– Vi og framtidige generasjonar vil ikkje gløyme at Iran var i midten av ein diplomatisk prosess med eit land som no er i krig med oss, seier Esmaeil Baqaei i iransk UD.
– To dagar før forhandlingane starta, angreip dei oss militært, legger han til, og viser til atomsamtalane mellom Iran og USA.
Viseutanriksminister Majid Takht-Ravanchi seier at Iran vil fram med opprikinga av uran trass i dei amerikanske angrepa mot iranske atomlager natt til søndag.
Han er sitert av det delvis statleg eigde Tasnim News.
Slik ser Fordow-anlegget i Iran ut etter det amerikanske angrepet natt til søndag.
Foto: MAXAR TECHNOLOGIES / REUTERS / NTB– Så lenge vi handlar innanfor det lovlege rammeverket, kan ingen fortelje oss kva vi skal gjere, seier Takht-Ravanchi vidare.
Søndag kveld sa ein av rådgivarane til Irans øvste leiar at landet framleis har opprikt materiale på lager.
– Sjølv om atomanlegg er øydelagde er det ikkje game over, seier rådgivaren, Ali Shamkhani i eit innlegg på X.
Beskjed til «gamblaren» Trump
– Herr Trump, gamblaren: du kan vere den som starta denne krigen, men vi vil vere dei som gjer slutt på den.
Det seier ein talsperson for ei grein av det iranske militæret, Ebrahim Zolfaqari, i ein video måndag.
Beskjeden til USA blei formidla på engelsk.
Søndag kveld landa dei amerikanske bombeflya på Whiteman Air Force Base etter å ha angripe mål i Iran.
Foto: David Smith / AP / NTBZolfaqari truar med «alvorlege konsekvensar» etter det amerikanske angrepet mot fleire iranske atomanlegg, og seier det har utvida Iran si liste over militære mål:
– Islams soldatar vil påføre dykk alvorlege, uføreseielege konsekvensar med mektige, målretta militære operasjonar.
USA har bede sine diplomatar i Irak og Libanon om å reise ut av landa, og har også evakuert amerikanarar frå Israel, melder AFP.
IAEA ber om innsyn i iranske atomlager
Det internasjonale atomkraftbyrået (IAEA) krev måndag at deira inspektørar får tilgang på Iran sine atomlager for å «få greie på» kva dei har av opprikt uran.
Dette sa leiar Rafael Grossi då FN-organisasjonen heldt krisemøte måndag på hovudkvarteret i Wien.
– Midt i ein alvorleg konflikt der tre IAEA-medlemsland er involverte, der Irans atomanlegg er under angrep, risikerer vekta av denne konflikten å kollapse den globale ikkjespreiingsavtalen, sa han.
Leiar for Det internasjonale atomkraftbyrået (IAEA), Rafael Grossi.
Foto: JOE KLAMAR / AFP / NTB– Men det finst framleis ein veg til diplomati. Vi må ta den. Dersom ikkje kan valden og øydelegginga nå utenkelege nivå.
Grossi seier vidare at det bryt med avtalen å flytte radioaktivt materiale frå eit sikkert anlegg til oppbevaring ein annan plass, utan å opplyse om dette til IAEA.
– Det må bli eit opphald i kampane for at forholda skal vere sikre nok, slik at Iran kan la IAEA-team inn på anlegga for å vurdere situasjonen, held han fram.
– Dette er mogleg. IAEA-inspektørar er i Iran, og dei er klare.
Forstår at folk er bekymra
Midtausten-ekspert og historikar Marte Heian-Engdal forstår at det er mange som bekymrar seg no.
– Det er den typen ingrediensar involvert: atomvåpen, stor konflikt, regional og amerikansk innblanding, seier ho.
– Det er på toppen av ein internasjonal situasjon som over lang tid har vore på veg nedover. Så dette her er ikkje lausrive frå krigane i Ukraina og Gaza.
Marte Heian-Engdal meiner det som skjer i regionen no kan skildrast som ein storkrig.
