Dagen etter den verste flyulukka i Sør-Koreas historie, er det framleis fleire spørsmål enn svar.
179 av 181 om bord omkom då eit Boeing 737-800-fly krasjlanda på magen, kolliderte med ein betongvegg og eksploderte.
Måndag morgon er 141 av dei omkomne identifiserte, skriv nyheitsbyrået Yonhap.
No vil Sør-Koreas samferdselsdepartement ha ein «ekstraordinær inspeksjon» av alle fly av same typen, Boeing 737–800.
Fungerande president Choi Sang-mok har beordra ein gjennomgang av landets luftfart, og ber etterforskarane dele funna sine med dei etterlatne umiddelbart.
Finansminister og fungerande president Choi Sang-mok.
Foto: JUNG YEON-JE / AFPSpørsmåla etter ulukka er mange. Flyet er fullstendig vraka etter ulukka, men dei to «svarte boksane» i flyet er funne.
Sør-Koreas samferdselsmyndigheiter har delt detaljane dei har så langt frå dei siste minutta før flyet trefte rullebana.
- Piloten sende ut naudsignal 08.59 lokal tid søndag morgon.
- To minutt tidlegare blei piloten varsla om «fugleaktivitet» i landingsområdet. Flyet fekk ny landingsrute.
- Klokka 09.02 trefte flyet rullebana, og 34 sekund seinare gjekk styrtalarmen av på hjå redningsmannskapet.
Både vêrforhold og rapporten om fuglekollisjon blir etterforska som moglege årsaker til ulukka, men også vakthald og rutinar på flyplassen og hjå Jeju Air blir granska.
Brannmenn deltek i søket etter DNA frå dei omkomne.
Foto: Kim Hong-Ji / ReutersIfølge The Guardian stiller ekspertar også spørsmål ved om sjølve oppsettet på flyplassen kan ha spelt ei rolle.
– Det pleier ikkje vere ei såpass solid hindring på slutten av ei rullebane, seier professor Kim Kwang-il, som meiner ulukka hadde vore langt mindre fatal om det var mjukare hindringar der.
Nytt flytrøbbel
Nok eit fly av typen Boeing 737–800 fekk problem søndag kveld norsk tid. Også dette høyrde til selskapet Jeju Air.
Nyheitsbyrået Yonhap meldte at flyet måtte snu og vende tilbake til Seoul kort tid etter at det letta, på grunn av problem på landingssystemet.
Dette var truleg årsaka til dødsulukka på søndag også. På videoar av hendinga ser det ut til at flyet landa utan å ha fått ut landingshjula.
Flyulukka på Muan flyplass i Sør-Korea, søndag 29. desember.
Landesorg
På Muan-flyplassen, der ulukka skjedde, har fleire samla seg for å legge ned blomstrar og be for dei omkomne.
Munkar legg ned blomar på flyplassen.
Foto: JUNG YEON-JE / AFPDer har også samferdselsdepartementet orientert pårørande og pressa i fleire rundar gjennom natta. I morgontimane fortalde dei at restane av dei 179 omkomne har blitt frakta til eit midlertidig likhus i form av ein hangar på flyplassen.
Fungerande president Choi Sang-mok har erklært landesorg fram til 4. januar. Røykelse er sett ut i alle byar og provinsar i Sør-Korea. Dei skal brenne heile sørgeperioden.
Publisert 30.12.2024, kl. 08.01