Episoden skal spegle Stavanger og Noreg i overgangen frå 80- til 90-talet.
1. Den skolesekken til Marie ...
Marie samlar tomgods frå gata og puttar det i ranselen sin.
Her snakkar vi om ein gammal slager!
Sekken i lyst skinn med meis var megapopulær på 70- og 80-talet – ja, faktisk langt inn på 90-talet.
Han er frå norske Beckmann og er framleis i produksjon, men i ei nyare utgåve.
Marie samlar tomgods i ranselen sin. PS: Originalen, altså vintage-versjonen, vart nyleg observert på ein ung rygg i Oslo ...
Foto: Maipo Film/NRKDenne er om lag 35 år gammal (ein ungfole, med andre ord!) og heng på veggen til eigaren sin til pynt. Ofte hadde desse sekkane handskrivne helsingar på lokket.
Foto: privat2. Var namneskilt på veggen ei greie?
Sture Molvik har kjøpt så mykje sjampanje i Toril sin restaurant «Rockokko» at han får sin eigen plakett på veggen.
Ja, det var ei greie.
I Oslo fanst mellom anna ein bar som heitte «Barock».
Der kunne ein få namnet sitt på veggen om ein kjøpte nok sjampagne i magnumflasker.
SJAMPIS-SJARM: Sture Movik (Herman Flesvig) blir irettesett av Anna fordi han har namnet sitt på ein sjampanje-plakett.
Foto: Maipo FilmMAGNUM-GLIS: Sjampanje framfor plakettar på Barock i Oslo. Er det tilfeldig at Toril sin stad også har namn etter ein kunststil, skal tru ... ?
Foto: NTB
3. Marie er mykje åleine heime. Var det vanleg?
I alle fall meir vanleg enn det er i dag.
Fleire kvinner byrja å jobbe på 80-talet, men skolefritidsordninga kom ikkje før i 1997.
Derfor var barn og ungdom ofte åleine heime. Ikkje alle hadde tilgang på besteforeldrar eller råd til «dagmamma».
ÅLEINE HEIME: Denne klassikaren kom i 1990, nøyaktig same år som episode 7 i Lykkeland. Marie var ikkje den einaste som var åleine heime.
Foto: Disney– Det er rimeleg å anta at mange barn var åleine ein del timar i veka medan foreldra jobba.
Det skriv forskar Ragni Hege Kitterød ved Institutt for samfunnsforskning.
Men sjølv om fleire kvinner enn tidlegare var i jobb, jobba 59 prosent deltid i 1989. Likevel var det ganske mange som jobba fulltid: om lag 40 prosent.
Heimekontor og fleksitid var ikkje like gjengs då som no.
ORDNAR SEG SJØLV: 12 år gamle Marie er mykje heime åleine.
Maipo Film/NRK4. Leid Noreg av hollandsk sjuke?
Over eit tårnfat med eksklusiv østers, spør Anna kollegaene om dei trur Noreg lir av hollandsk sjuke.
Året er altså 1990, og Nederland hadde tent store pengar på gass på Groningen-feltet sidan 60-talet.
Det førte til ein sterk vekst i offentlege utgifter, som igjen førte til kollaps i økonomien etter 20 gode år.
Anna spør om Noreg lir av hollandsk sjuke mens Per Gunnar slurpar i seg østers (eit symbol på at svaret er ja?)
– Ja, mykje tyder på at Noreg hadde symptom på hollandsk sjuke på slutten av 80- tidleg 90-tal.
Hilde C. Bjørnland er professor i økonomi ved BI og har forska spesielt mykje på kva olja har betydd for Noreg.
– Noreg var ikkje like hardt råka som Nederland, men det var klare likskapstrekk, seier ho.
– Norsk økonomi vart sårbar, noko som vart tydeleg i 1986 då oljeprisen fall kraftig. Nedgangen bidrog til store underskot i statsfinansane og ei aukande arbeidsløyse.
Derfor vart Oljefondet (1990) og handlingsregelen (2001) oppretta.
VÅR FELLES FRAMTID: Fondet vert forvalta av Norges Bank Investment Management frå Noregs banks lokale i Oslo.
Foto: NTB Scanpix5. Blå maskara?!
Toril brukar mykje blå maskara i denne sesongen, ja, til og med dottera Marie gir seg sjølv blå vipper.
Folk gjekk definitivt med blå maskara på 80-talet.
Men sjølv om det var populært, var det ikkje noko nytt: Blå og grøn (!) maskara hadde eksistert sidan 1960.
Marie har gått i sminkepungen til mor Toril.
Foto: MAIPO FILM / NRKMen sidan fargefjernsyn ikkje var vanleg på 60-talet, hadde maskaraen avgrensa effekt.
Derfor kom blå maskara tilbake med eit bang på 80-talet; tiåret for mønster og sterke fargar (ikkje minst på fjernsynet).
Denne trenden har Toril omfamna heilt til 90-talet.
Maskaraen har vore tilbake i små periodar fleire gonger, og no ryktast det at han er hot – igjen.
MAYBE IT'S MAYBELLINE (1987): Kva med ein blå, grøn eller lilla mascara?
