– Det er vakkert, men det er så mange. Eg prøver å svare alle, men eg har ting å gjere på garden. Ordne med ved og bygge hytte. Det er mykje å gjere, men alle skal få svar, til slutt, seier Benjamin Ward.
I sofakroken skrollar engelskmannen gjennom telefonen.
Ei knapp veke har gått sidan programma om han i serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» kom ut.
Sidan har folk ringt, sendt meldingar og kontakta Ben på Instagram og Messenger.
Blir rørt av tilbakemeldingane
Alle rosar openheita hans. Om utfordringane ved å modernisere og bu seg inn på ein fråflytt fjellgard i Sogn. Om einsemda.
– Eg trur folk set pris på at eg viser alle sidene av livet. At det ikkje alltid er så enkelt.
Han får tårer i auga og stemma knyt seg når han snakkar om dei fine meldingane;
Om ein far som gav sønene beskjed om å ta lærdom av Ben når dei møter vanskar i livet. Då skal dei også halde ut og til slutt vil dei også få det til.
Ben Ward er rørt over all kjærleiken folk sender til han etter å ha sett arbeidet han har lagt ned på fjellgarden i Kroken i Sogn.
Foto: Oda Flaten Lødemel / NRKHar han fått kjærast?
Han har ikkje gjort det enkelt for seg, ved å flytte til garden som sist var i bruk på 60-talet. I tre år har han kjempa med å få ting på stell.
Mange ser ut til å la seg imponere over den britiske handverkaren. Frå heile landet strøymer meldingane inn.
Blant dei 200 meldingane på sosiale medium, SMS-ane og telefonane, så er det fleire som lurer på om Ben har funne den rette.
I serien legg nemleg ikkje Ward skjul på det ultimate målet er å møte den rette og stifte familie.
Nokre går rett på sak.
– Er du framleis singel?
Andre fortel om seg sjølve, kva dei gjer på fritida og kven dei er.
Ein te-date kan vere aktuelt, seier Ben Ward. Til no har han snakka med nokre på Facetime, og fleire kan det bli.
Foto: Oda Flaten Lødemel / NRKTil og med eit datingbyrå har kontakta Ward, og spurt om han treng hjelp til å sortere i bunken, eller i det minste skaffe seg ein datingprofil.
– Eg vurderte det, for eg veit ikkje heilt korleis eg skal handtere dette.
Ikkje første gong
Ein av dei mange som let seg imponere over Ben, er Severin Rønes. Han fekk også ein god bunke friarbrev då han i starten av 20-åra var med i same programserie, og seinare fekk sitt eige program på NRK.
– Ting vart snudd på hovudet. Eg var van med å gå mykje åleine, og plutseleg skulle alle ha tak i meg. Eg var ikkje budd på det, men det var positivt, seier Rønes.
Han er i dag sambuar, men ikkje som følgje av friarbreva han fekk. Han trur Ben vil oppnå sin store draum.
– Det blir nok slutt på åleinetida no.
Severin Rønes bygde også opp eit liv på ein gard langt vekke frå folk. Han er imponert over Ben, og trur familielivet vil kome til han også.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRKMen dei som vil kapre Ben sitt hjarte i Kroken får nødvendigvis ikkje ein enkel veg.
Ein ting er den kronglete vegen til garden, noko anna er kva Ben vil ha. For ifølgje far hans, David Ward, så veit Ben kva han vil.
– Han er kresen. Men ut ifrå den responsen han har fått, så tippar eg at den rette er i bunken.
Enn så lenge er sivilstatusen uendra for Ben. Men kvinnene og andre må likevel smørje seg med tolmod. For han har rett og slett ikkje tid til å jakte kjærleiken med det første.
– All responsen gir meg håp. Eg trur ho er der ute. Det er eg sikker på.
Publisert 10.12.2024, kl. 21.06