Det stadfestar politiadvokat Ole Andreas Afteret til NRK.
– Vi gjennomfører ei ransaking etter avgjerd av Trøndelag tingrett, seier Afteret.
Kva politiet leiter etter vil ikkje Afteret gå inn på.
– Vi leiter etter bevis i saka, seier han.
Trønder-Avisa omtalte saka først.
Også for nokre veker sidan ransaka politiet Bye sin bustad på nytt.
Ransaka bustaden i februar
Også 28. februar ransaka politiet bustaden til Bye.
– Vi fekk informasjon i går som verka som at det var mogelege ting som kan ha betydning som bevis, sa politiadvokat Ole Andreas Afteret til NRK da.
Afteret er påtaleansvarleg for dei nye sakene mot Bye.
Minst 19 nye kvinner har meldt Arne Bye til politiet.
– No vil vi gå gjennom det beslaget som er tatt for å sjå om det er noko som kan belyse nokre av dei sakene som er under etterforsking, sa Afteret etter politiet gjorde beslaget i februar.
Sit varetektsfengsla
Bye sjølv sit varetektsfengsla.
Han blei pågripen like etter at rettssaka mot han blei avslutta i Trøndelag tingrett i Steinkjer.
Rettssaka mot Bye gjekk i tingretten mellom 5. november og 19. februar.
I løpet av den over tre månader lange saka erkjente Bye straffskuld for fleire og fleire tiltalepunkt.
Bye har erkjent å ha valdtatt 21 av sine tidlegare pasientar. Han har også erkjent å ha misbruk stillinga si for å oppnå seksuell omgang med 44 av dei.
Det er venta at dom i saka kjem i starten av juni.
Publisert 25.03.2025, kl. 10.08 Oppdatert 25.03.2025, kl. 10.17