– Eg har vore i tenkeboksen den siste tida. Eg var tungt investert i det førre regimet og det blir no jobba på ein litt annan måte. Dermed er det best for meg, Brann og teamet som trener laget no at dei held fram utan meg. Eg er utruleg glad i Brann og ønskjer dei alt godt, seier Huseklepp.
TV 2 og Bergens Tidende melde om nyheita først.
– Ein tung dag
Huseklepp seier at han trur dette er det rette valet for alle partar:
– Freyr skal spele same type fotball som vi har gjort, men samtidig er det mange forskjellige måtar å trene på som skal føre til det målet. Der er forskjellane litt store, så eg trur ikkje det er gunstig at eg er ein del av den reisa.
– Dette er ein trist dag. Brann og supporterane betyr alt for meg.
Den tidlegare kantspelaren seier dette ikkje har noko med hans eige ønskjer om å vere trenar å gjere:
– Absolutt ikkje. Det handlar berre om kva eg trur er best for Brann.
– «På gjensyn»
– Eg har lyst til å halde fram med trenarutdanninga, seier Huseklepp.
Han håpar at han ein dag kan kome tilbake til Brann.
– Eg håpar det ikkje er eit farvel til Brann, men heller på gjensyn.
På spørsmål om kva som har vore høgdpunktet i trenarkarrieren så langt, svarar han:
– Det er vanskeleg å kome unna cupfinala. Eg fekk aldri oppleve det som spelar sjølv. Det var heile dagen og stemninga. Den kjem eg aldri til å gløyme.
– Inga gladnyheit
Sportsleg leiar i Brann, Per-Ove Ludvigsen, seier at dei har uttrykt til Huseklepp at dei ønskjer at han blir verande.
Branns nye trenar har tidlegare sagt at han ønska Huseklepp med som assistenttrenar.
– Både vi som klubb og Freyr har vore klare på at vi veldig gjerne ville ha med Erik vidare i trenarteamet rundt A-laget. Dessverre har han no valt å gi seg, sjølv om vi helst ville at han skulle fortsette i so rolle, seier sportslig leiar i Brann, Per-Ove Ludvigsen.
Huseklepp informerte spelarane om avgjerda måndag morgon, og går no tilbake til sin tidlegare lærarjobb på St. Pauls gymnas i Bergen.
Dermed er dei mest sentrale delane av trenarteamet frå fjorårets sølv-sesong borte etter at Eirik Horneland og Hassan El Fakiri drog til franske Saint-Étienne.
Publisert 27.01.2025, kl. 09.41 Oppdatert 27.01.2025, kl. 09.50