– Eg trur ikkje dei forstår seg på kva regime det er snakk om her, seier Denis Mukwege til NRK.
Han er fredsprisvinnar, gynekolog og ekspert på kva verknader seksuell vald kan ha.
Akkurat no er tusenvis på flukt i heimeområdet hans, Aust-Kongo.
Flyktninger i Kongo bærer madrasser på hodet.
Eurovision News
Når NRK møter han i Oslo ønsker han helst å snakke om situasjonen i heimlandet.
Men han svarer likevel på spørsmål når NRK fortel om Frp sitt ferske forslag. For både Frp-forslaget og situasjonen i Kongo har ein fellesnemnar: Rwanda.
Erlend Wiborg er innvandringspolitisk talsperson for Frp.
Foto: NTB
– Viktig sak for Frp
5. januar skreiv Aftenposten at Frp ber den norske regjeringa starte ein dialog med Rwanda om å ta over Rwanda-avtalen som Storbritannia ved fjorårets regjeringsskifte.
– Dersom ikkje regjeringa tek ballen, vil dette vere ei viktig sak for Frp i ei eventuell ny regjering etter valet, sa innvandringspolitisk talsperson i Frp, Erlend Wiborg til Aftenposten.
Ein avtale mellom Rwanda og Noreg vil kunne gå ut på at asylsøkarar vert sende til Rwanda for å få handsama søknaden. Dersom dei får den innvilga vil dei få innvilga varig opphald – men i Rwanda. Dersom det blir avslag skal dei returnerast til heimlandet.
Frp meiner ei slik løysing vil få ned omfanget av menneske som legg ut på ei farleg reise mot Noreg, og at det vil føre til at dei som ikkje har behov for asyl ikkje oppsøker Noreg.
Omfattande sinne mot Rwanda i Kongo
Men forslaget møter ingen ros frå fredsprisvinnar Denis Mukwege, som er kritisk til kva land Frp ønsker å samarbeide med.
– FN har rapporter som seier at det i dag i Kongo er meir enn 4000 rwandiske soldatar som støtter opp om ei opprørsgruppa. Og deira soldatar drep, valdtek, øydelegg landsbyar, og fører folk på flukt, seier Mukwege.
Han meiner at ein migrantavtale er å belønne Rwanda.
– Eit regime som angrip eit anna land… I staden for å påskjøne eit slikt regime, så bør me heller sanksjonere det. At det skal vere noko paradis for migrantar, det er eit omdømme eg ikkje synest at dei fortener, seier Mukwege om Rwanda.
Gynekologen er langt åleine om å vere kritisk til Rwanda. Sinnet mot nabolandet går heilt til topps i Kongo, og er også sterkt forankra blant vanlege folk.
Dagen etter at M23 gjekk inn i Goma vart ambassadane til Frankrike, USA, Kenya og Uganda angripe. Den franske ambassaden vart sett i brann.
Folk løper og det stiger røyk fra hus i Kinshasa i Kongo.
Reuters
Bakgrunnen for ambassadeangrepa er eit sinne som lenge har eksistert blant kongolesarar mot land dei meiner burde ha stansa Rwanda i staden for å samarbeide med dei.
Frp avviser kritikken
Erlend Wiborg i Frp meiner landet er trygt nok, og at eit samarbeid med Rwanda er riktig.
– Kjenner du til gruppa M23?
– Nei, eg kjenner ikkje i detalj til det, men norsk UD definerer i sine reiseråd Rwanda som trygt å reise til, og her er det avtalar som er gjennomgått av domstolane i Storbritannia.
– Kritikken frå Mukwege går altså ikkje på om flyktningar og asylsøkjarar får det trygt i Rwanda eller ikkje, men kva slags regime Noreg skal inngå samarbeid med. Korleis stiller de dykk til det?
– Eg meiner det viktigaste er at menneske som er på flukt får ein trygg stad å vere. Det er diverre veldig få land i verda som er gode demokrati, som Noreg og Vesten, men det er framleis mange andre land som er trygge, seier Wiborg.
NRK intervjua Wiborg om saka fredag. På det tidspunktet hadde M23 teke kontroll over fleire byar rundt Goma, før dei søndag kveld gjekk inn i Goma, ein by dei også erobra i 2012.
Wiborg understrekar fleire gonger i intervjuet at Frp sitt mål med avtalen er at menneske på flukt skal få ein tryggare måte å søke om beskyttelse, utan at dei treng kome til Noreg.
Omstridd debatt i Storbritannia
I Storbritannia var det ein lang og hard debatt rundt den såkalla Rwanda-avtalen. Avtaleforslaget var gjennom fleire rettsprosessar for å kunne avgjere om den var innanfor gjeldande lovverk.
Lovverket vart også endra for å få gjennomført planen. Til slutt vart avtalen skrota då ei ny regjering tok over.
Kritikarane til forslaget meiner Storbritannia ikkje burde samarbeide med Rwanda fordi landet bryt internasjonale lovverk, mellom anna ved å støtte militsar i Kongo. Det var også ulike syn på kor trygt Rwanda ville vere for asylsøkjarar, spesielt på lang sikt.