Ekspert om ny Gaza-rapport: – Rimar ganske godt med skildringa av eit folkemord

2 weeks ago 10


Kontoret, som har stor juridisk tyngde, har publisert ei utsegn med kommentarar til sin analyse av Israels handlingar på Gazastripa.

– I lys av den samla effekten av den israelske hærens gjerningar i Gaza, er vi alvorleg bekymra for at Israel ser ut til å gjere livsvilkåra til palestinarar i Gaza så dårlege at dei ikkje kan halde fram med å eksistere som ei gruppe i Gaza, står det i utsegna.

Akkurat denne delen av formuleringa får mykje merksemd.

Flyktningar går gjennom ruinane i gatene i Gaza by.

Flyktningar kom fram til Gaza by etter å ha mått reise frå nabolaga aust for byen fredag 11. april.

Foto: BASHAR TALEB / AFP / NTB

– Skildringa menneskerettskontoret gir av Israels handlingar, rimar ganske godt med skildringa av eit folkemord, seier Jo Stigen.

Han er jusprofessor og spesialist i folkerett ved Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo.

NRK har stilt den israelske hæren (IDF) fleire spørsmål om saka.

Dei kommenterer ikkje FN-kontorets analyse konkret, men avviser brot på folkeretten. Samstundes seier dei at påstandane om at Israel bevisst angrip barn, er «grunnlaus, absurd og opprørande».

Israel angrip berre militære mål, hevdar dei. IDF skildrar dette som avgjerande for å hindre at Hamas opererer i området.

Debatt om folkemord

Søndag angreip IDF Al-Ahli Baptist-sjukehuset i Gaza by for femte gang sidan krigan starta.

Hæren hevdar sjukehuset fungerte som ei kommandosentral for Hamas, men har ikkje lagt fram bevis for denne påstanden.

Spørsmål og svar

  • Kva er OHCHR?

    FNs menneskerettskontor (OHCHR) er det leiande organet for menneskerettar i FN. Deira mandat er å beskytte og promotere menneskerettar for heile verda. Deira oppgåver går ut på å sette ein menneskerettsleg standard, overvake og implementere menneskerettar.

  • Kva er ICC?

    ICC er den internasjonale straffedomstolen. Dei kan straffeforfølge brotsverk mot menneskeslekta, folkemord og krigsbrotverk.

  • Kva er krigsbrotverk?

    Krigsbrotsverk er alvorlege brot på reglane for krig. Dette er altså brot på internasjonal lov og skikkar for krigføring. Dømer på dette kan vere drap, valdtekt, slaveri, mishandling av krigsfangar eller sivile, plyndring m.m.

  • Kva er brotsverk mot menneskeslekta?

    Bortsverk mot menneskeslekta er mord, utrydding, deportasjon, og andre umenneskelege handlingar mot sivilbefolkninga før eller under krig. Dette er uavhengig om handlingane er i strid med nasjonal lovgjeving.

Sidan krigen i Gaza braut ut, har fleire skulda Israel for å gjere seg skuldig i eit folkemord mot palestinarane på Gazastripa.

Mellom anna har menneskerettsorganisasjonane Amnesty International og Human Rights Watch argumentert for dette.

Israel sjølv nektar.

Også her heime har det vore debatt rundt kva eit folkemord er og kva som skal til for å kalle Israels krigføring på Gazastripa nettopp dette.

Menneskerettskontoret si utsegn rokkar ved denne debatten.

Stigen trekk fram formuleringa om at det kan sjå ut som at Israel påfører palestinarane levekår som ikkje er kompatible med palestinarars eksistens som gruppe på Gazastripa.

Ifølge FNs folkemordkonvensjon, kan det å «bevisst la ei gruppe bli utsett for levekår som tar sikte på å fysisk øydelegge heile eller delar av gruppa» bli kategorisert som eit folkemord.

Jo Stigen

Folkerettsspesialist ved UiO, Jo Stigen.

Foto: UiO

Formuleringa i utsegna er svært lik, men ikkje heilt.

