Onsdag morgon er det utfordrande å køyre på vegane på Austlandet.
Rv. 3 ved Tolga blei stengd grunna eit vogntog som fekk stopp i vegbana.
Ifølge Østlendingen skal fleire utanlandske køyretøy ha problem på glatta på Rv. 3.
KLINK IS: Både bilar og lastebilar slit på det glatte føret onsdag morgon.
Foto: Lars Os / NRKNRK er til stades på grensa mellom Trøndelag og Innlandet, der bilar og lastebilar sklir sidelengs.
Òg brøytebilane slit på det glatte føret.
GLATT: NRKs reporter Lars Os måtte sli bortover vegen mellom Os og Røros onsdag morgen.
Gult farevarsel
Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for is onsdag morgon på delar av Austlandet. Varselet gjeld mellom klokka seks og klokka tolv.
Faren er at regn frys til is på vegbanen, skriv dei i varselet på varsom.no.
Det heile startar nord i Innlandet og rundt Røros, før det vil bevege seg sørover ut over føremiddagen.
– Ver ekstra oppmerksam, for isen kan vere vanskeleg å sjå. Vurder bruk av broddar. Rekn ekstra tid til transport og køyring. Bruk riktige dekk og køyr etter forholda, står det i oppmoding frå Varsom.no.
Publisert 15.01.2025, kl. 09.05 Oppdatert 15.01.2025, kl. 09.15