Rundt 30 menneske hadde dukka opp for å sjå på ein konkurranse i ein park i New York på laurdag.
Nokre få menn kjempa mot kvarandre i ein såkalla look-a-like-konkurranse. Men det var ikkje om å gjera å sjå mest mogleg ut som Elvis Presley eller ein annan kjendis.
Dei kjempa om å sjå ut som mannen som no er sikta for å ha skote og drepe Brian Thompson, toppsjefen i helseforsikringsselskapet United Healthcare.
Det skriv New York Times.
Konkurransen er berre eitt døme på korleis mange amerikanarar no hyllar den mistenkte gjerningsmannen, i staden for å visa sympati med familien til den drepne toppsjefen.
Mannen vart arrestert måndag. Han har førebels ikkje forklart seg, men politiet seier at han hadde eit skytevåpen tilsvarande det som vart nytta til å drepa Thompson.
Ifølge politiet hadde han òg med seg eit dokument som dei meiner viser at han var kritisk til mellom anna det amerikanske helsevesenet, skriv ABC.
NRK kjenner ikkje til korleis den sikta mannen stiller seg til skuldingane eller om han har fått ein forsvarar.
Etter å ha vore etterlyst i fleire dagar, vart mannen i 20-åra arrestert måndag. Då hadde bilete frå overvakingsvideoar sirkulert i fleire dagar allereie.
Foto: Fox News via ReutersPå Facebook-innlegget der moderselskapet United Health Group kunngjorde dødsfallet, til dømes, har 35.000 brukarar reagert med latter-emojien, skriv NBC.
Same tendens kan ein sjå på Linkedin-sida til selskapet, der nokre til og med reagerte med klappe-emoji.
Selskapet enda med å stenga kommentarfeltet begge stader.
– Beskytt helten som gjorde guds verk
Ikkje minst: I sosiale medium flaumar det over av innlegg som anten hyllar den sikta direkte, eller som uttrykker glede over at Brian Thompson er død.
I ein video på TikTok samanfattar ein brukar det mange ser ut til å tenka no:
– Veit du korleis du kan vita om nokon er ein dårleg person? Når du vert skoten og heile verda heiar på den mistenkte skyttaren.
Kommentarfeltet under videoen – og under andre videoar – er òg fylt av støtte til den sikta.
- «Beskytt helten som gjorde guds verk i går»
- «Han er kanskje ikkje helten me ville ha, men han er helten me trong»
- «Han er ein amerikansk helt»
I sosiale medium har den sikta dessutan vorte kalla både «Robin Hood» og «Batman». Internett ser heller ikkje ut til å få nok av smilet til den sikta på bileta frå overvakingskamera.
Eitt av bileta som politiet delte i samband med etterlysinga, var av den mistenkte som smilte til ein kaféservitør.
Foto: NYPD / AFPMistieCart369:The SMILE of an Earth Angel 😇✨🙏
Nikolai (Derek n Ratio's wf):who is this DIVA 💜
em:that smiiillleeeee broooo 😫
★:New York City love story right here
Sexy Smart:What I say....the man looks GOOD! 🥰🥰🥰
– Svært urovekkande
The Network Contagion Research Institute (NCRI) ved Rutgers University har kartlagt tusenvis av innlegg på X som hyllar drapet på toppsjefen.
«Av dei ti innlegga med flest interaksjonar på Twitter/X som nemner Brian Thompson eller United Healthcare, uttrykker seks av dei anten eksplisitt eller implisitt støtte til drapet, eller nedverdigar offeret» skriv dei i ein rapport.
– Auken i innlegg i sosiale medium som hyllar og lovprisar drapet på United Healthcare-sjefen Brian Thompson er svært urovekkande.
Det seier Alex Goldenberg, rådgjevar ved instituttet, til NBC.
Han er spesielt bekymra for at drapet vert presentert som starten på ein større klassekrig.
– Det aukar faren for at liknande aktørar skal delta i liknande valdshandlingar.