For slike handlingar kan juridisk berre bli kategoriserte som folkemord om ein kan bevise ein intensjon om å fullstendig eller delvis øydelegge ei nasjonal, etnisk, rasemessig eller religiøs gruppe.

Utsegna frå FN seier ikkje noko om ein slik intensjon hjå Israel, påpeikar Stigen.

– Men dei går langt i å seie at det er ein type åtferd som kvalifiserer til folkemord. Det er eit sterkt signal at FNs kontor for menneskerettar, med all den kompetansen dei sit på, går ut og seier dette.

Å skulde Israel for folkemord er antisemittisk, meiner Ervin Kohn. Sjå diskusjonen i den nyaste episoden av «Yama utfordrar»:

Ervin Kohn er ein av Noregs mest profilerte jødar og går i elden for Israel. Kan man kritisere Israel utan å bli stempelet som jødehatar?

Tvungen fordriving

Meir enn to tredjedelar av Gaza er no erklært utrygge for sivile eller er omfatta av evakueringsordrane frå IDF.

Sivilbefolkninga blir evakuerte til små område utan tilgang på viktige tenester, mat eller vatn, står det i FN-rapporten.

Han tar føre seg evakueringsordrar for 21 område, som har blitt sende mellom 18. mars og 9. april.

Særleg evakueringsordren for Rafah, der Israel no skal lage buffersone, blir trekt fram.

I fleire tilfelle har sivilbefolkninga likevel blitt angripne i det som skal vere trygge soner.

Redningsmannskap leiter etter overlevande i grå ruinar av eit bustadbygg.

Foto: OMAR AL-QATTAA / AFP / NTB

IDF har gått inn i dei evakuerte områda med bakkestyrkar eller angripe frå lufta, noko som gjer dei umoglege å vende tilbake til.

– Desse evakueringsordrane ser stadig meir ut som ein intensjon om å permanent fordrive sivile frå desse områda, står det i rapporten.

Tvungen flytting av sivile på okkupert territorium utgjer brot på Genèvekonvensjonane og brotsverk mot menneskeslekta i Den internasjonale straffedomstolen (ICC) sine statuttar.

Menneskerettskontoret har også sett på:

  • 224 angrep på område der sivile oppheld seg, som bustadbygg og teltleirar for internt fordrivne, sidan 18. mars
  • Israels seks veker lange blokade mot naudhjelp inn til Gaza
  • Drap på journalistar som dokumenterer krigen i Gaza

– Nærare folkemord

Også folkerettsforskar Cecilie Hellestveit ser hinta til folkemordkonvensjonen i OHCHR si utsegn.

– Dette flyttar Israels gjerningar inn i nye, meir alvorlege kategoriar, seier ho.

Hellestveit i mørk dress med armene i kors.

Jurist og forskar ved Folkerettsinstituttet, Cecilie Hellestveit.

Foto: NRK

Israels statsminister Benjamin Netanyahu og tidlegare forsvarsminister Yoav Gallant er allereie under etterforsking av Den internasjonale straffedomstolen (ICC) for krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskeslekta i form av å bruke svolt som våpen mot sivile i Gaza.

– Det OHCHR skriv her, er eigentleg tre ting. For det første at Israel no truleg gjer seg skuldig i eit krigsbrot ICC alt etterforskar. For det andre at denne etterforskinga kan bli utvida til å handle om utrydding, som er enno meir alvorleg, seier Hellestveit.

– Og til slutt kan ein lese det som eit hint til at dette også kan falle inn under folkemordkonvensjonen.

OHCHR er eit FN-organ med stor tyngde, og rapporten er gjennomgått av fleire rapportørar. Difor viser han kva veg ICC vil gå i etterforskinga si, seier Hellestveit.

– Slik eg les dette, inviterer dei no til å seie at det Israel gjer kan utgjere utrydding, og då er vi eit stort steg nærare folkemord, seier ho.

Interessert i utanriksstoff? Høyr den nyaste episoden av Urix-podkasten:

Publisert 13.04.2025, kl. 18.28 Oppdatert 13.04.2025, kl. 18.34

Read Entire Article