Ei novembernatt i 2021 braut mannen seg inn gjennom soveromsvindauget til kona si i Molde, der han valdtok henne og drap henne med ei vektstong.
Deretter tok han seg inn i eit nabohus. Han blei også dømt for å ha forsøkt å drepe tre familiemedlemer i dette huset. Ein ung gut blei livstrugande skadd i angrepet.
Mannen blei dømd til lovas strengaste straff, og sit no i fengsel.
Men no vil Høgsterett ta stilling til spørsmålet om foreldreansvar, og om mannen skal få lov til å møte barnet sitt.
Høgsterett er den siste rettsinstansen i Noreg, og behandlar saker som vil kunne vere førande for liknande saker i retten seinare.
Publisert 10.01.2025, kl. 10.58