Dei er kjend for sitt tannrike og litt skumle smil.
Labubu er små fluffy alveliknande bamsar som har gått viralt.
Labubu er små bamsar som du kan pynte veskene dine med.
Shilan Sari / NRK– Det er ein veldig gøy trend å kunne pynte veskene sine med bamsar!
Det seier Malin Lossius Sørensen til NRK.
Ein leiken trend
Mange kjenner Lossius Sørensen som Facebymalin på sosiale medium.
På TikTok har ho over 43.000 følgarar.
– Dette er ein morosam trend!
Shilan Sari / NRKInfluensaren er blant dei som har slunge seg på trenden.
– Eg har alltid likt asiatisk kultur, og vore glad i å vise det fram.
Etter å ha oppdaga Labubu, fekk ho ein ven frå Kina til å kjøpe for ho og sende dei til Noreg.
Influensaren har alltid vore interessert i asiatisk kultur. På veggen har ho Labubu-klistremerke.
Foto: Shilan Sari / NRKLossius Sørensen synest det er kjekt at ein leiken trend tar av – også i Noreg.
– Eg trur Noreg har godt av litt meir leikne trendar.
– Dette er ein morosam trend som er veldig forfriskande, samanlikna med alt det beige og vanlege som trendar her, fortel influensaren.
Malin har ei veske kor du kan sjå bamsane gjennom ei plastmappe.
Foto: Shilan Sari / NRKK-popstjerne gav bamsen medvind
Den virale monsterbamsen blei for alvor kjend etter at k-popartisten Lisa frå Blackpink, uttrykte sin kjærleik for figurane.
– Labubu blei veldig populær etter at Lisa blei sett med dei først, forklarar Lossius Sørensen.
– Seinare brukte Rihanna ein rosa ein, og sidan har det balla meir og meir på seg.
Lisa frå Blackpink var med å gjere Labubu til eit populært fenomen. Her på premieren til White Lotus sesong 3 i Los Angeles.
Foto: CHRIS DELMAS / AFP / NTBOgså superstjerna Rihanna har blitt sett med Labubu på veskene sine.
Foto: Vianney Le Caer / AP / NTBKim Kardashian har blitt sett med den virale bamsen.
Foto: Evan Agostini / AP / NTBOgså turnstjerna Simone Biles har kasta seg på trenden.
Foto: GABRIEL BOUYS / AFP / NTBEin anna kjendis som har lagt sin elsk på monsterbamsane, er artisten Lizzo.
Foto: DIA DIPASUPIL / AFP / NTBDua Lipa har også vist seg med vesker pynta med Labubu.
Foto: Evan Agostini / AP / NTB
Monsterbamsane skaut fart etter at fleire store namn pynta veskene sine med den kinesiske kosebamsen.
Kim Kardashian, Simone Biles, Lizzo og Dua Lipa er også eigarar av monsterbamsen.
Labubu sin popularitet har ført til at store motehus lagar sine eigne versjonar.
Luksusmerket Fendi viste fram sine eigne versjonar av det som liknar på Labubu på moteveka i Milano.
Alessandro Garofalo / Reuters / NTBDet populære veske-tilbehøyret dukka opp under motevekene i Milano og Sydney.
Luksusmerket Fendi er blant dei som har laga ein tilsvarande variant av Labubu.
Knyter menneske saman
Men kvifor fenger Labubu i så stor grad?
– Vi bruker ting for å knyte oss til andre ting eller menneske. Du uttrykker din identitet og tilhøyrsle, og signaliserer ved å ha den tingen at du er ein del av flokken.
Det opplyser Anita Borch, sosiolog ved Forbruksforskningsinstituttet Sifo, til NRK.
Har du sikra deg ein Labubu?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Forskaren forklarer at menneske har behov for å vise seg fram gjennom gjenstandar.
Det for å vise at du er lik dei andre, og har ein plass i gruppa du ønsker tilpass i.
Menneske knyter seg til andre personar ved hjelp av ting, som til dømes Labubu.
Foto: Shilan Sari / NRKMen samling av gjenstandar kan også henge saman med skam.
– Nokon er knytt til ting, men har ikkje andre rundt seg som gjer det same. Det er knytt til skam ettersom dei står i fare for å bli utstøytt frå flokken, opplyser sosiologen.
Malin Lossius Sørensen har fem Labubu-bamsar, som ho liker å vise fram.
Foto: Shilan Sari / NRKLabubu på svartebørsen
Men populariteten kjem med ei bakside.
Kinesiske tollarar skal ha merka den store etterspurnaden av samleobjektet.
Kina sin tolladministrasjon delte i april ein video på det kinesiske sosiale mediet Weixin, der tollarar beslaglegg 318 Labubu-dokker.
Ifølge det kinesiske tollvesenet, beslagla dei 318 Labubu-figurar i april. Det kjem fram i ein video dei publiserte på det kinesiske sosiale mediet Weixin.
