Suel Kassembo kom til Noreg frå Burundi for 20 år sidan og har kjempa i retten dei siste åra for å få bli. Han har tapt både i tingretten og lagmannsretten, men anka før jul til Høgsterett.
Ankeutvalet i Høgsterett seier nei til å behandle anken:
«Ankeutvalget finner enstemmig at det ikke er tilstrekkelig grunn til at saken blir fremmet for Høyesterett, jf. tvisteloven § 30–4. Anken tillates derfor ikke fremmet».
– Det er ein sjølvsagt ein tung beskjed å få, men vi har ikkje gitt opp saka, vi held fram arbeidet, seier advokat Arild Humlen.
Arild Humlen er advokat for Suel Kassembo.
Foto: Lars Eie / NRKHevdar han er i livsfare
Suel Kassembo har budd på Sunnmøre sidan han var ein ung gut, og har kjempa i retten to gonger for å få opphald. Han hevdar han er frå Burundi, og i livsfare om han blir sendt heim.
Utlendingsnemnda har tidlegare avslått søknaden om asyl – og utvist Kassembo med ti års innreiseforbod. Dette er Kassembo djupt usamd i.
I fjor haust tapte han i Oslo tingrett. Deretter i Borgarting lagmannsrett:
«Slik lagmannsretten ser det, må samfunnsmessige og allmennpreventive hensyn veie tyngst i avveiningen mot hensynet til Kassembo. Som nevnt har han med viten og vilje, grovt overtrådt utlendingsloven ved å oppholde seg i Norge over svært mange år.»
Fleire av støttespelarane til Suel Kassembo har følgt han gjennom rettssakene.
Foto: Bård Nafstad / NRKBur i kyrkjeasyl
Suel Kassembo er landets einaste i kyrkjeasyl. I jula i fjor installerte han seg i Herøy kyrkje, og der har han seinare vore. Folk i nærmiljøet har fleire gonger samla inn pengar til rettsprosessane hans.
Tidlegare KrF-leiar Olaug Bollestad er ei av dei som har besøkt Suel Kassembo i kyrkjeasyl.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKSjølv om landets høgste rettsinstans seier nei til å behandle saka hans, seier advokaten hans, Arild Humlen, at dei vurderer nye rettslege steg. Humlen hevdar avgjerda strir med synet til FN sin høgkommisær for flyktningar og at dei no vurderer nye rettslege steg.
– Ettersom mandatet til høgkommisæren er så klart og entydig er eg sjølvsagt overraska og litt sjokkert over det, seier han.
Publisert 28.01.2025, kl. 09.20 Oppdatert 28.01.2025, kl. 10.17