Dette bildet er siste spor etter sjukehus-sjefen

4 months ago 24


Iført legefrakk går sjukehusdirektøren gjennom ei rasert gate, og inn i ei israelsk stridsvogn. Det er siste gong Hussam Abu Safieh blei sett offentleg, før han blei arrestert.

To nyleg lauslatne fangar frå den israelske interneringsleiren Sde Teiman seier til CNN at dei har sett han der i ettertid, men det er ikkje uavhengig bekrefta.

Fredag invaderte israelske styrkar Kamal Adwan-sjukehuset, der Safieh hadde øvste ansvar.

Dei kvinnelege pasientane fekk beskjed om å reise til Det indonesiske sjukehuset, som ifølge Verdas helseorganisasjon (WHO) ikkje lenger er i drift.

Mennene blei strippa og avhøyrde. Fleire fortel at dei blei banka opp og spytta på av dei israelske soldatane.

– Når dei var ferdige, markerte dei oss, fortel Ramadan al-Aswad til AFP, og viser fram brystet sitt, der konturane av to tal står skrive i tusj.

 Ramadan al-Aswad viser fram brystet

Ramadan al-Aswad var pasient ved Kamal Adwan-sjukehuset. Natt til laurdag blei han avhøyrd av israelske styrkar.

Foto: AFP

Fleire av mennene fortel til AFP at alle som ikkje blei arresterte, blei tvungne til å gå til ein tilfluktsstad i nærleiken, til fots og utan klede i kulda.

«Mitt yrke er mi plikt»

Dei israelske styrkane beordra også dei tilsette ut av sjukehuset. Fleire av dei blei arresterte.

Blant dei var sjukehusdirektør og barnelege, Hussam Abu Safieh.

Også i slutten av oktober blei Safieh arrestert, for så å bli lauslaten, av dei israelske styrkane.

I same militæroperasjon blei sonen Ibrahim (15) drepen i eit israelsk droneangrep.

Footage shows the Israeli occupation forces in Kamal Adwan Hospital in northern Gaza.

OKTOBER: Tilsette ved Kamal Adwan-sjukehuset held opp hendene sine under eit israelsk raid av sjukehuset i oktober i år.

Faksimile: X/@SUPPRESSED NEWS

Safieh fortalde til +972 Magazine at han såg sonen døy i inngangpartiet til sjukehuset.

Direktøren har fleire gonger sagt at han aldri kjem til å forlate sjukehuset eller pasientane sine.

– Mitt yrke er mi plikt, og eg skal fortsette å jobbe. Eg kjem til å bli verande på sjukehuset heilt fram til mi siste stund.

Hussam Abu Safiya, direktør for Kamal Adwan sykehus, viser skadene inne på sykehuset etter israelske angrep, i Beit Lahiya, på den nordlige Gaza-stripen, 18. desember 2024.

Husam Abu Safieh viser fram skadane på sjukehuset etter ein israelsk militæroperasjon tidlegare i desember.

Foto: Reuters

Direktøren arrestert

Fredag morgon blei han nok ein gong arrestert av Det israelske forsvaret (IDF).

Det siste bildet som finst av Safieh, har sirkulert på sosiale medium.

Dr. Hussam Abu Safiya går til en israelsk stridsvogn før han blir arrastert.

Sjukehusdirektør Hussam Abu Safieh går mot ei israelsk stridsvogn. Bildet skal vere tatt frå innsida av Kamal Adwan-sjukehuset.

Foto: Muhannad Al-Muqayed

På bildet går direktøren mot ei israelsk stridsvogn, på ordre frå dei israelske styrkane. I ein video publisert av IDF kan ein sjå Safieh stige inn i stridsvogna.

240 arresterte

NRK har vore i kontakt med han som tok bildet, Muhannad Al-Muqayed, som seier at det blei tatt det frå innsida av sjukehuset.

Hossam Abu Safieh (C), direktør ved Kamal Adwan-sykehuset, overvåker behandlingen av en palestinsk mann som ble skadet i et israelsk angrep på Beit Lahia i det nordlige Gaza den 21. november 2024. (Foto av AFP)

Sjukehusdirektør og lege Hossam Abu Safieh etter eit angrep i byen Beit Lahia i slutten av november.

Foto: - / AFP

Al-Muqayed skildrar situasjonen som uuthaldeleg.

– Okkupasjonsstyrkane flyr over oss, medan hundane i gatene har begynt å ete på dei døde kroppane utanfor sjukehuset. Situasjonen er uuthaldeleg og veldig farleg, seier han.

– Ingen beskyttar sjukehuset.

240 personar blei arresterte laurdag, av til saman 950 avhøyrde. IDF hevdar dei arresterte er tilknytte Hamas eller Islamsk Jihad.

Det er ikkje lagt fram bevis for påstandane.

Når NRK spør kvifor sjukehusdirektøren blei arrestert og kvar han er, viser IDF til sin eigen X-konto. Der står det at Safieh blir etterforska for «terrorverksemd», men ikkje kvar eller kvifor.

– Direktøren er sett i forvaring, vi veit ikkje kvar. Vi krev ei umiddelbar lauslating, seier WHOs generalsekretær Tedros Adhanom Ghebreyesus måndag.

Det israelske forsvaret (IDF) har publisert denne videoen, som viser tvangsflyttinga av menneske frå Kamal Adwan-sjukehuest.

IDF

Hamas nektar for at dei har brukt sjukehuset som gøymestad, og gjentar bodskapen om å la humanitære organisasjonar sleppe inn i Nord-Gaza for å beskytte sjukehusa.

Ute av drift og tømt for folk

Kamal Adwan-sjukehuset er no ute av drift og tømt for folk. Laboratoriet, operasjonsavdelinga, kirurgiavdelinga og sjukehuslageret, er heilt utbrent.

Verdas helseorganisasjon (WHO) kallar militæroperasjonen for ein del av ei systematisk øydelegging av helsesystemet på Gazastripa, og at det no ikkje lenger finst operative sjukehus i nord.

– Det er vanskeleg å bere ansvaret åleine

Nokre kilometer unna, ligg al-Awda-sjukehuset, som er delvis i drift.

– No er vi det einaste sjukehuset som er i drift i nord. Det er vanskeleg å bere dette ansvaret åleine, seier direktør ved al-Awda-sjukehuset, Mohammed Salha.

NRK snakkar med Salha på videolenke frå sjukehuset. Det er mørkt rundt han og linja er dårleg. Han fortel at straumen er kutta som følge av dei israelske angrepa i området.

Mohammed Salha

Mohammed Salha, direktør ved al-Awda-sjukehuset, nektar å forlate pasientane sine.

Foto: Privat

Nektar å evakuere

– Det er 85 dagar sidan dei israelske okkupasjonsstyrkane omringa området. I løpet av denne perioden har vi ikkje fått inn noko medisinsk utstyr eller drivstoff.

Vi klarer ikkje å hjelpe alle pasientane som kjem inn. I går fekk vi inn ytterlegare sju skadde, seier han.

Vindauga på sjukehuset er knuste og mykje av det medisinske utstyret er øydelagd som følge av dei israelske bombeangrepa i området, fortel direktøren ved al-Awda-sjukehuset.

– Vi har mista liva og heimane våre. Alt er øydelagt. Men vi kjem aldri til å miste moralen og verdiane våre, seier Salha, som ikkje ønsker å evakuere sørover.

Publisert 30.12.2024, kl. 14.52 Oppdatert 30.12.2024, kl. 15.13

Read Entire Article