Hamas: Leivningane etter mor og to små barn blir utleverte på Gazastripa

2 months ago 17


– Eg ber dykk om å ikkje snakke om minnet til familien min enno, skriv Ofri Bibas Levy i eit innlegg på Facebook.

– Vi har håpa i 16 månader og vi vil ikkje gi opp håpet.

Levy er systera til Yarden Bibas, som blei sett fri av gruppa 1. februar. Då hadde han sete fanga i Gaza i 484 dagar.

Fire svarte kister ved siden av en bevæpnet Hamas-soldat. I forgrunnen synes raketter.

Fire svarte kister har blitt presenterte for utlevering i Khan Younis. Det var store mengder plakatar på staden som framstilte Hamas-propaganda.

Foto: Reuters TV/NTB

Bibas blei teken som gissel frå kibbutzen Nir Oz saman med kona Shiri og dei to raudhåra sønene deira, Ariel på fire og Kfir på ni månader.

Det var lenge uvisst om Shiri og borna var i live.

Hamas har tidlegare sagt at dei vart drepne i eit israelsk luftåtak i slutten av 2023, men israelske styresmakter har sagt at dei ikkje har klart å stadfesta det sjølve.

Ofri Bibas Levy med bilete av Bibas-familien som blei teken 7. oktober

Ofri Bibas Levy er ein av gisselfamiliane sine representantar som har teke med historiene sine til Den internasjonale straffedomstolen (ICC).

Foto: Reuters

– Lyset mitt er framleis der inne

I januar 2024 fylte Kfir 1 år. Dagen blei markert mellom anna i Tel Aviv, med bilete av Kfir.

Far hans Bibas sa tidlegare i månaden han heldt fast i håpet om at det Hamas har fortalt er løgn.

– Lyset mitt er framleis der inne, og så lenge dei er der inne, er alt her ute mørke, sa han.

Det fjerde døde gisselen skal vere ein mann som var 83 år då han blei bortført under angrepet 7. oktober, seier Hamas.

Utlevering av Yarden Bibas

Yarden Bibas blei utlevert til Israel tidlegare denne månaden.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Hundrevis til stades for utlevering

Hundrevis av menneske har samla seg for å gjennomføre utleveringa i utkanten av Khan Younis. Mange av dei er Hamas-krigarar.

Utleveringa blir TV-sendt.

På utleveringsstaden ligg det fire svarte kister, framfor ein plakat som viser eit bilete av Bibas-familien.

Raude kors har torsdag morgon kome fram til staden for å ta imot kistene.

Etter utleveringa skal israelske styresmakter kontrollere identitetane til gislane og informere familiane det gjeld, seier kontoret til Benjamin Netanyahu i ei utsegn.

Israel skal i gjengjeld lauslate 90 palestinske fangar laurdag, ifølge AFP.

Publisert 20.02.2025, kl. 08.22 Oppdatert 20.02.2025, kl. 09.20

Read Entire Article