At Trump har auka tollsatsane mot dei tre landa USA importerer mest frå, skapar store reaksjonar.
Canda har allereie varsla auka tollsatsar tilbake.
Det er ikkje første gong vi ser ein handelskrig, men dette er eit nytt nivå, seier utanriksminister Espen Barth Eide.
– Den verdsordenen som Trump no går laus på, er ein verdsorden som i stor grad er skapt i USAs bilete. Vi har tent på å ramme verda inn i dette systemet, men først og fremst har det tent USA, seier utanriksministeren.
Trump har ikkje skrive under på noko auka tollsatsar mot Europa eller Noreg, men Eide trur ikkje det varer lenge.
– Det er grunn til å tru at Europa er nestemann ut, seier han til NRK.
Publisert 02.02.2025, kl. 09.53 Oppdatert 02.02.2025, kl. 09.55