– Det er fint her. Det var veldig rart å flytte frå Bodø til Stord. Men dei på jobb har vore flinke til å spleisa meg med døtrene deira, så det har gått veldig greitt, seier Denise Julie Åkerøy (19).
I kjeledress og verneutstyr står ho med ein enorm verkstadhall bak seg.
Ho er lærling som industrimålar ved Aker Solutions på Stord, det største verftet i landet.
Oppgangen har gjort behovet for innleigd arbeidskraft større.
Foto: Eli Bjelland / NRKNye, store utbyggingsprosjekt på norsk sokkel står no for tur. Dei to største plattformene, Hugin A og Valhall, skal byggast for Aker BP på Stord.
I tillegg skal dei levera anlegg til vindkraft.
Det går mot historisk høg aktivitet ved verftet.
– Me skal opp på ei bemanning som er høgare enn vi nokon gong har hatt. Så dei neste to åra er det veldig bra utsikter, seier direktør Arne Hammer.
Det var Sunnhordland som først skreiv om saka.
Det er gode tider for norske verft, ifølge direktør Arne Hammer ved Aker Solutions på Stord.
Foto: Eli Bjelland / NRKAukande aktivitet
Ein fersk rapport frå Norsk Industri viser at oljeskattepakken gav stor vekst i leverandørindustrien knytt til olje og gass i 2024, og at aktiviteten held seg høg i år.
Oljeskattepakken kom i 2020, som krisehjelp til næringa i koronapandemien. Mange nye planar kom like før pakken gjekk ut i 2022, og det er desse som no gir svært høg aktivitet.
– Mange av verksemdene er på all time high i fjor og flyt inn i år på eit veldig høgt aktivitetsnivå. Det er store skilnader mellom verfta og aktørene, men i snitt har leverandørane veldig mykje å gjera gjennom året, sa Knut E. Sunde i Norsk Industri på presentasjonen av konjunkturrapporten for 2025 tysdag.
I fjor var det også sterk auke i innleigde arbeidarar i industrien. Talet er venta å falla fordi aktiviteten går ned mot slutten av året, ifølgje rapporten.
På verftet trengst fagfolk, og lærlingar.
Foto: Eli Bjelland / NRKOpptil 8500 personar skal jobba i turnus på det meste på Stord i år. Talet svarer til nesten halve innbyggartalet i øykommunen.
Tidlegare i vinter vedtok politikarane på Stord full flyktningstopp i 2025, blant anna fordi høg aktivitet i industrien legg press på bustadmarknaden og helsetenestene i kommunen.
– Det er tyngre å få tak i folk, men me har klart å dekka opp med nok ressursar. Me har mellom 40 og 50 nasjonalitetar inne på verftet her på jobb, så me går lenger og lenger ut for å henta folk, seier Hammer.
Rundt 1850 er fast tilsette. Resten er innleigde arbeidarar.
– Og så må me sørga for å få tak i nok lærlingar. Me må fylla på med nye fagfolk heile tida, og det satsar me ganske tungt på.
Lærlingar gir håp for industrien
Og gode tider kan motivera fleire til å bli lærlingar, trur Denise Julie Åkerøy.
– Absolutt. Mange på min alder er ikkje er så glade i å sitta og stira i veggen. Dei vil ut i arbeid og vil ha noko å styra med. Eg trur det gjer at desse jobbane blir endå meir attraktive igjen.
For nokre år sidan var det berre éin lærling i industrimålarfaget på verftet her. No er dei fem, og alle er frå Bodø. Der var lenge den einaste industrimålar-linja på vidaregåande skule, men no har dei også ei på Stord.
Lærlingane bur saman i ei brakke like ved verftet.
– Du har alltid folk rundt deg som kan hjelpa dersom det skal vera noko. Du er ikkje åleine. Og så møter du veldig fine folk der også.
– Men etter eitt og eit halvt år på brakka, er eg også ganske lei, smiler ho.
Lærlingar som Denise Julie Åkerøy trengst.
Foto: Eli Bjelland / NRKPublisert 28.01.2025, kl. 12.37