Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_c5480c3037fa650e79a34106bc6fc254, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Derfor er ikkje lågkarbo og hard trening ein god kombinasjon - NorwayToday

Derfor er ikkje lågkarbo og hard trening ein god kombinasjon

13 hours ago 4


Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Lågkarbo-diett gir ikkje betre helse, noko derimot trening gjer. 

Karbohydrat får som regel ikkje god reklame av profilar på Instagram. (Foto: Colourbox)

Om du skrollar på Instagram eller TikTok og algoritmene veit at du er interessert i trening og kosthald, renn nok skjermen din nærmast over av kosthaldsråd og tips til kva du bør og kva du ikkje bør få i deg.

Karbohydrat blir sjeldan omtalt i positive ordelag.

Ditta Valsdottir har forska på kva som skjer i kroppen når ein fylgjer ein lågkarbo-diett både når ein trenar og er lite aktiv. Nå underviser ho i ernæring på Kristiania. (Foto: Kristiania)

Studentar kan meir enn TikTok-profilar

Valsdottir underviser i ernæring på Høgskolen Kristiania og merkar at kampen om å overbevise studentane er hard.

– Nokre fyrsteårsstudentar trur meir på TikTok enn på pensumbøkene. Og det er vanskeleg å konkurrere med det dei ser der, også for meg som fagperson. Eg er jo ei gamal dame, og det er jo mykje kulare å høyre på dei unge menneska som deler eigen erfaring og seier at dette funkar kjempebra for meg, seier Valsdottir med eit litt oppgitt smil.

Etter berre åtte treningsøkter fekk dei middelaldrande mennene som var med i forskingsprosjektet svært gode resultat. (Foto: Øystein Westlie)

Ho er nøydd til å få studentane til å forstå at dei faktisk veit meir enn profilane som deler ernæringstips på TikTok. 

– Dei som er på sitt tredje år i bachelorgrad i fysisk aktivitet og ernæring har langt betre grunnlag for å seie noko om ernæring enn dei fleste, seier ho.

Slik forska dei:

  • Gjennomførte treningsperiode på ti veker med høgintensiv intervallspinning tre gonger i veka.
  • Ei kontrollgruppe (vanleg kosthald, ingen trening),
  • Ei lågkarbo-gruppe utan trening
  • Ei gruppe med vanleg kosthald og trening
  • Ei gruppe med både lågkarbo og trening

Lågkarbo gav ikkje forbetringar i kolesterol

Lågkarbo-diett eller «Keto» er ei av trendane som ofte blir hylla i nettopp sosiale medium. Og nå trendar dietten på ny.

I forskingsprosjektet til Valsdottir studerte dei tre forskjellige grupper.

  • Kvinner med overvekt og fedme på lågkarbo-diett.
  • Middelaldrande menn med overvekt og fedme som berre trente.
  • Normalvektige kvinner på lågkarbo-diett.

Det beste var normalt kosthald og trening.

Funna viste mellom anna at lågkarbo-diett aleine ikkje gav forbetringar i glukosetoleranse eller kolesterol.

Desse helsefordelane kom nesten utan at deltakarane gjekk ned i vekt

– Det beste var å ete normalt kosthald og trene, og lågkarbo-diett og trening var ikkje så langt unna. Men det minst fordelaktige var det å ha lågkarbo-diett utan å trene. Sjølv ville eg da tenkt at det ikkje spelar så stor rolle kva du et, så lenge du er fysisk aktiv og et vanleg, god mat.

Dei middelaldrande mennene som gjennomførte åtte treningsøkter fekk fantastiske resultat på både glukosetoleranse og kolesterol.

– Desse helsefordelane kom nesten utan at deltakarane gjekk ned i vekt, noko som viser at trening i seg sjølv gjer kroppen langt betre til å handtere sukker og feitt, seier Valsdottir.

Slik målte forskarane:

  • Glukosebelastningstest: For å måle metabolsk helse brukte dei ein standardisert test der deltakarane drakk ei bestemt mengde glukose, etterfylgd av blodmålingar over to timar for å sjå på insulin- og glukoserespons.
  • Blodparametrar: Dei baserte seg på ulike verdiar i blodet, slik som lipidprofil (kolesterol), glukose og insulin.
  • Kontrollert vekttap: I den store gruppestudien var målet at alle skulle ha eit vekttap på minst fem prosent. For å få til dette, vart kaloriinntaket deira justert undervegs i perioden dersom vekta ikkje gjekk ned som planlagt.
  • Standardisert trening: Treninga bestod i hovudsak av intervallspinning, noko som gjorde det lettare for forskarane å ha full kontroll på intensiteten og oppfylginga av gruppa.

