Infantino møtte pressa for første gong på tre år: – Er du flau?

4 days ago 19


– Eg håpar me kan snakke om fotball i dag. Eg veit det er andre emne, og me skal sjølvsagt snakke om dei òg – men eg ber dykk om å først og fremst fokusere på fotballen, starta Fifa-president Gianni Infantino.

Det er eitt døgn til fotball-VM startar, og Fifa-presidenten møtte pressa i Mexico City.

Den siste gongen han hadde ein skikkeleg pressekonferanse var for tre og eit halvt år sidan, i fotball-VM i Qatar i 2022.

Den gongen hadde han ein 59 minutt lang monolog der han mellom anna gjekk i strupen på Vesten og medieomtalen av meisterskapet.

Men onsdag gjorde han det annleis. Han heldt seg til 29 minutt. Og då han var ferdig opna han for spørsmål.

Gianni Infantino, president av FIFA, sitter bak et bord med fotball-VM-trofeet på sin venstre side. Infantino er iført en mørk dress og blått slips. En fotball ligger på bordet til høyre. Bak ham er en vegg med sponsorlogoer. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

GLER SEG: Fifa-presidenten gler seg til meisterskapet startar.

Foto: ALFREDO ESTRELLA / AFP,NTB

– Er du flau?

Det har lenge vore knytt spenning til meisterskapet i Mexico, USA og Canada. Fleire folk har vore usikre på om dei kjem inn i landet.

– Det var uheldig det som skjedde med Omar frå Somalia. Me kontrollerer ikkje alt. Me skal snakke og lytte, men nokre gonger må me kanskje halde oss rolege- eller «chill», sa Infantino.

Det er berre dagar sidan det blei klart av den somaliske dommaren Omar Artan ikkje får dømme under VM, fordi USA nektar han innreise. Også det Iranske landslaget har støtt på problem med innreise i landet.

Ein journalist frå BBC spurte Infantino om nettopp dette.

– Du har sagt kor inkluderande og ope dette VM-et skal vere – er du flau? Og aksepterer du at du har mista litt kontrollen over meisterskapet? spurte BBCs journalist Dan Roan.

Spørsmålet frå Roan var det første kritiske spørsmålet på pressekonferansen.

– Du er frå BBC? Sjå for deg at det at Storbritannia får meisterskapet for kvinner i 2035. Ville du funne det normalt at Fifa skulle diktere kven dei britiske styresmaktene skal sleppe inn i landet og ikkje?

Det svarte Infantino som tidlegare, under monologen, takka presidentane i kvart av dei tre vertslanda sine for meisterskapet.

– Dette er ikkje lett. De må stole på at me prøvar å finne løysingar. Det er noko me veit og ting me ikkje får vite, så me prøvar å gjere det beste ut av det.

Infantino blei spurd om han angra på at USA var blant vertslanda, tatt i betraktning utfordringane ein har møtt på i USA.

– Nei, eg angrar ikkje på noko, innleia Infantino.

– Dokker hugsar pressekonferansen min for tre og eit halvt år sidan. Utfordringane der var annleis, og truleg større. Eg følte eg måtte gje ei stemme til alle dei som ikkje blir høyrde. Det er utfordringar. Det er normalt for eit arrangement av ein slik storleik.

– Ein kan alltid håpe at det ikkje er nokre utfordringar, men det er det man må handtere. Nokre kjem frå USA, andre frå Canada og Mexico. Me handterer alle og har same positive innstilling. Forhåpentlegvis kan me løyse alle. Sannsynlegvis ikkje, men me gjer vårt beste, sa Infantino.

Gianni Infantino Donald Trump

KVEN VIL BETALE 1000 DOLLAR? Det er noko Donald Trump skal ha sagt om billettprisane i VM.

Foto: AP

«Kven vil betale 1000 dollar for ein billett?»

Då Fifa-presidenten innleia pressekonferansen var han innom mange av temaa mange har lurt på i samband med meisterskapet.

