Gjer nytt forsøk på å gripe avsett president i Sør-Korea

3 months ago 36


Rundt 6500 tilhengarar av den avsette presidenten i Sør-Korea, Yoon Suk-yeol har samla seg utanfor bustaden hans tysdag kveld, norsk tid.

Fleire av medlemmane av regjeringspartiet i Sør-Korea har danna ei menneskeleg lenke for å stoppe ein arrestasjon av den tidlegare presidenten, melder AFP.

Sør-Korea

Mange av tilhengarane til Yoon Suk-yeol har samla seg utanfor bustaden hans for å hindre at han blir gripen av sørkoreansk politi.

Foto: Tyrone Siu / Reuters

Då politiet prøvde å gripe den avsette presidenten på nyåret, blei dei møtt av soldatar og livvakter. Etter fem timar måtte dei avlyse operasjonen.

Yoon blir etterforska etter eit mislykka forsøk på å innføre unntakstilstand i landet i desember i fjor. Arrestordren mot han blei sendt ut etter at han forsøkte å setje nasjonalforsamlinga til sides.

Advokatane til Yoon hevdar arrestordren ikkje er gyldig, ifølge nyheitsbyrået Yonhap, melder Reuters.

Publisert 14.01.2025, kl. 22.08 Oppdatert 14.01.2025, kl. 22.14

Read Entire Article