Fare for jord-, sørpe- og flaumskred på Vestlandet

4 months ago 22


Frå søndag til måndag morgon er det gult nivå på farevarsel på jord-, sørpe- og flaumskred for midtre og indre strøk på Vestlandet, ifølgje varsom.no.

Søndag er det venta kraftige regnbyer enkelte stader, og snøsmelting grunna stigande temperaturar.

Faren for sørpeskred er særleg der det er meir enn 50 centimeter snø. Desse kan utvikle seg til flaumskred.

– Hald deg oppdatert

– Hald deg unna bratte skråningar, bekkar og elvelaup med stor vassføring. Hald deg oppdatert om utviklinga av vêret, skred- og flaumsituasjonen, er oppmodinga frå styresmaktene.

Fare for vassplaning

Det er mykje vatn på vegane mange stader, opplyser Statens vegvesen.

– Avpass farta etter forholda og ver obs på faren for vassplaning.

Klokka 18 blei fylkesveg 49 mellom Nordrepollen og Austrepollen i Kvinnherad stengt på grunn av flaum og rasfare. Det blir ny vurdering måndag kl 08:00, melder Vegtrafikksentralen i Vest.

Uvêr og høge bølgjer fører også til konsekvensar for enkelte ferje- og båtruter i Sør-Noreg.

I Vestland har det fått konsekvensar for Sunnhordlandruten og Kystvegekspressen.

Det har også fått konsekvensar for danskebåten til Fjordline.

Publisert 15.12.2024, kl. 18.27 Oppdatert 15.12.2024, kl. 19.04

Read Entire Article