Høiby blir sloppen ut av varetekt – politiet etterforskar nytt seksuallovbrot

5 months ago 24


Oslo politidistrikt opplyser at dei meiner det ikkje lenger er fare for bevisforspillelse, og at dei derfor ikkje ber om ny varetektsfengsling av Marius Borg Høiby.

Høiby blir derfor sloppen ut av varetekt i dag etter ei veke.

– Det var ikkje overraskande. Han burde ikke vore fengsla i det hele tatt, seier Høibys forsvarar Øyvind Bratlien til NRK.

Prinsesse Ingrid Alexandras myndighetsdag feires med festarrangement på hovedbiblioteket

SIKTA: Marius Borg Høiby er sikta for vald i nære relasjonar mot tre kvinner.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Bratlien seier at bevisa mot Høiby er betydeleg svekka og at fengslinga var feil og ei «katastrofal» feilvurdering frå politet si side.

– Politiet etterforskar saka på sin måte, og vi jobbar på vår måte. Vi gjennomfører nok eigen etterforsking også:

– Han erkjenner ikkje straffskuld for dei aller fleste forholda i siktinga. Han erkjenner kun éi kroppskrenking, eitt skadeverk og éin trussel. Og det er det, seier Bratlien.

Øyvind Bratlien

Foto: Hedda Kurseth

To nye besøksforbod

Politiet seier dei har sett i gang med etterforsking at eit nytt forhold av seksuallovbrot. Denne kvinna har fått bistandsadvokat.

Høiby er ikkje sikta for dette forholdet. Det er ikkje noko endring i siktinga på han, opplyser politiadvokat Andreas Kruszewski.

Brattlien seier han ikkje har høyrt noko om dette og at han derfor ikkje kan kommentere det.

Politiet oppluser samstundes at dei har gitt Høiby to nye besøksforbod mot to kvinner.

Gunhild Vehusheia er bistandsadvokaten til ei av dei fornærma kvinnene som Høiby no er ilagt besøksforbod mot. Høiby er sikta for valdtekt utan samleie mot klienten hennar.

– Klienten min er glad for at politiets etterforsking har kome så langt at han kan bli lauslaten frå varetekt, seier Vehusveia.

Høiby er sikta for to valdtekter utansamleie. Hege Salomon er bistandsadvokaten til ei av dei. Ho seier ho ikkje har bedt om besøksforbod mot hennar klient, då det ikkje har vore noko relasjon mellom dei.

– Eg veit at politiet har jobba på spreng i saka, og konstaterer at dei har gjort dei nye etterforskningsskritta som var nødvendig.

Varetektsfengsla i ei veke

Måndag førre veke blei Høiby pågripen i ein bil saman med den fornærma kvinna frå Frogner-hendinga. Samstundes ransaka politiet bustaden hans på Skaugum og tok fleire beslag der.

To dagar seinare blei Marius Borg Høiby varetektsfengsla i ei veke med brev- og besøksforbod. Høiby motsette seg fengslinga.

Grunnen til dette var mogleg fare for bevisforspillelse. Høiby blei sikta for to valdtekter like før fengslinga. Desse nektar han straffskuld for. Politiet meiner dei har videobevis av hendingane.

Høibys forsvarar Øyvind Bratlien kalla desse siktinga for «katastrofale feilvurderingar».

Politiadvokat Andreas Kruszewski svara at dei ville bruke veka godt.

Høiby er no sikta for truslar, vald, vald i nære relasjonar, brot på besøksforbod, skadeverk, og valdtekt. Det er seks fornærma i saka.

Publisert 27.11.2024, kl. 09.48 Oppdatert 27.11.2024, kl. 10.45

Read Entire Article