Første sesong utan turist­bussar skapar kaos i vegane

6 hours ago 4


Frå 1. februar 2025 meldte Ålesund kommune full stopp på turistbussar som køyrer frå Aksla Stadion og opp til Fjellstua i Ålesund.

Etter tekniske undersøkingar kom kommunen med ein tydeleg konklusjon: ein må avgrense trafikken opp til Aksla, då vegen ikkje toler belastninga.

Bussane som tidlegare køyrde turistane heile vegen opp til Fjellstua stoppar no ved Aksla Stadion og slepp av turistane der. Så må dei gå 1,2 kilometer til Fjellstua for å nyte den verdskjende utsikta.

Turistane blir slopne av på Aksla Stadion, og går i 1,2 km på bilvegen for å finne den populære utkiksstaden.

Andre måtar å kome seg opp på er å gå dei 418 trappetrinna opp. Elles kan ein gå turstien, eller ta bytoget som framleis går opp til Fjellstua.

Utsikt frå Fjellstua på byfjellet Aksla i Ålesund.

Fleire turistar drøymer om å sjå denne utsikta når dei kjem opp til Fjellstua i Ålesund.

Foto: Halvard Alvik / NTB

Oppstår farlege situasjonar

Tal frå Kystverket viser at det var 656.000 turistar som kom til Ålesund med cruiseskip i 2024. I høgsesongen kan det kome så mange som 12.000 turistar dagleg som ønsker å sjå attraksjonane Ålesund har å by på.

Når fleire av desse går i bilvegen, kan det oppstå farlege situasjonar.

Eit døme på det, ser du i videoen her:

Tronge vegar gjer at bilar må rygge for å få plass i breidda. Her var det to kvinner og to barn som måtte flytte seg i siste liten for å unngå ein farleg situasjon.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Marion Geipel, Rene Geipel og Annita Buettner har reist heilt frå Nürnberg i Tyskland, og var av dei som valde å gå bilvegen til Fjellstua.

Dei tok bussen til Aksla Stadion, og måtte gå i 20 minutt på bilveg i 30-sone for å sjå utsikta.

Marion Geipel, Rene Geipel og Annita Buettner er ved godt mot sjølv om dei valde å gå bilvegen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Var de klar over kor lang turen var?

– Nei, det var vi ikkje. Men det var ein fin tur, seier Marion Geipel.

Anitta Buettner nyttar rullestol, og kan derfor ikkje ta trappene eller turstien som er tilrettelagt for gåande. Då var alternativet å bruke bilvegen.

Turister går opp mot fjellstua i Ålesund.

Denne utsikta vil alle turistane i Ålesund sjå, men ikkje alle ønsker å slite seg opp dei 418 trappetrinna.

Foto: Frederik Ringnes / NRK

Bekymra for turistane

Dagleg leiar i Fjellstua, Ann-Helen Støbakk, er kritisk til stans av busstrafikken.

– Å sjå folk gå langs vegen er ikkje positivt. Snittalderen her er 65 år, og dei skal gå i rundt 20 minutt før dei kjem fram. Vi har kjøpt hjertestartar grunna forma til dei som går hit.

Ann-Helen Støbakk er dagleg leiar på Fjellstua i Ålesund, som er stengt på grunn av at store bussar ikkje får køyre heilt fram til restauranten.

Leiar i Fjellstua, Ann-Helen Støbakk, er fortvilt etter busstrafikken vart stoppa.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Den 10. mars i år bestemte dei seg for å stengje på ubestemt tid. Dette var direkte knytt opp til bussforbodet.

– For vår del var det uheldig, for det la grunnlaget for kafedrifta. Då det kom avgrensingar så klarte ikkje næringa å snu seg om fort nok, seier Støbakk.

Likevel kjem dei til å ha kafeen ope sporadisk i løpet av sommaren, men selskap og arrangement blir prioritert, seier ho avslutningsvis.

Turistar med barnevogner går ut i vegen for å sjå den populære attraksjonen

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Synest tiltaket har fungert bra

Pergunn Rødset Gjerdsbakk er verksemdleiar for Miljø- og samferdsel i Ålesund kommune. Ho seier at tiltaket har fungert bra så langt, men at dei framleis jobbar med kort- og langsiktige tiltak for å betre forhalda.

Pergunn Rødset Gjerdsbakk er verksemdleiar i Miljø- og samferdsel for Ålesund Kommune.

Pergunn Rødset Gjerdsbakk synest tiltaket mot bussar opp til Fjellstua har fungert bra så langt.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Kva tenkjer de om at folk går i bilvegen?

– Vi ønsker at dei går på dei vegane som er tilrettelagt, altså trappene og turstiane. Det er ein krevjande situasjon å leggje til rette for alle, og trafikksikkerheita må kome i første rekkje, seier Gjerdsbakk.

Verksemdleiaren seier at dei jobbar med å setje opp skilting for å vise turistane kor dei skal gå. Dei skal vere på plass innan ei vekes tid.

Ikkje tilrettelagt for toalettbesøk

Grunna stenginga av Fjellstua er toaletta berre forbehaldt gjestar som har booka arrangement der.

Dei resterande turistane som ikkje har planlagt booking har derfor ikkje tilgang til toalett.

Ann-Helen Støbakk seier ho har vitna fleire turistar som urinerer i buskar og naturen rundt.

– Her blir det grønt og frodig, seier ho latterfullt. Vi har seks toalett her, og det er nok til gjestane våre, men ikkje til 400 personar i timen. Vi rekk ikkje å skifte toalettpapir eller å halde det reint, seier leiaren.

Pergunn Rødset Gjerdsbakk seier at kommunen jobbar med toalettsituasjonen, og at det skal kome toalett ganske snart.

Publisert 18.05.2025, kl. 15.53 Oppdatert 18.05.2025, kl. 16.08

Read Entire Article