Folk strøymer til Vatikanet for å ta farvel – verdsleiarar med kondolansar

2 weeks ago 9


Pave Frans er død, 88 år gamal.

Det kunngjorde Vatikanet måndag føremiddag.

Allereie få minutt etter at dødsfallet vart kjent, byrja det å strøyma inn med kondolansar frå heile verda.

– Pavens død er verkeleg trist. Han var ein stor mann og ein hyrde.

Det seier den italienske statsministeren Giorgia Meloni i ei utsegn, ifølge Reuters.

– Pave Frans var ein viktig og klar stemme for sosial rettferd og menneskeleg verdigheit, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) til VG.

Den amerikanske visepresidenten J.D. Vance var truleg ein av dei siste som møtte paven før han døydde, under eit besøk laurdag.

– Hjartet mitt går ut til dei fleire millionane kristne over heile verda som elska han, seier Vance i ei utsegn ifølge Reuters.

Stod opp for dei svakaste

Verda vil hugse pave Frans for sitt utrettelege arbeid til dei svakaste i samfunnet, skriv den påtroppande tyske forbundskanslaren Friedrich Merz i ei utsegn på X.

Òg den franske presidenten Emmanuel Macron har kome med kondolansar og skriv at paven alltid sto på dei svakaste si side, skriv Reuters.

– Pave Frans var på alle måtar ein folkets mann, skriv den nederlandske statsministeren Dick Schoof på X.

– Overraskande

– Det er med stor sorg me tek imot denne nyheita, seier Vebjørn Selbekk, redaktør i den kristne avisa Dagen.

Han omtalar dødsfallet som svært overraskande, sidan paven seinast sundag vinka til dei frammøtte på St. Petersplassen i Vatikanet.

Pave Frans hilset til oppmøtte fra balkongen på Peterskirken i Vatikanet

Pave Frans vinka til dei frammøtte frå balkongen på St. Peterskirken 1. påskedag. Det var truleg siste gong tilhengarane hans fekk sjå han.

Foto: TIZIANA FABI / TIZIANA FABI / AFP / NTB

– Det var ikkje mange orda han kom med, men det så ikkje ut som ein mann som skulle gå bort så kort tid etterpå, seier han til NRK.

– Det er ein slags symbolikk at overhovudet for den største kristne kyrkja i verda går bort midt i påska, kommenterer han.

Liberal pave

Standpunkta til pave Frans og engasjementet for dei svake i samfunnet, gjorde han populær langt utanfor den katolske kyrkja.

Mange opplevde at han stod tettare på folk enn det forgjengarane hans gjorde.

Han var langt meir liberal enn forgjengarane i verdispørsmål om skilsmisse, homofili og prevensjon.

Paven engasjerte seg også i fattigdomsbekjempelse og fredsarbeid.

Publisert 21.04.2025, kl. 10.28 Oppdatert 21.04.2025, kl. 10.45

Read Entire Article