Her gir Usain Bolt klar beskjed til Jæger om uvane: – Da går det fortare

13 hours ago 2


På perrongen på Oslo sentralstasjon, like før toget som skal ta Diamond League-utøvarane frå Oslo til Stockholm skulle gå, kom verdsrekordhaldaren på 100 og 200-meter gåande mot den ferske rekordhaldaren på 400 meter.

– Du må hjelpe meg. Eg er ikkje så god i engelsk, sa Henriette Jæger til NRKs reporter på staden, i det ho skjøna at sjølvaste Usain Bolt var på veg mot henne.

Tydeleg nervøs og oppgira helsa ho på stjerna og slo av ein prat.

– Eg møtte Usain Bolt akkurat. Det var dritkult, nærast ropte Henriette Jæger til lagvenninne Amalie Iuel.

friidrettsstjerner møtes

STJERNEMØTE: Jæger var i fyr og flamme etter møtet med Usain Bolt.

Foto: Fredrik Solbu Jullumstrø / NRK

Det er noko anna å sjå han i levande live enn å sjå han på TV. Ein blir litt ein 12 år gammal fangirl, men han er veldig hyggeleg og det var gøy å ha ein samtale, utdjupar Jæger til NRK.

Men det var ikkje berre småprat frå løpelegenda. Bolt gav han nemleg den norske 21-åringen eit klart råd.

– Sjå på skjermen!

Under Diamond League-stemnet på Bislett torsdag sette den norske løparen ny noregsrekord på 400 meter. Tida stoppa på 49.62 sekund.

Men på oppløpssida bevega blikket hennar seg frå side til side, og også hovudet, og like før målstreken blei ho forbiløpt av amerikanske Isabella Whittaker. Det fekk også Bolt med seg.

«Du må sjå på storskjermen», sa jamaikanaren til Jæger etter at dei hadde handhelsa.

Jæger og Bolt

BESKJED PÅ PERRONGEN: Dei to friidrettsprofilane møttest på Oslo S, før dei skulle ta toget til Diamond League-stemnet i Stockholm.

Foto: Fredrik Solbu Jullumstrø / NRK

Til NRK utdjupar Bolt:

Eg såg løpet hennar i går og la merke til at ho såg seg rundt, og på ein måte sakka farten. Eg trur det er derfor ho «tapte» spurten. Neste gong bør ho berre sjå på storskjermen. Det gjer dei fleste, for da ser du også korleis dei andre ligg an og ho treng ikkje sakke farten.

– Ho må ikkje bry seg om dei rundt. Ho må ikkje sjå til sida, men sjå heller rett fram. Da går det fortare, konkluderer han.

SJÅ LØPET: Henriette Jæger knuste sin eigen norske rekord på 400 meter.

Lovar å lytte

Men Bolt er ikkje den første som har tipsa om dette til Jæger.

– Eg har høyrt det veldig mange gongar tidlegare, men det må ein Bolt til for at eg skal ta det innover meg, seier Jæger smilande.

– Eg må slutte å sjå til sida. Eg kastar bort hundredelar på det, for all energi skal framover. Det er ein uvane eg har, men eg kan ikkje halde fram med det, erkjenner ho.

friidrettsstjerner møtes

GIRA: Henriette Jæger lovar å lytte til Bolt.

Foto: Fredrik Solbu Jullumstrø / NRK

– Hadde du vunne med tipset hans?

– Eg veit ikkje om eg hadde vunne, men eg hadde kanskje løpet eitt eller to hundredelar fortare.

– Kvifor har du ikkje endra på det før?

Eg er jo frykteleg nysgjerrig da, på om det er nokon der og kor dei andre i feltet er, så nysgjerrigheita tar over for fornufta, svarer Jæger.

Bolt håpar på ny pers

Bolt har stor tru på at endring er mogleg, og også raskare tider for det norske stortalentet.

Det er alltid rom for forbetringar, det handlar om å gjere jobben. Nå gjorde ho feilen at ho såg seg rundt, så ein ser det er mogleg der.

På søndag spring Jæger 400 meter under Diamond League-stemnet i Stockholm. Der håpar ho på ein «Bolt-effekt».

en gruppe løpere på en bane

VIL VINNE: Henriette Jæger blei slått av Isabella Whittaker på oppløpet i Oslo.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

– Bolt-tipset blir brukt i Stockholm, så får vi håpe at det kanskje blir siger denne gongen. Det hadde vore gøy.

– Forhåpentleg set ho ny pers i Stockholm, fastslår Usain Bolt.

Publisert 14.06.2025, kl. 11.11

Read Entire Article