Ein skal ikkje kimsa av den moglegheita, kommenterer Sigrun Marie Moss. Ho er professor i psykologi ved Universitetet i Oslo.
På same måte som fleire tilhengarar av Donald Trump meiner at det var rett å storma Kongressen, kan det vera at dei som er kritiske til forsikringsselskapa vil rettferdiggjera handlingar som drapet på Brian Thompson.
– Ein kan laga eit narrativ om at dette er folket som har tatt makta tilbake og kjempar for sine rettar og sin fridom. At selskapet er dei som har gjort noko feil mot drapsmannen, trur ho.
Sinne mot forsikringsbransjen
Men kvifor er folk så sinte på Brian Thompson at dei vil hylla den som er sikta for drapet hans?
Thompson var direktør i eitt av dei største forsikringsselskapa i USA.
Ifølge New Yorker hadde selskapet inntekter på over 3,1 billionar kroner i 2023. Sjølv tente han over 110 millionar kroner i fjor.
Amerikanarar får ikkje gratis helsehjelp på same måte som til dømes nordmenn.
Dei fleste er difor avhengige av å teikna privat helseforsikring for å ha råd til å betala for hjelp viss dei treng det.
Det er framleis ikkje klart kva motivet til for drapet var. Men politiet har sagt at Thompson ikkje var eit tilfeldig offer.
Brian Thompson var sjef for eitt av dei største forsikringsselskapa i USA.
Foto: UnitedHealth Group / APFleire amerikanske medium, mellom anna CNN, har fått opplyst frå politikjelder at kulene var graverte med orda «forsinka» og «avsetta» (engelsk: «delay» og «depose»).
Éin av teoriane til politiet skal vera at dette er knytt til eit vanleg uttrykk i forsikringsbransjen: «delay, deny, defend». Det minner òg om namnet på ei bok frå 2010 som er kritisk mot bransjen.
United Healthcare – og andre forsikringsselskap – har møtt krass kritikk frå både legar, pasientar og politikarar dei siste åra.
Dei vert mellom anna skulda for å avvisa forsikringskrav og for å gjera det vanskelegare å få helsehjelp. Kritikarar meiner selskapa sett helsa til folk i fare, skriv AP.
Frustrasjon over lang tid
Moss trur misnøya med forsikringsselskapa er ein del av grunnen til ordbruken i sosiale medium.
– Her kjem kjenslene, sinnet og frustrasjonen over dette øydelagde systemet til uttrykk. Så vert det kanskje kombinert med at dei bur i et samfunn der vald har vorte eit vanlegare verktøy.
Ho meiner kommentarane kan delast inn i to kategoriar:
- Dei ekstreme reaksjonane, som rett ut hyllar den sikta og oppfordrar til å skyta andre toppleiarar.
- Kommentarar i gråsona som ikkje rett ut støttar den sikta, men som viser forståing for det han er sikta for å ha gjort.
Samstundes meiner Moss det er viktig å tolka utsegna ut frå korleis det er vanleg å uttrykka seg i sosiale medium, og ut frå livssituasjonen til dei som skriv.
– Dei ser toppleiarar med høge lønningar og selskap som går med enorme overskot. Samstundes som dei trur dei er forsikra, men ikkje får dekka enorme kostnader på ungens kreftbehandling, nemner professoren som eit døme.
Det å visa støtte til den sikta kan rett og slett vera ein måte å kanalisera kjenslene sine på, seier Moss.
– Viss du har mykje frustrasjon som har bygd seg opp, og du føler at du ikkje kjem nokon veg med rettane dine, då kan det gje seg uttrykk i denne typen frustrasjon.
Guvernøren i Pennsylvania, Josh Shapiro, seier han forstår at folk er frustrerte over problema i helsevesenet – men at det ikkje rettferdiggjer hyllestene på internett.
– Denne drapsmannen er ikkje ein helt. Han burde ikkje hyllast, sa han på ein pressekonferanse måndag, ifølge ABC.
Er du interessert i utanriksstoff? Sjekk ut Urix på lørdag:
Publisert 10.12.2024, kl. 20.56