Forslaget blei lagt fram for to dagar sidan, seier han søndag kveld, ifølge Reuters.
Hayya understrekar samtidig at Hamas ikkje vil la seg avvæpne «så lenge israelsk okkupasjon eksisterer».
Forslaget om ny våpenkvile-avtale kjem frå Egypt og Qatar, som er sentrale i forhandlingane mellom Israel og Hamas.
Har levert motforslag
– Vi behandla forslaget positivt og godkjende det. Vi håpar at Israel ikkje vil hindre den, sa Khalil al-Hayya i ein TV-sendt tale laurdag.
Talen blei halden i samband med den muslimske høgtida Eid al-Fitr.
Statsminister Benjamin Natanyahu skal ha delteke i ei rekkje møter om forslaget fredag, opplyser statsministerens kontor i Israel.
– I løpet av dei siste timane har Israel overført sitt motforslag til meklarane, koordinert med USA, blir det sagt frå Israelsk hald.
Ein Hamas-krigar løftar våpenet sitt medan folk er på veg heim til Nord-Gaza i januar.
Foto: Abdel Kareem Hana / AP / NTB– Hamas er pressa
Midtausten-ekspert Dag Henrik Tuastad seier til NRK laurdag kveld at han ikkje er overraska over utviklinga.
– Hamas er så enormt pressa no at dei går med på dei fleste forslaga, så lenge det ikkje inneber å sleppe fri alle gislane i eitt eller å legge ned våpna, seier Tuastad.
Våpenkvila mellom Hamas og Israel trådde i kraft 19. januar etter mekling frå USA, Egypt og Qatar.
Den gjaldt i første omgang fram til 1. mars og sette ein stoppar for 15 månader med massive angrep.
CNN: Gislar skal setjast fri
Men forhandlingar om ein ny fase av våpenkvilen stranda etter at israelske styrkar 18. mars gjenopptok luftangrepa mot Gaza.
To dagar etterpå blei ein bakkeoffensiv innleidd.
Sidan då har det vore nokre få forhandlingsforsøk, utan at partane har blitt einige.
Kjelder seier til CNN at i forslaget ligg det at Hamas må sleppe fri 5 gislar, inkludert amerikansk-isreaelske Edan Alexander.
I bytte skal dei få ei fornying av våpenkvileavtalen frå januar.
Det inneber humanitær hjelp, samt vidare forhandlingar om fase 2 i våpenkvilen.
Leiar sit i Qatar
Khalil al-Hayya, som er fungerande leiar i Hamas og sit i Qatar, er førebels ikkje peika ut til å bli toppsjef vidare.
Dag Henrik Tuastad meiner difor det ikkje er gitt at han snakkar for heile bevegelsen.
– Han har ein posisjon i Qatar, men det er høgst usikkert om Hamas-leiarane der styrer alle dei væpna styrkane i Gaza.
(CNN/ NTB / Reuters / AP)
Publisert 29.03.2025, kl. 20.21 Oppdatert 29.03.2025, kl. 20.31