Influensasesongen er i gang – FHI reknar med at mange blir sjuke framover

3 months ago 23


På NTNU i Ålesund kan ein høyre mykje hosting og harking i forelesingssalen, fortel student Kristine Hildre Dimmen. Ho er ein av dei som nyleg har vore sjuk.

– Totalt var eg sjuk i rundt 15 veker, det var ikkje noko gøy. Eg hadde ikkje lyst til å gå glipp av all undervisninga, så eg måtte berre møte opp, sjølv om eg var heilt tett i øyra og høyrde ingenting, seier ho.

oppblomstring av sykdom

Kristine Hildre Dimmen var plaga med sjukdom i fleire veker.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Auke den siste veka

Og studenten er ikkje aleine. I dag varsla Folkehelseinstituttet (FHI) at vinterens influensautbrot er i gang.

Påviste influensavirus i prøver auka kraftig førre veke, frå 12 prosent i veke to til 18 prosent i veke tre, melder dei.

– Det har vore ei stor auke den siste veka. Det tyder på at smitta er i ferd med å bre seg ut i befolkninga. Vi reknar med at det er mange som kjem til å bli sjuke dei neste vekene, seier overlege Trine Hessevik Paulsen i FHI.

Både influensa A- og B-virus er i omløp. I tillegg er det smitte av luftvegsinfeksjonen Mykoplasma pneumoniae, RS-virus og ulike koronavirus.

– Det brukar å vere ulike luftvegsvirus- og bakteriar rundt oss på same tid, og slik er det også no.

Lege Trine Hessevik Paulsen i Folkehelseinstituttet.

Trine Hessevik Paulsen, overlege ved FHI, seier dei har sett ei auke i influensasmitta den siste veka.

Foto: Kjartan Rørslett / NRK

– Ikkje for seint å vaksinere seg

FHI har tidlegare varsla at dei trur hovudtyngda av influensautbrotet blir i februar og i mars. Hessevik Paulsen seier at det framleis er for tidleg å seie kor stort utbrotet blir denne vinteren.

Akkurat no ser det ut som om smitten er litt høgare enn på det høgaste tidspunktet i fjor, men samtidig har vi tidlegare sesongar der det har vore langt meir smitte. Det er vanskeleg å seie korleis dette vil utvikle seg.

Overlegen minner om at det enno ikkje er for seint å vaksinere seg, både mot influensa og covid-19.

– Særleg dei i risikogruppa. For vi kjem til å ha smitte sirkulerande rundt oss i mange veker.

Har innført munnbindpåbod

Molde kommune har sett seg nøydd til å innføre munnbind på den interkommunale legevakta på grunn av smitte. Dei har òg hatt dei første innleggingane på sjukehus med influensa.

– Det blir ein forventa oppgang når mange er samla i jula. Men vi er litt uheldige i år, med at fleire av dei litt harde virusa treff oss samtidig, seier konstituert kommuneoverlege, Marit Teigen Hauge.

Molde Legevakt innfører munnbindpåbud

Marit Teigen Hauge, konstituert kommuneoverlege i Molde, seier at det er fleire bakteriar og virus som folk blir smitta av der.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

I tillegg til at influensasesongen er i gang, ser dei ein auke i korona, mykoplasma, RS-virus og metapneumovirus. Mykje noro- og rotavirus har dei også.

At det er fleire virus og bakteriar som kan føre til luftvegssymptom samtidig er utfordrande, seier Hauge.

– Det er veldig ugunstig, og særleg for dei mest sårbare.

Ho ber difor folk om å bruke munnbind dersom dei har luftvegssymptom og skal oppsøke plassar som apotek, lege, offentleg transport eller andre stadar med mykje folk.

– Elles er dei gode råda; handhygiene med såpevask, hosting i papir eller inn i olbogen og å hugse at handsprit ikkje tek avføringsvirusa.

Prøver å halde seg friske

Tilbake på NTNU i Ålesund prøver studentane å gjere sitt for å unngå å bli sjuke.

– Eg går biomarin innovasjon, så vi har masse fokus på tran. Så eg har blitt meir bevisst på å få i meg alle vitamina mine, vere ute og fokusere på helsa mi. Og å vaske meg ofte på henda, seier Kristine Hildre Dimmen.

Anneli Berglund har klart å halde seg frisk så langt. Ho er litt redd for å bli sjuk på campus.

– Det spreier seg fort når ein sit ilag på forelesingar eller møtes på fest. Eg prøver å halde meg unna dei som eg veit er sjuke, og kle godt på meg når eg er ute, slik at eg held meg varm. Det trur eg er viktig.

oppblomstring av sykdom

Anneli Berglund prøver å gjere det ho kan for å unngå å bli sjuk.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Publisert 23.01.2025, kl. 19.16

Read Entire Article