– Vi har ein valkamp vi skal planleggje. Vi har også ein rekke forslag vi skal ha inn til landsmøtet når partiet skal vedta eit nytt valprogram for neste stortingsperiode. Så vi kjem til å jobbe som vanleg, og med ein litt høgare intensitet i og med at det er valgår, seier Kjerkol til NRK.
Kjerkol seier det er viktig for henne at ho først er ferdig som fylkesleiar etter årsmøtet i Trøndelag Ap i mars.
– Vi har mykje arbeid vi skal komme i gang med nå frå nyttår for å planlegge valkampen godt, så ingen må oppfatte at eg har gått av ennå.
I november i fjor tapte ho kampen om å stå øvst på lista for Trøndelag Arbeidarparti.
Kjerkol har vore leiar for Trøndelag Arbeidarparti sidan august 2020.
Frå 2021 var ho også helse- og omsorgsminister, men gjekk i fjor av etter at det blei funnen tekstlikheitar i masteroppgåva hennar.