svenske avgjerda om å skrote 13 havvindanlegg i Austersjøen karakterisert som «ei bombe».

Geopolitisk usikkerheit

Kina-rivaliseringa, handelssanksjonar og krigen i Ukraina og Midtausten har ført til at fleire prioriterer fossilt brensel for å sikre stabile energiforsyningar. Ein ny Acer-rapport om hydrogenmarknaden i Europa viser at det både er for liten etterspørsel og for liten produksjon av grønt hydrogen.

Vi heng langt etter målet, sa den danske Acer-direktør Christian Zinglersen då han la fram rapporten.

Venteprinsippet

Verdikjeda for hydrogen har lidd under «venteprinsippet» som gjer at aktørane har interesse av at nokon andre tar det første og mest kostbare steget.

Inntil vidare er etterspørselen etter hydrogen og ammoniakk ikkje stor nok for dei som sit på gjerdet og vurderer om dei skal investere.

Morrow bilbatterifabrikk i Arendal

– Verken rammevilkåra eller marknaden er til stades, forklarte Magnus Frantzen Eidsvold i Equinor da selskapet la vekk ideen om hydrogenrøyr til Tyskland.

Foto: NTB

Lokal motstand

Fleire stader har lokale innbyggarar og interessegrupper protestert mot industriplanar på grunn av miljøpåverknad, kraftmangel eller arealforvaltning.

Meir vaktsame investorar

Konkurransen frå billigare fossile brensel gjer at investorar nøler med å satse. I tillegg er det teikn til at pandemien har hatt ein kjølande effekt.

Ormen Lange-landanlegget på Nyhamna i Aukra, vinter og snø.

ORMEN LANGE, AUKRA: FN la i 2021 fram ein rapport som slo fast at fangst og lagring av karbondioksid er helt nødvendig for å oppnå karbonnøytralitet.

Foto: Øyvind Leren / NTB

Publisert 30.11.2024, kl. 11.57

Read Entire Article