Det er 1. desember og første søndag i advent. Den neste månaden rullar julefilmane over skjermar i heimar landet over.
Men sjølv om det finnast eit hav filmar, vil 4 av 5 helst sjå dei same kvart år.
Grunnen til det er enkel, meiner Benjamin Brekken.
Han er filmjournalist og programleiar for filmprogrammet «Blåkkbøster» på VGTV.
– Vi søker tryggleik i jula, slår han fast.
FILMKJENNAR: Benjamin Brekken.
Foto: VGNykommar frå Tromsø
Marianne Lein Moe er nyheitsredaktør i avisa iTromsø, og har nettopp sett den norske nykommaren «Snøsøsteren».
Den er spelt inn i Tromsø, og både Moe og Brekken har tru på at det kan bli ein ny klassikar.
– Det var verkeleg eit lys i mørke. Turistane kjem til å fly inn etter at dei har sett den.
Ho trur ein viktig del av julefilmane sin suksess er slutten.
– Og i dei alle fleste veit vi at det endar godt, fordi vi har sett filmen før.
REDAKTØR: Marianne Lein Moe i iTromsø.
Foto: PrivatFleire ingrediensar
Men det er ikkje berre ein lukkeleg slutt som får æra for julefilmane sin suksess. Ifølgje Brekken har dei gjerne fleire, viktige ingrediensar:
– Dei har karakterar som går igjen. Til dømes den gretne som finn tilbake til julemagien og den håplause romantikaren som finn kjærleiken.
Han legg til at det gjerne er eit romantisk eller magisk element på ingredienslista, som nisse, alv eller snømann.
JUL I FLÅKLYPA: Solan i Flåklypa er ein mange ser på skjermen kvar jul.
Foto: Qvisten AnimationEin ny film med nokre av desse elementa er nykommaren «Hot Frosty». Brekken har allereie sett filmen.
Ifølgje han inneheld den mellom anna ei enke, et skjerf, ein snømann og ein «brennheit supermodell «vanvitig heit mann av typen underbuksemodell».
Men sjølv om den fenga Brekken, er ikkje Moe like imponert.
– Eg kjem ikkje til å sjå den neste år. Den var i alle fall ikkje sexy, seier ho.
NYKOMMAR: Dustin Milligan i «Hot Frosty»
Foto: Courtesy of Netflix– Kan vere eit helvete
«Love Actually» har blitt ein av dei aller største julefilmane. Kvifor har akkurat den blitt ein klassikar?
Moe meiner det attkjennande fenger.
– Den har mange karakterar i ulike aldrar, fleire historielinjer og utfordringar som ein kan kjenne seg igjen i. Eg har kjent meg igjen i alle fall seks av dei på ulike tidspunkt i løpet av livet.
JULESTRIA: I «Love Actually» er det mange karakterar, historier og utfordringar.
Foto: �Universal/Courtesy Everett Coll / �Universal/Courtesy Everett CollOg så står dei ovanfor den velkjende julestria.
– Reint praktisk kan den vere eit helvete for mange, men også emosjonelt – fordi ein kjenner ekstra godt på dei vonde følelsane.
Ho legg til:
– Samtidig er det julebord, dei skal handle gåver, står i kø og gjer vanlege ting som vi kan kjenne oss igjen i.
Hva er din favoritt julefilm?
Kva meir?
Brekken trekk fram at mange også brukar julefilmar som underhaldning i bakgrunnen.
– Ein kan setje den på, gjere noko anna, kome tilbake og vite akkurat kva som har skjedd og skal skje.
Men det aller viktigaste er ifølgje han å finne tilbake til barndomskjensla av jul.
– Ein jagar den magiske rusen ein hadde som barn. Det er vanskeleg, men eg trur film kan låse opp minner og kjensler frå barndommen.
Publisert 01.12.2024, kl. 14.33