– Eg hugsar eg fekk kredittkortet i posten. Eg skjønte ikkje heilt kva det var for noko, men det var lettvinte pengar eg kunne bruke på det eg ville, seier Ingvild.
Ho tenker tilbake da ho flytta heimanfrå som 18-åring. Utan at ho hadde spurd om det dumpa det eit kredittkort ned i posten med ei grense på 10.000 kroner.
Pengane fekk fort bein å gå på og det var starten på eit liv i økonomisk uføre.
– Eg vil vere den stemma for andre som eg sakna, seier Ingvild.
Foto: Bjørnar Morønning / NRKI dag er ho ein del av statistikken der forbruksgjelda til nordmenn stadig aukar. Ifølgje Finanstilsynet er gjelda til nordmenn på over 168 milliardar kroner.
– Eg tenkte at eg kom til å klare å betale tilbake. Kvar månad måtte eg jo berre betale 500 kroner, seier Elvestad.
Det viste seg at ho ikkje klarte å betale tilbake.
Opna seg på foredrag
I dag er ho 33 år, einsleg forelder, har stor forbruksgjeld og er under offentleg gjeldsordning.
Ho anslår at ho sjølv har ei gjeld på 1,5 millionar kroner.
Men – det er eit men;
– Eg vart lei av å halde på fasaden og kjenne på pengeskamma. Da eg sa at eg hadde store økonomiske problem var det som om 20 kilo vart fjerna frå skuldrene mine.
– No får eg hjelp og eg vil hjelpe andre, seier 33-åringen.
33-åringen frå Follebu ynskjer å vere ei stemme for andre og håper historia hennar kan hjelpe andre.
Foto: Bjørnar Morønning / NRKI leilegheita i Follebu har ho pynta til jul, men det blir med pyntinga. Ho har ikkje råd til å kjøpe julegåver.
– Eg har teke mange dumme val opp gjennom livet som har ført til mykje gjeld. Vi snakkar om pengar når det går bra, men ikkje når det går dårleg. Det er skambelagt, seier Elvestad.
- Liv Olesen (25) er ein av fem i Noreg med dette yrket:
Ho tenkte ho kunne kjøpe seg lykke, kjøpe seg venner, jakte eige hus, og det var heller ikkje lett å bli mor som 19-åring.
– Alt rakna
At ho og sin daverande kjæraste kunne få bustadlån til å kjøpe eige hus er vanskeleg for ho å skjøne i dag.
– Det gjekk som det måtte gå. Huset vart tvangsseld og alt rakna. Straumen vart stengd og eg har aldri følt meg så mislykka, seier Elvestad.
Etter kvart så brente ho breva som kom i posten og fekk telefonangst.
Ingvild har søkt om offentleg gjeldsordning tre gonger – på det tredje forsøket lukkast ho med å få hjelp.
Foto: Bjørnar Morønning / NRKPå eit tidspunkt vart det veldig mørkt for ho, men heldigvis tok ho grep og fekk hjelp – etter å ha fått nei to gonger.
Til slutt fekk ho hjelp frå Namsmannen og i seks år er ho underlagt budsjettet dei har laga. Etter det må kreditorane slette krava.
– Eg trur mange unge har lett for å hamne i økonomisk uføre. Kvar dag får vi så mange inntrykk av kva som er mogleg å oppnå gjennom sosiale medium. Med få klikk er det så lett å kjøpe ting. Rekninga treng vi ikkje tenke på før seinare, og det kan bli dyrt.
Ved å dele sin historie vil ho at det skal bli meir openheit rundt personleg økonomi.
Dette er også ein av årsakene til at ho har skrivi og gjeve ut boka; «Den siste skam». No vil ho at det skal bli lettare å få oversikt over eige gjeld.
– For min del var det mange inkassoselskap å forhalde seg til og forskjellige krav fleire stader. Eg draumar om å endre bitte litt på systemet – og hjelpe andre. Og så håper eg ein dag at eg får ro.
Bankane har fått strammare reglar
Gry Nergård frå Finans Noreg, medlems- og arbeidsgjevarorganisasjon for banker, forsikringsføretak og andre finansføretak i Noreg, meiner det ikkje er for enkelt å få kredittlån.
– Det har vorte strengare å få usikra kreditt. Utlånsforskrifta sett strenge krav til kva du kan få av gjeld totalt sett og i 2019 fekk vi Gjeldsregisteret. Det gjer det lettare for bankane å få oversikt over kor mykje gjeld den enkelte har.
Hennar inntrykk er at bankane er restriktive med å gje ut lån til folk som ikkje klarer å handtere det.
Gry Nergård i Finans Noreg tilrår alle som slit økonomisk om å kontakte banken for å få råd og rettleiing.
Foto: Kari Nygard TvildeKjem med klart råd
Ho har eit klart råd til dei som slit økonomisk.
– Ta kontakt med ein rådgjevar i banken. Alle bankane har autoriserte rådgjevarar som ein kan be om ei avtale med og dei kan gje gode råd, seier Nergård.
Truls Bjelke er banksjef for privatpersonar i Sparebank 1 Gudbrandsdal.
– Dei aller fleste har ein fornuftig gjeldsgrad og låner til hus og bil. Den gjelda som oftast misligholdes er den gjelda som er usikra. Dette gjeld ofte spontane kjøp til sofa eller uventa utgifter, seier Bjelke.
Ofte kan det vere heilt naturlege grunnar til at folk bruker kredittkort.
– For folk flest er dette uproblematisk og i kredittkort kan det vere rabattordningar, bonusordningar og anna.
– Ta tak i gjeldsproblema
Det er få av kundane deira som hamner i gjeldsordning.
– Men banken kan gje god hjelp. Vi kan samle forbruksgjeld, gje eit refinansieringslån eller systematisere slik at gjelda kan bli betalt ned.
Truls Bjelke i Sparebank 1 Gudbrandsdal oppmodar dei som slit med gjeld å søkje råd hjå banken.
Foto: Bjørnar Morønning / NRKHan trur mange merker at vi har vore gjennom ei dyrtid og hatt ein del rentehevingar.
– Dersom ein slit med gjelda er det fyrste ein må gjere å erkjenne det. Deretter må du dele det med andre og søke hjelp. Det er mykje skam og tabu med å ikkje kunne betale rekningane sine, men vi oppfordrar alle til å ta tak i det.
Tilbake i Follebu sit ein kampklar og motivert 33-åring.
– Det er så bra å vere ope om det og få hjelp. Etter at eg delte er det fleire som har teke kontakt med meg og takka meg. Eg skal bruke all motgangen min til å gå i front og hjelpe andre, seier Elvestad.
Publisert 27.12.2024, kl. 17.07