Held renta i ro

1 month ago 15


– Prisveksten har tatt seg opp og vore klart høgare enn venta. Set vi renta ned for tidleg, kan prisane fortsette å stige raskt. Derfor held vi renta uendra no, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache.

«Prisveksten har kome mykje ned frå toppen, men er framleis over målet. Høg vekst i bedriftene sine kostnader vil truleg bidra til å halde prisveksten oppe framover.»

Samstundes skriv Noregs Bank at dei ser føre seg to kutt i år.

Dette er i tråd med det dei fleste økonomar hadde venta på førehand.

9 av 12 bankar trudde at sentralbanken ville halde renta i ro, ifølgje ei oversikt frå TDN Direkt.

Tidlegare har Noregs Bank signalisert at dei ville senke renta i dag, men i det siste har tala i økonomien peika imot dette.

Prisane auka 3,6 prosent på eitt år, ifølgje SSB.

Noregs Bank har eit mål om at dette talet skal ligge på 2 prosent over tid.

Ein annan viktig faktor er at næringslivet ut til å vere positive og ha tru på gode tider. I tillegg er arbeidsløysa lågare enn sentralbanken tidlegare trudde den ville vere.

Desse faktorane tyder på at økonomien går godt og toler rentenivået.

Flere mennesker møtes i Norges Bank

Desse fem personane sit i rentekomitéen og bestemmer kva styringsrenta til Noregs Bank skal vere.

Foto: Sona Emilie Kibsgård Sillah / NRK

Publisert 27.03.2025, kl. 10.00 Oppdatert 27.03.2025, kl. 10.05

Read Entire Article