Vi oppdaterer saka.
Uvêret og bombesyklonen «Éowyn» som slo innover Noreg i går, har ikkje ført til nokre store øydeleggingar, ifølge politi og Vegtrafikksentralen.
Men vêret påverkar mange laurdag:
– Vi merkar uvêret veldig godt framleis, slår Malin Blom i Vegtrafikksentralen fast laurdag morgon.
Først i kveld er uvêret venta å roe seg.
Dei fleste fjellovergangar i Sør-Noreg er stengde:
Stein og tre på vegbana
Fleire vegar i låglandet er også stengt.
Fleire stader har det kome stein og tre i vegbana.
Ein stein på over tre kubikk har ramla ned i vegbana på riksveg 13 ved Ylvisåker i Sogndal. Vegen er stengt.
Fleire vegar er stengde. På riksveg 13 i Sogn ramla det stein ned i vegen.
Foto: Vegtrafikksentralen– Fjellsida må undersøkast av geolog og det må også ryddast på staden. Det vil ta tid å vurdere situasjonen, seier Blom i Vegtrafikksentralen.
Også på riksveg 13 i Odda ved Fresviktunnelen har det rasa ned stein.
Entreprenør er på veg. Steinen sperrar eitt køyrefelt.
I løpet av natta og morgontimane har det også kome fleire tre ned i vegbana.
Mellom anna sperrar eit tre E39 Haugsvær i Masfjorden i morgontimane.
Statens vegvesen seier dei har mannskap ute, men ber folk vere ekstra merksame på at det kan ligge tre og busker på vegane.
Mange husstandar er også utan straum. Dette gjeld over 400 kundar i Sunnhordland, ifølge straumselskapet BKK.
Fleire innstilte ferjer og fly
På Flesland lufthamn i Bergen er fleire fly innstilte.
I tillegg er fleire ferjeruter også innstilte.
- Lavik – Oppedal på E39
- Mortavika-Arsvågen E39 nord for Stavanger.
- Måløy-Oldeide
- Fedje-Sævrøy
- Leirvåg – Sløvåg
Fleire bruer står i fare for å måtte stenge grunna sterk vind. Mellom anna gjeld dette riksveg 15 Måløybrua på riksveg 15.
Sterk vind herjar fleire stader, mellom anna i Måløy i Nordfjord.
Foto: Statnes vegvesen– Dersom vinden blir for sterk, stengast den automatisk, noko som fort kan skje.
Vegtrafikksentralen er klar på at folk må køyre etter forhalda og oppdatere seg på vêr og vind.
Publisert 25.01.2025, kl. 09.57 Oppdatert 25.01.2025, kl. 10.13