Fuglevaktarar vil skyte ørn: – Fugleorganisasjonen er skyld i at sjøfugl døyr

5 months ago 27


For turistar er havørna eit majestetisk syn som dei gjerne reiser langt for å ta bilde av.

Men ho har ikkje alltid vore så lett å ta bilde av som no.

I1968 var bestanden faretrugande låg. Då blei ørna freda.

No – 17 år etter at ho blei skrive av raudlista, er bestanden av Europas største rovfugl historisk høg.

Og nokon meiner havørna har endra rolle; frå å vere eit offer til å vere skurk.

– I fare heile tida

Dei siste åra har det vore ein dramatisk nedgang av ærfuglbestanden langs kysten. Ifølge Norsk institutt for naturforsking er nedgangen på 80 prosent.

Varmare hav, mindre mattilgang og auka båttrafikk får noko av skylda.

Men nokon gir også havørna skylda.

Eivind Hansen har vore fuglevakter på Træna i Nordland over 50 år.

– Det er for mykje ørn. Ærfuglen er i fare heile tida.

En ærfugl ligger under et tre på et reir av myk dun på Træna.

Dei siste ti åra har 130 ærfugl forsvunne ifølge Hansen. Men dei siste par åra har det forsvunne om lag 40 fugl kvart år. Særleg ærfuglungane meiner fuglevaktarane er i stadig fare.

Foto: Jacob Guttormsen / privat

Hansen seier han har observert flokkar på omkring førti havørn.

– Når ørna kjem flygande, lettar ærfuglen fordi ho blir stressa og redd. Då kan måsen ta ungane mens ørna tar mora.

Fuglevaktaren på Træna trur det handlar om mindre fisk i havet. Fiskarane får heller ikkje lov til å kaste ut slo slik dei gjorde før. Då meiner Hansen at ørna tar det som er lettast å ta.

Ærfuglhus på Vega, ved Vega verdensarvsenter

Fuglevaktarane på øyane i Nord-Norge har i generasjonar bygd hus for å verne ærfuglen. No seier fuglevakter Hansen at også grågåsa bruker husa for å verne seg mot ørn.

Foto: Markus Thonhaugen / NRK

– Ein kan ikkje la det fortsette. Då går det ut over dei svakare artane.

– Men ørna var raudlista, er det ikkje bra at det går bra med ho?

– Eg meiner ikkje at ein skal gjere som på 60-talet og utrydde ørna, men ta ut ein del slik at det er balanse i naturen. Det må forskarane også sjå.

– Tar ærfugl som sukkertøy

Rett aust, inn i Ranfjorden, sit fjerde generasjon fuglevakter Jacob Guttormsen i det freda naturreservat på «Holm Holmen».

På det meste låg det over 700 ærfugl på reir der. Sist sommar kom det berre 142. Guttormsen skuldar på den same fuglen.

– Eg meiner at all ørn som kjem på Holmen under hekkeperioden skulle bli skote.

En mann med sort jakke med refleksstripe og skjorte innenfor sitter i en skog ved et tre der det ligger en ærfugl på reir.

Her sit fuglevakter Jacob Guttormsen og vaktar over ein ærfugl som ligg på reir.

Foto: Tore Gjerløw / NRK

Han legg til:

– Fugleorganisasjonen er skyld i at det går så dårleg med sjøfuglen. Om vi ikkje får skyte ørna snart, er det snart tomt for ærfugl her.

Årsaka seier han er at ørna ikkje har naturlege fiendar.

Han seier ørna angrip tre-fire gonger i døgnet, anten åleine eller to saman.

Masse fjær ligger på mose. Ifølge fuglevokterene på Træna kommer det som følge av at en ærfugl har blitt ribbet av ørn.

Fuglevaktar Guttormsen seier ørna ribber ærfuglen før ho et han. Fuglevoksteren meiner ikkje ein skal tilbake til slik det var på 60-talet, men ifølge fuglevaktaren er verken mat eller mink eit problem for fuglen i fjorden.

Foto: Jacob guttormsen / privat

– Ho tar ærfuglen, ribber dei og et dei. Det er berre tull at ørn er åtseletarar. Ørna tar levande ærfugl som sukkertøy.

– Ikkje ein jeger

Fram til 1960-talet var det skotpremie på ørn. På Værøy i Nordland blei ørna fanga med berre nevane og dei kraftige vingane brukt til sopelimar.

Ørneforskar Alv Ottar Folkestad fortel at det også før ørna blei freda, på 1960-talet, blei snakka om at havørn var ein fare for egg- og dunvær i Lofoten. Men då var det òg vêreigarar som avviste dette.

– Det var ikkje like mykje ørn på 60-talet, men havørna var ein del av naturen i Nordland, og har vore det heile tida, seier han.

I starten fortel ørneforskaren, som òg er del av fugleorganisasjonen Birdlife Noreg, at også forskarane trudde sjøfugl var viktig bytte for havørn.

Men internasjonal forsking dei siste 50 åra har vist at havørna i hovudsak er åtseletar.

Alv Ottar Folkestad

– Havørna er territorial som vaksen, livet ut og heile året. Viktigaste dødsårsak hos vaksne i dag er territoriekampar. Det balanserer bestanden, seier ørneforskar Alv Ottar Folkestad.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Havørna er òg ein kleptoparasitt som stel mat frå andre. 70–90 prosent av maten er fisk, seier Folkestad.

Senterpartiet har tidlegare ønskt å opne for å skyte havørn i enkelte område for å berge den sterkt truga ærfuglen.

Det synest ikkje ørneforskaren noko om.

Han meiner havørnbestanden langs norskekysten i dag stort sett er balansert, og at flokkar av havørn har vore eit kjent fenomen sidan 80-talet.

– Det er naturleg for unge havørn å samle seg dei første fire-fem åra, ved til dømes eit stort kvalkadaver. Men etter kvart døyr ungfuglen i kamp om territorium med andre havørn, forklarar Folkestad.

Havørn stuper mot sjøen for å fange fisk - 5

Folkestad seier at fugleorganisasjonen Birdlife Noreg ikkje har ein sentraldirigert haldning om ørn, men at dei forventar at kunnskap, og ikkje synsing, blir lagt til grunn for naturforvalting.

Foto: Torgeir Beck Lande

Forskaren meiner det er mennesket ein skal skulde for ubalanse i naturen, og tilbakegongen til sjøfugl. Endringar i havtemperaturen er ifølge han den største trusselen.

– Det at sjøfuglane ikkje finn nok mat, er årsaka til at dei ikkje klarer å gjennomføre hekking, seier han og legg til:

– Å finne ein levande, varmblodig skapning som ein skuldar for å overbeskatte ærfugl er å snu saker og ting på hovudet. Vi møter oss sjølve i døra.

Bilde av rødåte eller raudåte

Forskaren peiker på at primærnæringa i havet er redusert med nærmare 80 prosent. Mellom anna hoppekrepsen raudåte, som utgjer hovuddelen av dyreplankton i Norskehavet, har gått ned.

Foto: Calanus AS

– Trur du ikkje på det fuglevaktarane fortel?

– Eg trur på forskinga. Om vi går tilbake til kunnskap før utryddinga av rovvilt, visste folk at havørn var åtseletar og blei ikkje betrakta som ein problemfugl. Då var sannsynlegvis havørnbestanden minst på nivå med i dag.

Publisert 08.12.2024, kl. 08.13

Read Entire Article