– Det er tre spørsmål som alltid dukkar opp. Iran, billettar og visum. Ikkje noko med fotball, men om pågåande situasjonar i verda, sa Infantino i monologen sin.

Etterpå kom det eit spørsmål frå Rob Harris i Sky News:

– Din venn, Donald Trump, sa «kven vil betale 1000 dollar for ein billett?». Statsminister i Storbritannia, Keir Starmer sa at det er uakseptabelt at fans blir utnytta og prisa ut. Tar Trump og Starmer feil, spurte Rob Harris frå Sky.

Og så starta eit langt svar frå Fifa-presidenten.

– Me har ein turnering kvart fjerde år som genererer inntekter. Dei resterande 47 månadene investerer me dei inntektene i utviklinga av fotballen. Ingen andre gjer det. Ingen! Ingen, gjentok han, i eit forsvar av den dynamiske prisinga og prisnivået.

– Som Fifa-president har eg ansvaret for å skape inntektene som tillèt Fifa å investere i alle desse landa, kor det normalt sett ikkje ville blitt investert. Viss ingen tenkjer på dei, så gjer me det. Me tenkjer på den majoriteten som ikkje snakkar. I Fifa har dei òg ei stemme, seier han, og legg til:

– På eit tidspunkt må me akseptere at demokrati ikkje berre er eit tomt ord. Viss me aksepterer demokrati, så må me akseptere at kvart medlem har éi stemme. Det er dette som gjer Fifa annleis enn alle andre.

Infantino trekte vidare fram mellomalderen.

– Det var land kor rike hadde fleire stemmer enn fattige. Kanskje nokon vil tilbake til det systemet, men det er ikkje rett. Takk for at det var mellomalderen, og at dette er det 21. hundreåret.

FIFA-president Gianni Infantino holder en pressekonferanse i Mexico City. Han snakker foran et bakteppe med FIFA World Cup 2026-logoen og diverse sponsorer. Ved siden av ham står en kopi av VM-trofeet. Bildet viser Infantino gestikulerende mens han snakker, med en fotball foran seg. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

MØTTE PRESSA: Infantino møtte pressa i Mexico City dagen før meisterskapet startar

Foto: Henry Romero / REUTERS,NTB

– Ganske frustrert

Etter 30 minutt, blei pressekonferansen avslutta.

I det vesle rommet i Mexico by sat nokre av journalistane fortumla. Var det alt?

Ein av dei var Tariq Panja. Han er sportsjournalist i New York Times, og har dekt saker om Fifa i 20 år.

– Me har ikkje hatt ein pressekonferanse med Gianni Infantino, Fifa-presidenten, på tre år. Det er ei veldig lang tid. Du kan berre førestille deg mengda med spørsmål, mengda med ting som har skjedd, både med dette VM-et og andre hendingar – eg hugsar ikkje alt. Så mykje har skjedd, seier Panja til NRK og held fram:

– Det me hadde her, var at Infantino snakka i ein halvtime i dette varme rommet, og så hadde me ein halvtime der me ikkje kom inn på alle desse reelle problema. Men han har gjort jobben sin no, og gått sin veg.

Panja er tydeleg frustrert når han pratar med NRK etter pressekonferansen.

– Eg er ganske skuffa. Ganske frustrert over at me ikkje fekk stille Fifa-presidenten eit spørsmål.

Panja fortel at han ønska å spørje om forholdet mellom han og USAs president Donald Trump. Har deira forhold resultert i noko bra for Fifa? For VM? Eller for Infantino sjølv?

– Har du ofra Fifas sjølvstende på alteret til den amerikanske presidenten, ønska han å spørje om.

Han trekkjer også fram brevet, som Lise Klaveness og Noregs Fotballforbund (NFF) sende for å støtte ein klage mot Infantino. FairSquare skuldar Fifa-presidenten for å ha brote reglane om å vere politisk nøytral då han gav USAs president Donald Trump Fifas fredspris.

Publisert 10.06.2026, kl. 23.52

Read Entire Article