Det kinesiske tollvesenet– Passasjeren opplyste at formålet var å selje figurane for profitt, skriv tolladministrasjonen på sosiale medium.
Tolladministrasjonen opplyser ikkje om kva konsekvensar funnet vil ha.
Ifølge CNN skal kinesiske tollarar ha beslaglagt 462 bamsar så langt i år.
Labubu har tatt verda med storm.
Foto: Shilan Sari / NRKEit samleobjekt i millionklassen
I Pop Mart sine butikkar kostar dei fleste Labubu-figurane frå omtrent 200 til 300 kroner.
Sjeldne og unike figurar kan ha ein prislapp på overkant av 1000 kroner.
Om du vil sikre deg ein brukt Labubu i Noreg, må du punge ut med alt frå 200 kroner til dei dyraste til i underkant av 7000 kroner.
Malin sine Labubuar blei kjøpt i Kina frå Pop Mart sine butikkar.
Foto: Shilan Sari / NRKFigurane kjem i såkalla mysterium-boksar, som skjuler kva design bamsane har.
I tillegg er det utgitt nokon «hemmelege» utgåver, der sjansen for å få tak i dei er éin av 72.
Å opne slike mysterium-boksar på kamera har blitt populært på sosiale medium.
Fansen jaktar alle dei ulike designa som er utgitt.
Nyleg blei ein unik Labubu-figur selt for over 1,5 millionar kroner, på ein auksjon i Beijing.
Figuren er ein spesialutgåve, og del av «første generasjon» i The Monsters universet.
Den 1,31 meter høge figuren var blant 48 figurar som blei auksjonert bort.
Desse figurane er svært sjeldne, med berre nokon få eksemplar på verdsbasis.
Denne sjeldne Labubuen blei selt for over 1,5 millionar norske kroner.
Foto: Tingshu Wang / Reuters / NTBEin kjøpar byr på ein Labubu under auksjonen i Beijing.
Foto: Tingshu Wang / Reuters / NTBDet var totalt 48 figurar folk kunne by på.
Foto: Tingshu Wang / Reuters / NTB
Dei kinesiske dokkene har blitt vanskeleg å få tak i for ivrige fans.
Det har ført til smugling og vidaresal av monsterbamsane.
VG melde saka først.
Stor etterspurnad
Fleire fans strekk seg langt for å få tak i figurane.
Populariteten har ført til at Labubu har hamna på svartebørsen.
Fansen risikerer å kjøpe overprisa smuglarvarer, der mange av bamsane viser seg å vere ulovlege kopiar, melder CNN.
Falske Labubu blir omtala som Lafufu i sosiale medium.
Her er ein original Labubu på ei Hermès veske.
Foto: Tingshu Wang / Reuters / NTBMalin Lossius Sørensen synest det er trist overfor fansen at Labubu blir selde vidare for profitt.
– Eg tenker at vi må la dei som genuint er interessert i Labubu få moglegheita til å kjøpe dei, i staden for folk som berre vil tene pengar.
Influensaren håpar at folk viser omsyn medan dei handlar, og er bevisst sitt eige forbruk.
– Eg tenker også at du ikkje berre skal kjøpe Labubu fordi det er trendy. Du må synest det er gøy med ein slik trend, elles blir det mykje unødvendig forbruk.
Malin Lossius Sørensen er opptatt av å ikkje berre kjøpe for å kjøpe.
Foto: Shilan Sari / NRKMed nebb og klør
Det er ikkje berre i Thailand at Labubu fyk ut frå butikkane.
Dei populære figurane har i lang tid vore utseld i fleire butikkar verda over.
Også i Labubu sitt heimland, er mange butikkhyller tomme for monsterbamsane.
Det er stor etterspurnad for Labubu. Her har fans i Bangkok sikra seg bamsane.
Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP / NTBI Storbritannia har Pop Mart midlertidig stansa salet, etter at slåstkampar braut ut ved fleire utsal.
Førekomsten av slåsting over dokkene er ikkje unik for britane.
Også i USA har det vore meldt om slåstkampar i køar til Labubu-utsal.
Malin Lossius Sørenes håpar at folk vil utforske fleire univers av bamsar og figurar.
Foto: Shilan Sari / NRK– Vi skal ikkje trenge å slåst for å få tak i dei. Dersom du er villig til å betale, er dei ikkje så dyre, seier Malin Lossius Sørensen.
– Det er synd at det er knytt så mykje status til Labubu. Det finst mange nøkkelring-bamsar som er like kule, legg ho til.
Hei!
Takk for at du las saka!
Har du tankar om saka du har lese, eller innspel til noko eg bør sjekke ut?
Send meg gjerne ein e-post!
Interessert i meir frå utanriks?
Høyr podkasten vår her:
Publisert 14.06.2025, kl. 09.48