Vel langsame karbohydrat

Forskaren fortel at det å ha høge glukoseverdiar over lengre tid gir auka sjanse for både diabetes type 2 og hjarte- og karsjukdomar hos folk med overvekt og fedme. 

Lågkarbo-diett i seg sjølv aukar kolesterolet.

– Influensarane seier at går du på «Keto-diett» så blir kroppen flinkare til å forbrenne feitt. Når kroppen får meir feitt inn, så begynner den også å forbrenne meir feitt. Men det betyr ikkje at du kan auke prestasjonen eller forbrenn eige feitt, seier forskaren.

Valsdottir meiner ein heller bør tenkje på at ein skal få i seg kvalitetskarbohydrat i staden for å kutte dei.

– Det er «døden» å trene hardt når du er på lågkarbo

– Ikkje gå Keto, men vel langsame karbohydrat som gir langsam glukosestigning, ikkje dei som skyt i vêret med ein gong. Som grove kornprodukt og fullkorn-pasta.

Mange i ultraløp-miljøet har den siste tida omfamna lågkarbo-dietten. Høgintensiv trening er derimot noko heilt anna enn timesvis i roleg tempo, presiserer forskaren.

– Det er «døden» å trene hardt når du er på lågkarbo. Det kjennes ekstremt tungt og mjølkesyra kjem fortare, seier Valsdottir.

Keto-dietten, der ein unngår karbohydrat, kan gi uheldige konsekvensar. Spesielt om ein ikkje er konsekvent og får i seg raske karbohydrat i helgene. (Foto: Colourbox)

Tvingar studentane til å lage SoMe-innhald

Forskaren skildrar også ei «Keto-felle» mange kan gå i. I forskingsprosjektet såg ho uventa funn på korleis dietten påverkar kroppen over tid, spesielt hos dei unge slanke kvinnene.

Viss ein fylgjer Keto-dietten strengt gjennom veka, men sprekk i helga med pasta, kake eller noko anna karbohydrat-rikt kan du gå på ein smell. 

Valsdottir åtvarar derfor om å hoppe inn og ut av keto-diettar.

– Da klarer ikkje kroppen å ta unna glukosen, blodsukkeret skyt i vêret og held seg høgt svært lenge. Vi såg i studien vår at det liknar ein pre-diabetisk tilstand, sjølv hos friske og slanke personar.

Konklusjonen er klar

Regelmessig kondisjonstrening gir bedre helse og prestasjon enn trendy diettar som lågkarbo.

Nå håpar Valsdottir at hennar eigne studentar etter kvart vil bidra med forskingsbaserte råd i sosiale medium.

– Eg gir dei oppgåver og tvingar dei til å lage innhald om kosthald til SoMe med eit strengt krav. Det må vere basert på vitskap, seier ho.

Referanser:

Thorhildur Ditta Valsdottir mfl.: Effect of a Low-Carbohydrate High-Fat Diet and a Single Bout of Exercise on Glucose Tolerance, Lipid Profile and Endothelial Function in Normal Weight Young Healthy Females. Front Physiol., 2019. Doi: 10.3389/fphys.2019.01499

Stian Jelstad, Thorhildur Ditta Valsdottir mfl.: Eight sessions of endurance training decrease fasting glucose and improve glucose tolerance in middle-aged overweight males. Arch Physiol Biochem., 2021. Doi: 10.1080/13813455.2018.1563189

Thorhildur Ditta Valsdottir mfl.: Low-Carbohydrate High-Fat Diet and Exercise: Effect of a 10-Week Intervention on Body Composition and CVD Risk Factors in Overweight and Obese Women-A Randomized Controlled Trial. Nutrients., 2020. Doi: 10.3390/nu13010110

Thorhildur Ditta Valsdottir mfl.: Effect of aerobic exercise and low-carbohydrate high-fat diet on glucose tolerance and android/gynoid fat in overweight/obese women: A randomized controlled trial. Front Physiol., 2023. Doi: 10.3389/fphys.2023.1056296

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Read Entire Article