Farevarsel for is – åtvarar mot glatte vegar på julaftan

4 months ago 30


– Det er veldig variabelt kor glatt det er, men det er viktig å ta atterhald. Senk farten og ein må rekne med litt ekstra tid, seier Arvid Wahlstrøm, trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen.

Han har ei klar melding til alle som skal ut og køyre på vegane tysdag og onsdag.

– Køyr forsiktig. På grunn av mildvêret og regnet fleire stader kan dette fryse til is på bakken.

Her kan du lese korleis julevêret blir i:

Mildt og blautt i sør og vest

Mildvêret startar i sør på vestlandet og i Agder julaftan.

– Det regnar og er mildt langs kysten. I indre strøk er det nok gjerne litt snø først tidleg på dagen, seier vakthavande meteorolog Anne Solveig Andersen.

Mild julaften Sørlandet

Mild julaftan i Grimstad i år.

Foto: Erik Wiig Andersen / NRK

– Men så kjem denne milde lufta inn og då får ein overgang til regn. Mest regn er det vestlandet som får på julaftan, seier ho.

På grunn av mildvêret er det sendt ut gult farevarsel for is i store delar av Sør-Noreg.

– Det gjer til at ein må vere ekstra obs når ein skal ut og ferdast.

I nordlege deler av Vestland fylke er det også venta mykje regn på julekvelden og utover første juledag. Det er sendt ut gult farevarsel for dette, men også for flaumfare. Flaumfaren gjeld nord for Sognefjorden.

Kvit jul i aust

Kvit julemorgon mange stader på Austlandet, men utover dagen breier mildvêret seg også austover.

Overgangen til mildvêr kan føre til vanskelege køyreforhold, og det gule farevarselet for is gjeld stort sett heile Austlandet.

Lars Hjortshøy måker gårdsplassen i Porsgrunn julaften.

Så vart det kvit jul på julaftan i år på Austlandet også. Lars Hjortshøy måker gardsplassen i Porsgrunn.

Foto: Theodor Aasland Valen / NRK

Ventar mykje regn

Mildvêret skal også treffe Trøndelag etter kvart, ifølge meteorologen.

Men julemorgonen er det snø i lufta, som seinare vil gå over til regn.

– Overgangen frå kaldt til mildare vêr gjer at det kan bli glatt, seier Andersen.

For Trøndelag gjeld farevarselet mot is frå i ettermiddag.

Samstundes er det venta mykje regn på deler av Nordvestlandet og Trøndelag frå i kveld.

Farevarsel for mye regn

Det er venta mykje regn på Nordvestlandet og Trøndelag julekvelden.

Foto: Meteorologisk institutt

Også dette er det sendt ut gult farevarsel på. Det gjeld frå klokka 23.00 i kveld og fram til i morgon kveld.

– Onsdag er det venta mykje regn, lokalt 50–70 millimeter i døgnet, skriv meteorologane.

Frå midnatt er det også venta jord-, sørpe- og flaumskredfare i Møre og Romsdal og deler av Trøndelag. Årsaka er all nedbøren som er venta, i tillegg at høgare temperatur vil føre til sterk snøsmelting.

Meteorologane tilrår folk å halde seg unna utsette område, og sikre at stikkrenner, kummer og andre vassvegar er fri for snø, is, grus og andre ting.

«Julevêr» i nord, førebels

– I Nord-Noreg er det kjølig og kvitt. Det er dei som nok har det mange vil omtale som «julevêret», seier meteorologen.

I deler av Troms og Finnmark er det fare for kraftig snøfokk på julaftan grunna sterk vind.

Sjølv om det er snø i lufta mange stader, vil temperaturen bli gradvis mildare også i Nord-Noreg.

– I Nordland, i alle fall nær kysten, vil nok nedbøren gå over til sludd og regn, seier meteorologen.

Fare for is og glatte veier i Troms 1. juledag.

Det kan vere store lokale forskjellar.

Foto: Meteorologene

Det er sendt ut farevarsel mot is i Nordland som gjeld frå i ettermiddag. I Troms gjeld det frå første juledag.

Frå første juledag skal det blåse opp i nord.

– Det kjem eit kraftig lågtrykk inn. Vi har sendt ut eit oransje farevarsel på svært kraftige vindkast i Nord-Troms og deler av Finnmark, seier Andersen.

Snøskredfare fleire stader

Meteorologane varslar også om betydeleg snøskredfare fleire stader.

Dette gjeld Nordenskiöld Land, Nord-Troms, Lyngen, Tromsø, Indre Fjordane, Indre Sogn, Voss og Hardanger.

På austlege og sørlege deler av Svalbard er det venta stor snøskredfare frå 1. juledag.

– Store forskjellar

Wahlstrøm har gode råd til bilistane som skal ut på vegen.

– Vårt råd til trafikantane er å planlegge køyreturen og halde god avstand. Det er og viktig å berekne god tid, seier Wahlstrøm.

Han fortel at det er vanskeleg å seie kor glatt det er.

– Det kan vere store forskjellar frå område til område, seier Wahlstrøm.

Ved Bygdøy julaften.

Snø på E18 ved Bygdøy julemorgonen, men snart kjem mildvêret.

Foto: Webkamera

– Køyr forsiktig

Han fortel at hovudvegane med høg gjennomsnittstrafikk blir prioritert fyrst av mannskapa som er ute på vegane.

– Dette gjeld å strø og sikre tilstrekkeleg veggrep. Så går dei over på mindre vegar som fylkesvegar. Kommunane strør sine eigne vegar og så finst det private vegar som strøs av private, seier Wahlstrøm.

Han håper at bilistar som er ute og køyrer ringer inn på 175 dersom dei oppdagar at det er glatt der dei køyrer.

– Vi blir glad om dei ringer inn og da kan vi melde om det vidare til entreprenørane.

Farevarsel for is gjeld både tysdag og onsdag.

– Køyr forsiktig!

Publisert 24.12.2024, kl. 09.48 Oppdatert 24.12.2024, kl. 11.04

Read Entire Article