– Altså, eg har jo hatt veldig mange klientar som ein del vil omtale som gangsterar. Eg har hatt veldig mange gode resultat med det politiet kallar gangsterar.
Advokat Øyvind Bratlien ser fokusert ut der vi møter han på kontoret like ved tinghuset i Oslo sentrum.
Frå å vere ein anerkjend, men for folk flest ukjend, advokat – har livet endra seg heilt for Øyvind Bratlien.
Han har lenge vore ein populær advokat for mange med svært alvorlege skuldingar mot seg – og i «miljøet» er han kjend for å ta på seg tøffe saker.
– Eg vil helst bli kalla for forsvarar, ikkje gangsteradvokat.
I starten av august blei Marius Borg Høiby pågripen og sikta etter ei valdshending på Frogner.
Kort tid etter ringer telefonen til advokaten. Høiby vil gjerne ha Bratlien som sin forsvarar.
– Eg var ikkje i tvil då han ringde. Eg er stort sett aldri i tvil når folk ringer og ber meg om hjelp.
– Var du overraska då Høiby tok kontakt med deg?
– Både ja og nei, seier Bratlien og trekker på smilebandet.
Øyvind Bratlien på veg til nye rettsmøte. Han er i dag ein mykje brukt forsvarsadvokat i Oslo.
Foto: Torstein Georg Bøe / NRKI søkelyset
Det har snart gått fire månader sidan sonen til Mette-Marit tok ein telefon til Bratlien.
– Eg trur han har merka seg kva saker eg hatt og kva eg har fått til tidlegare.
Sidan august har siktinga mot Høiby blitt utvida fleire gonger og han var nyleg varetektsfengsla i éi veke.
Bratlien og folk på kontoret hans var i kontakt med Høiby i fengselet kvar dag.
Vel vitande om at Marius Borg Høiby og dei han er sikta for lovbrot mot har vore i eit enormt søkelys.
At også framtida for det norske kongehuset har blitt trekt inn er ein del av belastninga for Høiby, meiner Bratlien.
– Eg forsvarar Høiby, og det gjer eg på same måte som eg skulle forsvart kven som helst andre, slår han fast.
Advokaten er samd i at saka har blitt meir alvorleg med to siktingar for valdtekt.
Men han meiner framleis at Høiby aldri skulle ha vore fengsla.
Vaks opp på Stovner
Blant Bratlien sine klientar er det folk som har vore involverte i skyteepisodar, drap og tung narkotikatrafikk.
Men mest av alt jobbar han for å hindre justismord.
For å forstå det tar Bratlien oss med tilbake til oppveksten på Stovner i Groruddalen i Oslo.
Miljøet var tøft der då han vaks opp på 80-talet. For han blei haldningar heimanfrå og idretten redninga.
– Oppveksten og bakgrunnen min har jo eigentleg alt å seie for den eg har blitt i dag.
Med ei mor som var sjukepleiar og ein far som var snekker var det lite som låg til rette for at han skulle bli jurist.
Men ein ibuande skepsis førte han inn i nyheitene og i litteraturen.
Telefonen til Øyvind Bratlien kimar i eit sett. Det er slett ikkje alle han rekker å snakke med.
Foto: Torstein Georg Bøe / NRKLeste om Liland
– Då eg var 12–13 byrja eg å lese bøker om justismord. Det fanga verkeleg noko djupt, djupt inni meg.
Særleg var det justismordet mot Per Liland som vekte interessa.
– Eg hadde ingen realistiske forventningar om å bli advokat på den tida. Men så tok eg rettslære på vidaregåande og slik kom eg vidare, fortel Bratlien.
Han er ulasteleg kledd i mørk dress og slips. På handleddet ei dyr klokke og håret greidd bakover.
Det er slik advokaten likar at publikum ser han – engasjert for klientane sine.
Uansett om det er eit gjengmedlem eller eit medlem av kongehuset.
– Eg forsøker å snu alle steinar i alle saker. Eg trur på klienten.
Idretten har alltid vore viktig for Øyvind Bratlien. I dag er det fotball med kollegaer.
Foto: William Jobling / NRK– Førehandsdømd
Gjennom idretten i Groruddalen hamna Øyvind Bratlien i eliteserien i innebandy.
No spelar han på høgt nivå med ei av dei mest omtalte kriminalsakene på mange år i Noreg.
«Alle» snakkar om saka mot Marius Borg Høiby, men den som snakkar med han er Bratlien.
Høiby har innrømma skuld for nokre av sakene han er sikta for, men ikkje valdtektene.
– Han er 100 prosent førehandsdømd, slår Bratlien fast.
Bratlien fortel at han gir alt for sine klientar.
Men det er ei gruppe kriminelle vil han aldri noko med å gjere.
– Eg tar ikkje saker mot pedofile. Det gjer ingen på kontoret vårt.
Publisert 30.11.2024, kl. 20.06