– Eg oppfattar Melby som ein radikal politikar som eg ikkje trur eit kvidder på

6 hours ago 4


Berge har tidlegare skrive på Facebook at Venstre er «krig og drepepartiet» på grunn av deira sterke Ukraina-støtte.

På telefon frå Kina seier han at han held på alt han har skrive i sosiale medium om alt frå norsk Russland-politikk til Venstre-leiar Guri Melby.

– Eg oppfattar Melby som ein radikal politikar som eg ikkje trur eit kvidder på, seier Berge til NRK.

– Eg registrerer at Atle Berge brukar ytringsfridomen sin til å spreie Putin- og Russland-venleg propaganda, svarar Melby.

Det vekte stor merksemd tysdag kveld då Berge stadfesta at det er han som har betalt den omstridde plakatkampanjen til partiet Fred og rettferd (FOR).

– Eg har gitt og skal gi ytterlegare beløp til partiet FOR. Det er totalt snakk om millionbeløp, og det kan bli meir, sa Berge til NRK i går.

Erna Solberg, Sylvi Listhaug, Guri Melby, Dag Inge Ulstein

Venstre-leiar Guri Melby er svært kritisk til Berge sine prorussiske haldningar.

Foto: NRK

Gjekk hardt ut

No må han svare for påstandar han har lagt ut, blant anna på Facebook.

Blant anna denne om partiet Venstre frå november i fjor:

«Veldig bra at Trump blir president i USA. Da stansar sløseri pengane til Ukraina. Neste må vere at Noreg totalt stoppar slike løyvingar til Ukraina krigen, så må Venstre ut av Stortinget. Det mest håplause av alle parti. Krigs- og drepe partiet».

Venstre-leiar Guri Melby er svært usamd med Berge.

Ho slår fast at dette er ein fridom Berge har i Noreg.

– Den fridomen har ikkje opposisjonelle i Russland, seier Melby.

Her er nokre av utsegnene til Berge frå sosiale medium:

Lyntog-tur

Då NRK snakkar med Berge onsdag, er han framleis i Kina.

Der er han på rundreise saman med blant andre Tore Nærland frå Bryne, som i mange år har jobba for organisasjonen «Bike for peace».

– Hovudtema blir lyntog. Vi skal reise med tog i Kina, og besøke selskap som bygger tog og lagar jernbanelinjer, sa Berge til lokalavisa Grannar i februar tidlegare i år.

Berge er folkeregistrert i Bø i Vesterålen, men stadfestar at han oppheld seg mykje i Russland.

Han driv ei bedrift i Murmansk med om lag 50 tilsette.

Atle Berge

BETONG-MILLIARDÆR: Atle Berge er ifølgje bladet Kapital god for 2,5 milliardar kroner.

Foto: Bård Wormdal

Tek avstand

Berge slo seg opp i næringslivet då han starta Ølen Betong på 70-talet. Han er no heilt ute av bedrifta.

– Sidan mars 2023 har Atle Berge ikkje hatt noko forbindelse med Ølen Betong. Han har heller ingen eigarpostar i selskapet i dag.

Det seier Bjørn Richard Johansen i Geelmuyden Kiese, som er talsmann for selskapet.

For Guri Melby i Venstre er det uansett viktig å markere avstand frå dei politiske påstandane frå Atle Berge og partiet FOR.

– For oss er kampen for Ukraina sin fridom kjempeviktig, også for Noreg sin fridom. Det er difor vi har stått på barrikadane for den, og det er viktig at vi fortel om kvifor.

Partileiar i FOR seier det er den norske milliardæren Atle Berge som betalte for alle plakatane som partiet fekk hengd opp på T-banen i Oslo.

Publisert 21.05.2025, kl. 19.12

Read Entire Article