Foto: Alf Simensen / NRKSjølv om skadepotensialet er stort, både for landa som er involverte og verdsøkonomien, meiner Heian-Engdal det er vanskeleg å spå kva som skjer vidare.
Dersom det blir slik at Iran får eit nytt regime, får USA oppfylt eit ønske dei har hatt sidan 1979, seier ho. Men det er ikkje nødvendigvis ein bra ting.
– Regimeendring betyr på ingen måte at du får eit regime eller ein situasjon i Iran som gjer Israel eller USA tryggare, seier Heian-Engdal.
– Eg trur det er lurt å ta det langtidsperspektivet når vi skal vurdere klokskapen i det som skjer no.
Trur Iran er usikker på vegen vidare
Det at Iran enno ikkje har kome med eit motsvar til USA måndag morgon, kan tyde på at dei slit med å utvikle planen sin vidare.
Det seier Kristian Berg Harpviken er direktør for Det norske Nobelinstitutt.
– Dersom vi skal ta det litt grovt, har Iran tre moglegheiter. Den eine vil vere, avhengig av kva kapasitet dei har, eit kraftfullt angrep på amerikanske mål i Midtausten, seier han.
Kristian Berg Harpviken er direktør for Noregs Nobelinstitutt.
Foto: Mathea Hallingstad Laugen / NRKUSAs territorium er for langt vekke til at eit direkte angrep er aktuelt, men landet har mange mål og militært personell i Midtausten som no er utsette, meiner Harpviken.
Ei anna moglegheit er å gjere ingenting, seier han.
– For Iran er det framleis eit viktig utgangspunkt for at regimet skal overleve, at Iran ikkje endar opp i ei direkte konflikt med USA.
– Kostnaden her er at det vil få regimet, som allereie no truleg vaklar, til å sjå veldig svakt ut opp mot sitt eige folk.
Den tredje moglegheita er at Iran prøvar å ramme USA indirekte, legger Harpviken til.
– Det kan vere ved å bruke det som er igjen av Irans gamle proxy-styrkar, altså dei forskjellige styrkane i Midtausten.
– Houthiane er i stand til å råke internasjonale mål, for eksempel ved å stenge Hormuz-sundet for skipstrafikk. Då vil andre land kunne legge press på USA.
Trump hintar til regjeringsskifte
Seinast søndag sa USAs forsvarsminister Pete Hegseth at målet med angrepa mot Irans atomanlegg ikkje handla om eit regimeskifte, men å øydelegge landet sitt atomprogram.
Det same sa visepresident J.D. Vance i eit intervju med NBC News.
Folk samla seg i Los Angeles søndag for å demonstrere mot det amerikanske angrepet. «Krig? Verkeleg?» står det på eitt av skilta.
Foto: MARIO TAMA / AFP / NTBDifor vakte det stor oppsikt då president Trump skreiv dette på Truth Social få timar seinare:
– Dersom det noverande iranske regimet ikkje klarar å GJERE IRAN STORT IGJEN, kvifor skulle det ikkje bli eit regimeskifte??? MIGA!!!
Dette skal truleg bety «Make Iran Great Again».
Trump skal møte sitt nasjonale tryggingsteam klokka 19 norsk tid for å diskutere resultata av angrepet, melder Axios.
Det var også demonstrasjon mot krigen i New York søndag.
Foto: Olga Fedorova / AP / NTBUtanriksminister på Russland-besøk
Den iranske utanriksministeren Abbas Araghchi er måndag på besøk i Moskva.
Der skal han ha samtalar med president Vladimir Putin, melder det russiske nyheitsbyrået Interfax.
Den iranske utanriksministeren er på besøk i Moskva, og skal måndag ha samtalar med den russiske presidenten ifølge lokale nyheitsbyrå.
Foto: Fars Nyhetsbyrå / FarsIran ventar at Russland skal spele ei aktiv rolle i blant anna FNs tryggingsråd for å støtte iranske interesser i krigstid, seier iransk UD.
– Besøket og kontakt med russiske toppleiarar blir rekna som veldig viktig, seier talspersonen vidare.
Publisert 23.06.2025, kl. 08.23 Oppdatert 23.06.2025, kl. 11.47