Her vil dei oppheve elsparkesykkel-forbod: – Vil gi meir ruskøyring, meiner politiet

6 hours ago 2


– Det handlar om å gjere Bodø best mogeleg å bu i for alle, seier varaordførar Ida Gudding Johnsen (V) i Bodø kommune til NRK.

I Bodø har elsparkesyklar vore ein del av bymiljøet i fleire år. Det er reglar for når på døgnet du kan leige deg ein sykkeltur.

Slik som reglane er i dag er det ikkje tillate å leige ut elsparkesyklar på offentleg grunn mellom klokka 01.00 og 05.00 på vekedagar.

Og mellom klokka 23.00 og 05.00 i helgene.

Men det vil Bodø kommune ha ei endring på.

Politikarane ynskjer å ha eit døgnopent sparkesykkeltilbod, sju dagar i veka.

Bør det vere lov å leige el-sparkesykkel om natta?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Få storbyar med nattopent tilbod

Få andre kommunar i Noreg tillèt det.

Ifølgje lovdata er det ei rekke reglar som gir kommunar lov til å sjølv avgjere, kvar ein utleigar kan tilby utleige og når på døgnet.

Alle dei største byane i Noreg, som blant andre Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger og Tromsø har avgrensa når på døgnet ein kan leige seg ein sparkesykkel.

Dei fleste storbyane har stengt for utleige av elsparkesykkel mellom klokka 23.00 og 05.00 natt til laurdagar og søndagar.

Varaordføraren i Bodø meiner det er mange fordelar med å gjere utleiga døgnopen:

  • Tilbodet kan gjere det lettare for dei som jobbar kveld og natt å kome seg rundt.
  • Det vil gjere byen meir tilgjengeleg for dei som kjem på besøk til Bodø.
  • Utvida opningstider kan gi ein miljøgevinst med redusert biltrafikk i byen.

Nordland politidistrikt åtvarar

Espen Fagervoll er seksjonsleiar i Nordland politidistrikt. Og skeptisk til forslaget.

– Me fryktar at det blir auka ruskøyring. Det har me sett andre stader. Me ynskjer ikkje eit nytt problemområde inn i bybilete, spesielt i helgene, fortel han.

Mann i politiuniform står i garasje

Espen Fagervoll, seksjonsleiar i Nordland politidistrikt han åtvarar om konsekvensar som følge av regelendringar.

Foto: NRK

– Me fryktar dette forslaget kan gå utover trafikktryggleiken og føre til at ulukkestala går i feil retning.

I eit høyringsinnspel til kommunen argumenterer politiet for at tilgjengeleggjering av elsparkesyklar er feil veg å gå.

Mellom anna hevdar dei at konsekvensane av ei natteopent leigetilbod vil føre til meir promillekøyring.

I tillegg til alvorlege trafikkulukker og ein auka belasting på ei allereie pressa legevaktteneste.

Kvinne med pannelugg og briller kjører elsparkesykkel

Venstre-politikaren ynskjer å kunne ta ein tur midt på natta.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Høge ulukkestal i helgene

Dei viser i innspelet til tal frå mellom anna Oslo legevakt.

Der kjem det fram at skader knytt til køyring med elsparkesykkel gjekk kraftig ned då det vart innført forbod om utleige av sparkesyklar på nattetid.

Men forskar Nils Fearnley ved Transportøkonomisk institutt trur det kan vere nyttig å prøve ei døgnopning.

– Det vart innført ei promillegrense i 2022 som har hatt ei avskrekkande effekt. Lova har fungert som avskrekking for mange og har ført til at færre køyrer ruspåverka, seier forskaren.

Tidslinje for tiltak knytt til elsparkesyklar

Han meiner at nattopent leigetilbod er eit mindre problem samanlikna med det som har blitt haussa opp av medium.

– Dei stadene dei har prøvd ut å ha døgnopent sparkesykkelleige har me ikkje sett ein klar auke i skader og ulukkestala, fortel Fearnley.

Nils Fearnley, forsker ved Transportøkonomisk Institutt (TØI). Nils har kort, lyst hår, briller med svart innfatning og har på seg en plommefarget skjorte. Han smiler svakt mot kameraet.

Nils Fearnley er forskar ved Transportøkonomisk institutt. Han trur det kan vere nyttig å prøve ei døgnopning.

Foto: Hallgeir Braastad

Vidare kan han fortelje at dei ikkje har klare tal på kvifor mange ulukker skjer. Men generelt, rekna dei at det er kring fem gonger så høg ulukkesrisiko på elsparkesykkel som på ordinær sykkel.

Mange utleigeselskap har også promilletestar der den som skal leige elsparkesykkel må få godkjent ein reaksjonstest før turen kan starte.

– Eg er i utgangspunktet positiv til at ein kan teste ut nattutleige. Det har ein gjort i ein del andre byar, med gode erfaringar, legg Fearnley til.

– Det er opp til politiet å handheve lova

Espen Fagervoll i Nordland politidistrikt seier dei kan vere nøydd å prioritere ned andre ting som krev deira merksemd om forslaget blir vedtatt.

Håkon Andreas Møller, gruppeleiar i bystyret for Miljøpartiet Dei Grøne i Bodø, er kritiske til eit døgnopent leigetilbod.

– Me er kritisk til forslaget om å innføre døgnkontinuerleg utleige av elsparkesyklar. Fordi all erfaring viser at det vil auke ulukkesrisikoen. Meir nattekøyring vil føre til meir rusa køyring.

Vidare fortel han at det viktigaste er å ta vare på trafikktryggleiken til fotgjengarar og dei sårbare gruppene som er dårlege til beins. Argumentet om at meir sparkesykkel kan føre til reduksjon av biltrafikken hevdar Møller er feil. Han meiner leige av elsparkesyklar erstattar gåing.

– Erfaringane viser at elsparkesykkel i liten grad erstattar bilbruk, meiner Møller i MDG.

Varaordførar Ida Gudding Johnsen påpeikar at lova er klar på at dei ikkje er lov å køyre elsparkesykkel rusa.

Derfor meiner ho at det må vere opp til kvar enkelt å følgje lovverket.

Og opp til politiet å handheve lova.

– Akkurat som at det er lov å køyre bilar på nattetid og i helgene, så må det vere lov for dei som er edru og ansvarlege å køyre elsparkesykkel om natta.

Høyringsfristen går ut måndag 19. mai. Kommunen skal ta ei avgjersle i saka i løpet av juni.

Publisert 21.05.2025, kl. 05.32

Read Entire Article