Foto: Maybelline Co.TIKTOK ANNO 2024: Mascara med farge på, spesielt blå, ser ikkje ut til å forlate marknaden heilt enno.
Foto: Skjermbilete / TIKTOK
6. Er kleda til Anna tidsriktige?
Toril går rundt som eit vandrande 80-tal i serien. Men kva med Anna?
Ja. Definitivt tidsriktig.
Kostymedesigner Anne Pedersen fortel at den største utfordringa med Anna var å gjere henne eldre.
– Ho er aleinemor og har ein krevjande jobb, så vi gav henne ein vaksen og litt konservativ stil.
VAKSEN: Anna Hellevik Kay kler seg som ei forretningskvinne kunne gått kledd på den tida.
Maipo Film/NRKKostymedesigner Pedersen legg til at det er gjort mykje undersøking av bilete frå 80-talet.
Mellom anna har ho sett mange episodar av NRK-programmet LørDan.
– Det er gøy med 80-åra. Moten var ganske ekstrem, mykje meir enn kva vi har gjort i serien, synest eg!
Dei har faktisk dempa kostyma litt, slik at sjåarane ikkje skulle bli for distrahert av kleda.
Det gjekk i store blusar, puffermer, permanent og fargar på slutten av 80- og tidleg 90-tal. Her er nokre utdrag frå LørDan i det aktuelle året 1990, 17. november.
7. Men Stig Henrik Hoff er da ikkje nordlending?
Å, joda!
Eller, nei. Han er opphavleg finnmarking.
Fiskaren Tobias blir kjærast med bestemor Randi. Det var uventa, sidan ho mista mannen sin i bilulykka i første sesong, noko Toril klandrar seg sjølv for.
Denne fiskaren er nordlending, og blir spelt av Stig Henrik Hoff.
Han pratar ikkje denne dialekta til vanleg, men har ikkje noko problem med å slå om!
Stig Henrik Hoff som fiskaren Tobias. Han presiserer til NRK at sjela hans høyrer til i Finnmark.
Foto: MAIPO FILM / NRKHoff har vakse opp på Berlevåg i Finnmark (og i Fiskum i gamle Buskerud fylke.)
Han har spelt nordlending i fleire tilfelle, som i Sulis 1907 og Kampen om Narvik.
- PS: Faren hans er den legendariske visekunstnaren (og nordlendingen) Trygve Hoff.
- PPS: Hoff er ikkje den einaste i serien som har bytta dialekt. Fredrik Nyman (med Stavanger-diakelt) blir spelt av Per Kjerstad, altså ein nordlending.
Ei samansetning av to eldre bilde av søn Stig Henrik og far Trygve Hoff. Faren står bak blant anna bak «Nordnorsk julesalme».
Foto: NRK/Arild S. Ellefsen8. Konserten til slutt, skal det liksom vere ... Nirvana?
Episode 7 nærmar seg slutten og Marius har byrja å jobba i baren til mor Toril – mot hennar vilje.
Medan spenninga byggjar seg opp mellom dei to, byrjar ein konsert: Ein mørk vokal, seig el-gitar, rutete flanellskjorte og halvlangt, rufsete hår trer fram.
Lydbilete er mistenkeleg likt ...
Er det ein hyllest til Nirvana, eitt av dei mest kjende rockebanda på 90-talet?
– Nei.
Det seier manusforfattar Mette M. Bølstad i Maipo Film.
Grunge-musikken og 90-talet tar scena i det 80-talet og Toril forsvinn ut døra.
Video: MAIPO FILM / NRK– Konserten er ikkje ein heider til Nirvana, men ei erkjenning av at 80-talet er over, og at det kjem ei ny tid, seier manusforfattaren.
Grunge-musikken vart stor i første halvdel av 90-talet, og Nirvana sitt album Nevermind vert rekna som gjennombrotet for stilen.
Andre store grunge-band på den tida var Pearl Jam, Alice in Chains og Soundgarden.
LEGENDE FRÅ TIDLEG 90-TAL: Ein av dei, i alle fall. Kurt Cobain, vokalist i Nirvana. 👉🏻
Foto: ROBERT SORBO / ApNEVERMIND: Nirvana sitt gjennombrotsalbum kom i 1991.
Foto: GEFFEN RECORDS
- PS: Songen er ikkje skriven for Lykkeland, men er frå 2015 og laga av den amerikanske artisten Blues Saraceno.
- PPS: Minner ikkje vokalisten om ein annan kjend figur ... Jesus?
– Når Toril no ein gong skulle møte Jesus i det sterke lyset mellom liv og død som nokon skildrar, ville vi ha ein Jesus som passa inn i hennar liv, forklarar Bølstad.
Her er originalen:
Her kan du lese alle dei andre faktasjekk-sakane.
Kjelder: Beckmann, Digitalt Museum, SSB, SNL, NTB, Oljefondets historie av Noregs Bank Investment Management, Pensjonisten nr. 7 2020, masteroppgåve i historie ved Erling André Flote: UiB 2008, SSBs Arbeidskraftundersøkelse 1989, Noregs Bank, Samfunnsforskning.no, Bernt Olav Aardal, forskar ved UiO, IMDb.
Publisert 01.12.2024, kl. 21.10