Nesten éin million nordmenn leiger bustad, ifølge tal frå SSB. For mange av desse, er målet ein dag å eige.
Pengar står derfor høgt på ønskelista.
Hundrelappane under juletreet blir kanskje sette rett inn på BSU eller ein sparekonto med høg rente.
Forbrukarrådet og Leieboerforeningen meiner at låge renter på depositum og villeiande marknadsføringstriks stikk kjeppar i hjula for sparinga.
Låg rente på depositum
Når du leiger ein bustad, må du ofte sette av fleire tusen kroner til depositum. Det kan gjerne vere summen av tre månadsleiger, men kan ikkje overstige leiga for seks månader.
Ifølge husleigeloven skal depositumet stå på ein depositumskonto i namnet til leigebuar, og om ikkje anna er avtalt, får leigebuar pengane tilbake etter enda leigeforhold.
DNB Ung deler med følgarane sine på TikTok at leigebuar får dei opptente rentene på depositumspengane.
Men DNB seier ikkje kva for rente det er på desse kontoane.
Dei fleste norske bankar har låg rente på depositumskonto, med ei snittrente på 0,52 prosent, ifølge tal frå Finansportalen og Renteradar.
Halvparten av bankane har ei rente på null eller nær null.
– Dette er sparepengane til leigetakar. Mange leiger i lang tid og prøver da å spare opp eigenkapital til bustad. Da er det synd at dei får lite eller ikkje noko i rente på depositumspengane, seier Guro Sollien Eriksrud i Forbrukarrådet.
Guro Sollien Eriksrud
Fagsjef forbrukarøkonomi, Forbrukarrådet
Rentene på depositumskontoar bør likne meir på dei rentene ein får på sparekontoar, meiner Eriksrud.
– Det er for dårleg. Veldig låg rente eller ingen rente betyr at pengane fell i verdi.
– Bør kjenne samfunnsansvaret
Gjennomsnittet på leigepris i Noreg er 11.060 kroner, ifølge SSB. Eit depositum på tre månadars leige svarar til 33.180 kroner.
Står pengane på ein depositumskonto med 0,5 prosent rente, har ein tent 838 kroner på fem år. Summen hadde i staden vore 8168 kroner om pengane sto på ein sparekonto med 4,5 prosent rente.
Sindre Noss i Renteradar reagerer også på dei låge rentene, og meiner at når ein sparar til bustad, tel kvar krone.
– Bankane bør kjenne meir på eit samfunnsansvar. Mange som leiger er unge. Det er ikkje så store beløp, men for dei det gjeld, er det viktige pengar, seier han.
Sindre Noss
– Konkurransedyktig rente
DNB meiner at ein ikkje nødvendigvis kan samanlikne depositumskonto med sparekonto, fordi det er to heilt ulike produkt.
– Depositumskonto skal sikre ein tryggleik mellom leigetakar og utleigar. Det er ikkje eit innskuddsprodukt i seg sjølv, seier banksjef i Tønsberg, Terje Solvik.
Han påpeiker at det kan oppstå krevjande prosessar viss leigetakar og utleigar ikkje blir einige ved utflytting, og at det derfor ligg mykje manuelt arbeid bak.
Banksjef Terje Solvik oppfordrar leigebuarar til å forsikre seg om at pengane ein betalar i depositum hamnar på ein depositumskonto.
Foto: Eline Molvær Løndal / NRK
Banksjef Terje Solvik oppfordrar leigebuarar til å forsikre seg om at pengane ein betalar i depositum hamnar på ein depositumskonto.
Foto: Eline Molvær Løndal / NRK
Renta DNB har på depositumskonto, er konkurransedyktig og tilpassa marknaden, legg Solvik til.
– Vi har gode vilkår på sparekonto. Viss formålet er å spare, vil eg heller anbefale det.
Depositum eller leigegaranti?
Samtidig tilbyr stadig fleire utleigarar leigegaranti som eit alternativ til depositum. Da betaler leigetakar ein tredjepart som sikrar at utleigar får dekka krava sine.
Leigebuar kan betale eit fast beløp kvar månad eller eit større eingongsbeløp som varer over tid, opptil tre år.
– Det er ikkje mogleg for alle å sette av pengar i depositum. Da er det for mange eit betre alternativ å betale eit fast, nokså lite beløp kvar månad, seier dagleg leiar i Husleie.no, Kjetil J. Olsen.
Kjetil J. Olsen
Husleie.no tilbyr det dei kallar depositumsgaranti, og dei er stolte av å gjere det enklare for fleire å tre inn i leigemarknaden. På eigne nettsider skriv dei at ein ved å velje garanti «frigjer kapital».
– Når ein set pengar inn på ein depositumskonto, er dei låst. Når ein kjøper garanti, frigjer ein pengane til noko anna, som til dømes bustadsparing.
Leieboerforeningen meiner også at garanti kan vere eit godt val for enkelte, men dei reagerer på korleis det blir framstilt.
Advokat Yngve Gran Andersen meiner at selskap som forvaltar og formidlar leigeforhold, gjerne har fått lukrative avtalar med tredjepartar som kan stille garanti.
– Dei framstiller garanti som eit godt alternativ til depositum. Det er det ikkje, slår han fast.
– Villeiande
Ifølge Andersen vil det alltid koste pengar for leigebuar å kjøpe garanti. Viss ein skulle ha henta inn kostnaden, måtte ein ha investert pengane sine slik at ein får ein tilsvarande avkastning, seier han.
– Kostnaden er ofte ganske høg, 15 prosent av garantibeløpet er vanleg når ein betaler eit eingongsbeløp.
– Ikkje fall for lekker marknadsføring.
Yngve Gran Andersen
advokat, Leieboerforeningen
Andersen reagerer på at Husleie.no seier at leigebuarar som vel garanti, «frigjer kapital».
– Det er lett å rekne seg fram til at garanti ikkje lønner seg, men eg trur at folk går fem på likevel, når det blir framstilt så positivt.
– Ikkje fall for lekker marknadsføring, er åtvaringa frå Andersen.
Olsen i Husleie.no meiner at ikkje alle leigetakarar vil eller bør velje garanti, men for dei som ønsker fleksibiliteten, er det eit godt alternativ.
Publisert 30.12.2024, kl. 16.23