Fillerista golfstjerne på direkten: – Det er berre sprøyt

5 hours ago 4


At Bryson DeChambeau gjer ting på sin heilt eigen måte er det særs liten tvil om.

Både på sin eigen YouTube-kanal med nærare 2 millionar abonnentar og ved fleire høve i forskjellige media, har amerikanaren forklart detaljert om kva han meiner han gjer rettare enn andre golfspelarar. Han har også argumentert hardt for at hans utstyr er det absolutt beste.

en gruppe mennesker som holder et trofé

VINNAR: Bryson DeChambeau er blant dei mest populære golfspelarane. Her frå da han vann US Open i 2024.

Foto: Frank Franklin II / AP / NTB

Nettopp utstyret er ganske forskjellig frå det dei fleste spelarane i verdstoppen.

Enkelt forklart er det følgande ting Bryson DeChambeau meiner «alle» burde gjere, som berre han gjer:

  • Han har same lengde på alle køllene sine. Dei aller fleste har ulike lengder uti frå kor langt dei skal slå.
  • Han har 3D-printa sine eigne jernkøller for å få meir bua trefflate enn «vanlege» jernkøller.
  • Han har mykje mindre vinkel på sine køllehovud enn andre.
  • Grepet på køllene hans er vesentleg mykje større ein «vanlege» grep.

«Super-3D-køller»

Denne helga spelar han den prestisjefylte PGA-meisterskapen. Der samlast dei aller største golfstjernene for å kjempe om årets andre Major-tittel.

Nordmannen Viktor Hovland gjekk saman med Bryson DeChambeau første dag. Begge to vart følgde tett under Viaplay si overføring.

Nettopp amerikanaren DeChambeau har heilt sidan han kom inn i sirkuset 2016 vore ein omdiskutert kar.

Slik vart det også denne gang.

Da 31-åringen akkurat hadde slått eit slag som gjekk fleire meter for langt, fyrte Viaplays kommentator Joakim Mikkelsen laus.

– Han driv jo med ting på utstyrsfronten med skaft og hovud og 3D meg hit og dit, som ingen andre gjer. Så god som han er, men dei der rare bommane hans når det gjeld lengdekontroll, da tenker eg straks på utstyret, eg altså.

– Ingen andre har dei der «super-3D-AI-you-name-it-køllene», kommenterte Mikkelsen.

– Bevisleg feil

Det er summen av alt som får Joakim Mikkelsen til å reagere.

– Det er så mykje greier med han. Eg har stor respekt for han og alt han har fått til, men eg tenkjer at når han gjer dei bomslaga han gjer, så burde han berre bruke «vanlege» køller, seier Mikkelsen til NRK.

I tillegg til jobben som golfkommentator arbeider Mikkelsen med blant anna analyse i verdas største golfsimulator-selskap: TrackMan.

– Somme ting Bryson seier, same korleis ein les det, såg «ja ja, du er der, men det du seier der er bevisleg feil». Så det er det eg lurer litt på med dei ekstreme lengdekontroll-missane hans. Om han liksom har tenkt seg dårleg på utstyrsfronten, forklarte Mikkelsen på sending torsdag.

Mikkelsen påpeikar at han har stor respekt for Bryson DeChambeau og kor god han er, og at han sjølv ikkje er i nærleiken av det.

Likevel er han sikker på amerikanaren kunne vore enda betre.

– Blåst av banen

DeChambeau sjølv er heilt tydeleg på at hans måte er den absolutt beste måten.

I ein video frå Australian Golf Digest i 2024 blir han spurd om han er overraska over at ikkje det å ha like lange køller har tatt av blant anna golfspelarar.

– Eg er blåst av banen. Det er industridrive. Når eg får bygd det på min måte med mitt eige selskap, som eg skal gjere etter kvart, så skal vi vise verda kva det verkeleg handlar om. Det har potensialet til å hjelpe alle der ute som prøver å bli betre, seier golfstjerna.

Han forklarer vidare at han meiner ingen gjer det rett mens han ivrig trekker ut to køller frå bagen sin og samanliknar lengda på dei til reporteren i YouTube-videoen.

– Alle seier at eg ikkje er så god. Eg tør å påstå at eg er det. Eg er ein av dei beste rundt green. Mine wedger (køller med mykje vinkel) er undervurdert.

– Eg veit at dette er eit betre system som skal bli tilgjengeleg for allmenta på eit tidspunkt.

Hva synes du om Bryson DeChambeau?

– Berre sprøyt

Mikkelsen meiner likevel at mykje av det som Bryson DeChambeau pratar om når han forklarer kvifor han gjer som han, er fullstendig feil.

Spesielt er han kritisk til måten DeChambeau har laga sine golfjern på, og at måten han forklarar det på viser at han ikkje har peiling.

– Om du kan berre bitte lite grann om lovene med korleis ballen flyg gjennom lufta og utstyret – det er ting som Bryson DeChambeau seier i media, og som han nærast blir genierklært for i sosiale medium, som er berre sprøyt.

– Det hadde vore veldig interessant å diskutere dette over ein pils med han og fått han til å forklare meg dei lovane han meiner finst da. For det er det eg er litt usikker på, om han faktisk har gått seg inn i ein greie der det ikkje er noko som er riktig, seier Mikkelsen.

Turneringa i Nord-Carolina avsluttast søndag kveld. Bryson DeChambeau ligg på 8. plass etter tre av fire rundar.

Publisert 18.05.2025, kl. 11.33

Read Entire Article